Ungdom i oppfølgingstenesta 2021–22

6 000 færre ungdommar i oppfølgingstenesta enn for 10 år sidan

Oppfølgingstenesta skal hjelpe ungdom som avbryt eller ikkje kjem i gang med vidaregåande opplæring eller arbeid. I juni 2022 var 13 500 ungdommar registrerte i oppfølgingstenesta. Dette er omlag like mange som året før.

Denne siden oppdateres årlig. Kontakt komkunnskap@udir.no for å få tilsendt eldre årganger.

Hovudfunn

  • Færre ungdommar er i oppfølgingstenesta som følge av auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og lågare årskull. I juni 2022 var det meir enn 6 000 færre ungdommar enn for 10 år sidan.
  • 2 av 5 ungdommar kjem i aktivitet i løpet av skoleåret, dei fleste av desse er i tiltak.
  • Halvparten av ungdommane er i oppfølgingstenesta to år på rad. Dette er på same nivå som tidlegare år.

Færre ungdommar i oppfølgingstenesta dei siste åra

Dei siste 10 åra har det blitt 6 000 tusen færre ungdommar i oppfølgingstenesta. Det er ein nedgang på 31 prosent og kan sest i samanheng med auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og lågare årskull.

Frå 2021 til 2022 var det 1 800 (0,7 prosent) færre ungdommar i Noreg i alderen 17 til 20 år. 5,3 prosent av alle ungdommar i Noreg mellom 17 og 20 år var i juni 2022 registrert i oppfølgingstenesta. Talet for 2021 var 5,2 prosent.

Frå 2021 falt talet på 19 og 20-åringar med høvesvis 7 og 3 prosent, eller nesten 400 ungdommar totalt. Same periode auka ungdommar mellom 17 og 18 år med høvesvis 11 og 4 prosent, eller om lag 500 ungdomar. Den fylkeskommunale oppfølgingstenesta rapporterer òg at fleire yngre slit meir etter pandemien og at auken kjem blant koronaungdommen.

Mange har ikkje søkt om skole- eller læreplass

Over ein tredel av ungdommane, 35 prosent, vart kontakta av oppfølgingstenesta fordi dei ikkje hadde søkt skule- eller læreplass. Delen er høgare blant gutar enn jenter. 30 prosent, eller 4 100 ungdomar, vart kontakta fordi dei slutta i skule eller lære i løpet av skuleåret. Dei resterande ungdommane har enten takka nei til plassen dei fekk (14 prosent), eller har andre grunnar til å ikkje vera i opplæring eller arbeid (21 prosent).

Det er særleg dei yngste som får hjelp av oppfølgingstenesta fordi dei har slutta i skule eller lære i løpet av skoleåret. Det gjeld nesten halvparten av dei som er 17 år eller yngre. Berre 14 prosent i den yngste aldersgruppa er i oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring. Blant dei eldste er det omvendt, 60 prosent av 20-åringane er tilmelde oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring, mens berre 14 prosent avbraut opplæringa i løpet av skoleåret.

2 av 5 ungdommar i oppfølgingstenesta er komme i gang med opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak

Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at ungdom i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. I skoleåret 2021–22 har 41 prosent av ungdommane byrja i opplæring, jobb eller tiltak etter å ha vore i kontakt med oppfølgingstenesta, og prosentdelen har auka tre år på rad.

Det er stor variasjon mellom fylka både når det gjeld delen ungdommar dei ikkje har fått tak i (ukjend status) og delen som har komme i aktivitet. Delen ungdommar med ukjend status er 43 prosent i Oslo og 14 prosent i dei nordlege fylka, mens han er på under 5 prosent i fleire av dei andre fylka. 58 prosent av ungdommane i Innlandet har komme i aktivitet i løpet av skoleåret, mens prosentdelen er 23 i Oslo.

Mange kjem ikkje i aktivitet

Om lag 7 700 gutar og 5 900 jenter var registrerte i oppfølgingstenesta skuleåret 2021–22. Ein større del gutar byrja i opplæring, jobb eller andre aktivitetstiltak enn jenter. Om lag 42 prosent av gutane og 39 prosent av jentene har komme i aktivitet. Totalt var 23 prosent av ungdommane i tiltak i regi av Nav. I tillegg var omtrent 6 prosent i ulike fylkeskommunale opplæringstiltak.

26 prosent av ungdommane har ikkje komme i aktivitet, men får oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Nokre ungdommar har oppfølgingstenesta ikkje fått kontakt med. Dette gjeld 8 prosent av målgruppa til oppfølgingstenesta. Delen er høgare blant gutar enn jenter. Det er òg ei relativt stor gruppe, 11 prosent, som er sjuke eller i institusjon. Dette er omtrent som året før.

Over halvparten er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad

Gjengangarar er ungdom som er registrerte i oppfølgingstenesta to skoleår på rad. Av dei ungdommane som var registrerte i oppfølgingstenesta ved slutten av skoleåret i 2021, er 53 prosent tilbake i juni 2022. Dette talet er på same nivå som året før. Delen ungdommar som er i oppfølgingstenesta gjekk litt opp under pandemien.

Det er forskjellar mellom dei ulike aldersgruppene. Dei yngste ungdommane kjem raskare tilbake til skulebenken eller i jobb enn dei eldste. I 2022 var 50 prosent av dei som er 17 år eller yngre gjengangarar. 19-åringane er i større grad i oppfølgingstenesta to år på rad. I 2022 var 57 prosent av ungdommane på 19 år gjengangarar.

Delen ungdommar som er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad varierer frå 60 prosent i Agder til 45 prosent i Oslo.