Delrapport 2

Gi rom for lesing! – evaluering av tiltaksplanen

Gi rom for lesing! er på rett veg og har medverka til merksemd, engasjement, entusiasme og fokus på arbeidet med lesing både på og utanfor skolen. Gi rom for lesing! er på veg til å ”bli heile skolens ansvar”. Tiltaksfloraen har auka, og det er god spreiing med omsyn til type aktivitet. Heilskapstenking og kreativitet har skapt nye former for samarbeid og tiltakskjeder, aktørmangfald og heterogene aktørnettverk.

Rapporten gir eit bilete av det skolebaserte arbeidet med Gi rom for lesing! Tiltaksplanen har på ulike måtar følgjer for store delar av skolen med ulike verkemiddel. Mange konkrete tiltak og aktivitetar er eit direkte resultat av støtte gjennom Gi rom for lesing! Området gutar og lesing er eit eksempel på korleis strategien har medverka til betydeleg nytenking. Ei rekkje aktørar på ulike nivå er no involverte i arbeidet. Skolar, skoleeigarar, organisasjonar, bibliotek, bokhandlarar, forfattarar, foreldre og mange andre er i ulik grad involverte. Evalueringa viser at satsinga har medverka positivt til å formalisere heilskapen rundt lesearbeidet. Fleire skolar har fått ein formell plan for sitt lesearbeid. Mange skoleeigarar har fått eit meir heilskapleg og planmessig forhold til lesing innanfor sitt område, men framleis kan mange skoleeigarar bli meir aktive deltakarar.

Gi rom for lesing! er godt forankra i skoleleiinga. Arbeidet i skolane heng nok framleis tungt på dei som tradisjonelt har arbeidd med lesing, dvs. norsklærarar og skolebibliotekarar. Likevel er dette eit arbeid som i auka grad involverer andre aktørar i skolen. Dette er i tråd med dei krava som blir stilte i Kunnskapsløftet, der lesing er ein av dei grunnleggjande ferdigheitene som skal gå på tvers av tradisjonelle faggrenser. Det er enno for tidleg å seie endeleg korleis Gi rom for lesing! har påverka leseferdigheit og leseaktivitet hos elevane, men deltakarane sine vurderingar og nokre forskingsresultat, tyder på at ein er på rett veg.

Rapportserie