Norsk hovudrapport frå demokratiundersøkinga

Elevar frå nordiske land har gode kunnskapar om og haldningar til demokrati og samfunnsborgarskap. Dette viser hovudrapporten om dei norske resultata frå den internasjonale demokratiundersøkinga ICCS.

ICCS (International Civic and Citizenship Education) kartlegg korleis elevane på ungdomssteget blir førebudde  på rolla som samfunnsborgarar. Ein kortversjon av hovudrapporten blei lagd fram i juni 2010.

Norske elevar viser gode haldninger

Studien viser at det store fleirtalet av elevane i Noreg har gode og tolerante haldningar, demokratiske verdiar, sterk tillit til samfunnsinstitusjonar og eit relativt høgt engasjementsnivå.

Ope klasseromsklima er viktig

Elevar som seier dei har eit ope klasseromsklima, har også gode kunnskapar om demokrati og medborgarskap. Norske elevar opplever i likskap med danske elevar at klasseromsklimaet er meir ope enn det dei finske elevane gjer.  

Samanheng mellom kunnskap og sosial bakgrunn

I likskap med anna forsking viser ICCS ein samanheng mellom foreldra sin yrkesstatus og utdanningsbakgrunn og elevane sine kunnskapar om demokrati og medborgarskap. Det politiske og samfunnsmessige engasjementet i familien har positive følgjer for kunnskapane til elevane.

God kunnskap om demokrati

Dei elevane som har gode karakterar, viser også god kunnskap om demokrati og medborgarskap. Det er ein klar samanheng mellom karakterane til elevane i matematikk og gjennomsnittskåren deira på kunnskapstesten i ICCS. Skoledugleik har relativt lite å seie for engasjementet. 

Jenter gjer det betre enn gutar

Jenter skårar betre enn gutar på kunnskapstesten. Dette er ei endring frå den førre undersøkinga - CivEd frå 1999. Den undersøkinga viste ikkje signifikant skilnad på resultata til gutar og jenter. I ICCS uttrykkjer gutane mest tru på seg sjølv og evnene sine til å vurdere og diskutere politiske spørsmål.

Forskarar frå Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo har hatt ansvaret for gjennomføringa og analysen av ICCS i Noreg. 

Hva er ICCS?