Læreplan i industrisnikkarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ISN3-01)

Føremål

Industrisnikkarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan industriell produksjon av møblar og innreiingar. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessane og produkta. Vidare skal faget fremme økt innovasjonsevne og konkurransekraft i ein marknad der kvalitet og utsjånad er avgjerande.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utvikle faglig innsikt og praktiske ferdigheiter i drift og overvaking av produksjonsmaskiner og utstyr. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for at lærlingen utviklar kompetanse i prosessar som automatisering, gjenvinning og omstilling. Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar evne til kritisk vurdering og kan gjere medvitne val sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Opplæringa skal leggje til rette for praktisk og variert trening i framstillingsprosessar. Vidare skal opplæringa leggje til rette for arbeid etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og prosedyrar, arbeidsbeskrivingar og teikningar. Opplæringa skal fremme respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr. Fagleg utviklings- og forbetringsarbeid skal også vere med i opplæringa.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er industrisnikkar.

Side 1 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!