Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-03)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Etter 1T-Y - Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram

Tal og algebra

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • tolke, tilarbeide og vurdere det matematiske innhaldet i ulike tekstar
  • bruke matematiske metodar og hjelpemiddel til å løyse problem frå ulike fag og samfunnsområde
  • rekne med potensar med rasjonal eksponent og tal på standardform, bokstavuttrykk, formlar, parentesuttrykk og rasjonale og kvadratiske uttrykk med tal og bokstavar, og bruke kvadratsetningane til å faktorisere algebrauttrykk
  • omforme ei praktisk problemstilling til ei likning, ein ulikskap eller eit likningssystem, løyse det og vurdere kor gyldig løysinga er

Geometri

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for definisjonane av sinus, cosinus og tangens og bruke trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i vilkårlege trekantar
  • bruke geometri i planet til å analysere og løyse samansette teoretiske og praktiske problem knytte til lengder, vinklar og areal

Funksjonar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for funksjonsomgrepet og teikne grafar ved å analysere funksjonsomgrepet
  • berekne nullpunkt, skjeringspunkt og gjennomsnittleg vekstfart, finne tilnærma verdiar for momentan vekstfart og gje nokre praktiske tolkingar av desse aspekta
  • lage og tolke funksjonar som beskriv praktiske problemstillingar, analysere empiriske funksjonar og finne uttrykk for ein tilnærma lineær funksjon

Side 13 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!