Fyrste delrapport

Sentrale styringssignal og lokale strategidokument

Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo har i oppdrag å analysere føresetnadene for  reforma Kunnskapsløftet. Den fyrste delrapporten frå dette prosjektet finst her. Analysen er ein del av eit større evalueringsprogram som skal gjennomførast i perioden 2006-2011.

  • Er strategiane og verkemidla som er valde i Kunnskapsløftet, utforma og dimensjonerte i tråd med intensjonane i reforma?  
  • Er strategiane og verkemidla utforma slik at ein kan seie at det er samanheng og konsistens i reforma?

Dette er hovudproblemstillingane for dokumentanalysen, som omhandlar samanheng og konsistens mellom intensjon, strategi og innføring av Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06) i grunnopplæringa.

Delrapporten byggjer på analysar av eit utval nasjonale styringsdokument og strategidokument til lokale skoleeigarar, og omhandlar ikkje dei faktiske realiseringane av reforma på skolane.   

Forskarane peiker på at eit hovudverkemiddel i innføringa av reforma ser ut til å ha vore erfaringsdeling lokalt,  og at dette verkemiddelet gir utdanningsstyresmaktene lite styring og kontroll over innføringa. 

Når det gjeld utforminga av LK06, viser forskarane til at sentrale aspekt ved reforma, til dømes tilpassa opplæring og fokus på læringsstrategiar, i varierande grad er innarbeidde i læreplanar for fag.

Ein kan finne att fleire ulike kunnskapssyn og elevsyn i dei tre delane av læreplanverket (generell del, prinsipp for opplæringa og læreplanane for fag). Verken i sentrale styringssignal eller i lokale strategidokument blir elevsynet i Kunnskapsløftet (LK06) drøfta.

I rapporten blir det også peikt på at det verkar som rettleiing og støtte til implementeringsarbeidet til skoleeigaren har vore mangelfull. Forskarane har funne liten grad av sjølvstende i utforminga av dei lokale strategidokumenta. Dokumenta er i stor grad gjentakingar av tekst i sentrale styringsdokument. Verken sentrale eller lokale dokument tematiserer føresetnader for å møte intensjonane i reforma. Dei er lite konkrete på kvifor det eventuelt er naudsynt å endre praksis, korleis den nye praksisen skal vere, og kva dei ønskte endringane eigentleg går ut på. Ein del skoleeigarar ser dessutan ut til å overlate mykje av implementeringsarbeidet til lokale skolar og lærarar.

Neste delrapport vil følgje opp funnet om det manglande sjølvstendet til dei lokale styringsdokumenta i høve til dei sentrale. Analysane vil særleg leggje vekt på spørsmål knytte til tilpassa opplæring, grunnleggjande ferdigheiter, læringsstrategiar og elevvurdering.

Rapportserie