Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2008

Føremål

Industritekstilfaget, fiskereiskapar skal medverke til å utvikle kompetanse innan produksjon, montering og etterbehandling av fiskereiskapar. Faget skal leggje grunnlag for vidareføring av gamle fiskereiskapstradisjonar og utvikling av nye produkt og metodar. Fiskereiskapsbedriftene møter stadig endringar i kvalitets- og marknadskrav. Faget skal derfor medverke til å utvikle kvalitetsmedvitne fagoperatørar med evne til nyskaping og fleksibilitet.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar evne til å arbeide sjølvstendig og sikkert med råmateriale, styringsverktøy og produksjonsutstyr. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for samarbeid med andre faggrupper og forståing for produksjonsprosessar frå filament til ferdig reiskap. Opplæringa skal også medverke til at lærlingen utviklar kunnskap om kjemiske prosessar.

Opplæringa i fiskereiskapsfaget skal leggje til rette for variert trening i planlegging, gjennomføring, vurdering, dokumentasjon og produksjon av fiskereiskapar. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at lærlingen tek i bruk ny teknologi og deltek i arbeid med kvalitetsforbetring. Arbeidet skal skje etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik. Spesifikasjonar og styringssystem skal stå sentralt i opplæringa.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i fiskereiskapsfaget.

Struktur

Industritekstilfaget, fiskereiskapar er samansett av fire hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Materiale og prosesskontroll

Industriell produksjon

Montering av reiskapar

Dokumentasjon og styring

Hovudområde

Materiale og prosesskontroll

Hovudområdet omfattar kontroll av råmateriale og prosessar. Det omfattar også val, bruk og handtering av råmateriale og innsatsvarer i samsvar med spesifikasjonar, instruksjonar og regelverk.

Industriell produksjon

Hovudområdet omfattar klargjering av råmateriale og innstilling av maskiner og utstyr. Vidare omfattar det styring og overvaking av prosessar og etterbehandling av produkt. Vedlikehald av maskiner og utstyr inngår i hovudområdet. Kvalitetssikring av produksjonen står sentralt.

Montering av reiskapar

Hovudområdet omfattar planlegging og gjennomføring av monteringsarbeid og ferdigstilling av ulike fiskereiskapar og produkt. Det omfattar i tillegg reparasjons- og serviceoppdrag.

Dokumentasjon og kvalitet

Hovudområdet omfattar planlegging, gjennomføring og dokumentasjon. Produksjonsstyringssystem og krav til kvalitet inngår. Systematisk registrering og rapportering er ein del av hovudområdet. Samarbeid med andre faggrupper og arbeid i tråd med krava til helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industritekstilfaget, fiskereiskapar forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i industritekstilfaget, fiskereiskapar inneber å drøfte faglege løysingar og forbetringar med kollegaer og andre faggrupper.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industritekstilfaget, fiskereiskapar inneber å registrere og rapportere data og resultat i styringssystem og å utarbeide dokumentasjon i tråd med krava.

Å kunne lese i industritekstilfaget, fiskereiskapar inneber å forstå og følgje instruksjonar, prosedyrar, planar, datablad, spesifikasjonar og teikningar.

Å kunne rekne i industritekstilfaget, fiskereiskapar inneber å gjere overslag over materialbruk og kostnader.

Å kunne bruke digitale verktøy i industritekstilfaget, fiskereiskapar inneber å bruke databaserte verktøy og system for produksjonsstyring og kommunikasjon.

Kompetansemål

Etter Vg3

Materiale og prosesskontroll

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • gjennomføre mottakskontroll av filament og råmateriale og dokumentere kvalitet i tråd med spesifikasjonar
  • planleggje og leggje til rette produksjonsprosessar i tråd med spesifikasjonar og instruksar
  • kontrollere prosessar, registrere avvik, justere og optimalisere
  • handtere og oppbevare innsatsvarer i tråd med instruksjonar og gjeldande regelverk
  • velje innsatsvarer, materiale og utstyr til produksjon og grunngi vala
  • dokumentere at bruken av innsatsvarer er i tråd med miljø- og kvalitetskrav

Industriell produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • klargjere, stille inn og stille om maskiner og utstyr
  • klargjere råmateriale og innsatsvarer for produksjon av tau og snøre, knutenett og knutelaust nett
  • ekstrudere filament av råstoff i samsvar med spesifikasjonar
  • styre og overvake produksjonsprosessar
  • bruke og halde ved like produksjonsmaskiner og utstyr
  • tvinne, duktleggje, slå og flette tau i samsvar med arbeidsordrar
  • kveile, spole og hespe tau i samsvar med spesifikasjonar og krav til kvalitet og dimensjon
  • velje trådtjukkleik og maskestorleik og produsere nett i samsvar med arbeidsordrar og spesifikasjonar
  • træ, bøte, strekkje, skjere, klippe og maskebinde nett
  • farge, impregnere og etterbehandle produkt i samsvar med spesifikasjonar og gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • demonstrere kontrollutstyr og hjelpeprosessar i produksjonen og gjere greie for formålet med dei

Montering av reiskapar

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • stille inn, bruke og vedlikehalde maskiner og utstyr for montering
  • planleggje monteringsarbeid i tråd med spesifikasjonar og arbeidsordrar
  • vurdere og gjennomføre reparasjons- og serviceoppdrag
  • velje og bruke teknikkar og metodar for samanføring, ferdigstilling og bøting av produkt i samsvar med arbeidsordrar
  • rekne ut, måle opp og skjere til delar og komponentar til fiskereiskapar og produkt i samsvar med arbeidsordrar
  • montere og gjere klar fiskereiskapar og produkt i samsvar med spesifikasjonar

Dokumentasjon og kvalitet

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • utføre arbeidet i samsvar med gjeldande styringssystem og regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • registrere og rapportere i samsvar med dokumentasjonskrav og identifisere og rapportere avvik
  • handtere kjemikaliar, oljar, reservedelar og utstyr i tråd med gjeldande regelverk
  • foreslå forbetringar som gjeld materiale, tekniske løysingar og logistikk
  • setje i verk førebyggjande kvalitets- og miljøtiltak innanfor sitt eige ansvarsområde
  • drøfte tekniske løysingar, materialval og produktutvikling med kollegaer og andre faggrupper

Vurdering

Vg3 industritekstilfaget, fiskereiskapar

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Materiale og prosesskontroll

Industriell produksjon

Montering av reiskapar

Dokumentasjon og kvalitet

Alle skal opp til fagprøven, som normalt skal gjennomføres innenfor en tidsramme på to virkedager.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!