Testeksamen

Fylkeskommunane har bestemt at det er obligatorisk for alle vidaregåande skolar å gjennomføre testeksamen. Det kan variere om skolane gjennomfører med elevar eller berre med eigne tilsette, men vi oppmodar om å la kandidatane teste sjølve, særleg dersom dei skal gjennomføre eksamen i sikker nettlesar.

Gjennomfør testeksamen

Gå til kandidat.udir.no og vel "jeg har eksamen i dag".

Dato for testeksamen våren 2026

Dato GrunnskoleVidaregåande

Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

21. april

TST1007 EPS
TST1008 PGS
TST1009 safe exam browser

TST1019 EPS
TST1020 PGS
TST1021 safe exam browser

TST1049 EPS
TST1050 PGS

Testeksamen kan gjennomførast når som helst mellom kl. 09.00 og 18.00 på testdagen.

Testeksamen i PGS vert sett opp som todelt eksamen, med start for del 2 kl. 10.00

Kva er testeksamen?

Formålet er å teste teknisk oppsett og utstyr, ikkje fagleg innhald. Viss de ønskjer å teste fagleg innhald i eksamenar etter LK20 skal de bruke tidlegare eksamensoppgåver eller eksempeloppgåvene

Testeksamen er eit godt høve for øving og utprøving for eksamensvakter og eksamensansvarlege på skolane. Dei kan både prøve seg som kandidatar (ved bruk av fiktive kandidatar), og prøve ut monitorverktøya dei skal bruke på eksamensdagen.

Testing i to system

Det kan oppstå problem om de testar i begge gjennomføringssystema same dag, på same maskin. Dette problemet vil ikkje skje under den ekte eksamensgjennomføringa, sidan kandidatane gjennomfører eksamen i eitt system om gongen.
 
Om de ønskjer å testa som kandidat i begge gjennomføringssystema på same maskin, bør dei testa anten:

  1. med inkognitovindauge/Inprivate-vindauget/liknande og lukka mellom kvar test, eller
  2. i to forskjellige nettlesarar, ein for kvar fagkode

Påmelding til testeksamen

Skolane kan melde på kandidatar til testeksamen i PAS – eksamen. Skolen kan velje å melde på dei faktiske elevane sine til testeksamen, men det er ikkje nødvendig.

De kan raskt melde på heile grupper av fiktive kandidatar til testeksamen. Dette kan gjerast slik:

  • I PAS, gå til påmeldingsoversikt
  • Testeksamen vil vere open for påmelding, vel ein av testfagkodane
  • Lag ei ny kandidatgruppe i testfagkoden
  • Inne i kandidatgruppa, trykk på knappen "legg til fiktive kandidater"
  • Vel kor mange kandidatar, maks 30 per kandidatgruppe
  • Kandidatane får tilfeldige namn, men det kan endrast med knappen "rediger"
  • For å finna kandidatnummer og passord, gå til "kandidatnummer og passord"

Det er ikkje mogleg å melde på same kandidat til to ulike eksamenar same dag.