Læreplan i rettslære - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (RTL1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Føremål

Lov og rett er ein av byggjesteinane i eit demokratisk samfunn. Kjennskap til lover og reglar er difor viktig både for den einskilde og for samfunnet. Lovverket i dag byggjer både på eldre norsk og europeisk rett. Lov og rett i Noreg heng òg saman med utviklinga i ei internasjonal verd. Rettslære skal gje innsikt i korleis det internasjonale rettssamfunnet fungerer.

Rettslære skal gje kunnskap om og forståing for rettsreglane slik dei er nedfelte i lover, føresegner og sedvanerett og syne korleis lovverket er ein del av kulturarven og det demokratiske systemet samfunnet er bygt på. Faget skal gje kunnskap om den rettslege stillinga den samiske folkegruppa har som urfolk i Noreg. Det skal òg gje innsikt i det internasjonale rettssystemet. Å utvikle kompetanse om korleis lover og reglar regulerer rettstilhøva mellom individ, mellom individ og samfunn og mellom statar, er sentralt i faget.

Rettslære skal utvikle evna til å tolke og bruke lovene både privat og i yrkeslivet og stimulere til refleksjon og kritisk tenking. Eitt føremål er å gjere eleven medviten om dei verdiane som er grunnleggjande i eit demokrati og fremje engasjement og interesse for å vere aktivt med i samfunnsutviklinga.

Rettslære skal bidra til at ein kan sjå ei sak frå fleire sider, skilje mellom rett og rettferd og reflektere over om lovene er juridisk og etisk gode. Opplæringa i faget skal vekkje interesse for juridiske spørsmål. Bruk av juridisk metode skal setje eleven betre i stand til å vurdere og løyse juridiske problem og konfliktar.

Å bruke rettsreglane vil seie å finne fram i lovverket, tolke det, utøve rettsleg skjønn og vurdere korleis rettsspørsmål kan avgjerast. Opplæringa i rettslære skal leggjast til rette slik at arbeidet med lærestoffet blir knytt til praktiske oppgåver, og slik at elevane får trening i å bruke rettsreglane for å løyse dei praktiske oppgåvene.

Side 1 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!