Rett til heimeundervisning for sjuke elevar

Når elevar har langvarig fråvær på grunn av sjukdom, kan dei ha rett til heimeundervisning.

Ved kortvarig fravær

Når eleven har kortvarig fråvær på grunn av sjukdom eller andre årsaker, har ikkje kommunen eller fylkeskommunen plikt til å gi eleven opplæring på andre arenaer, til dømes i heimen. Kortvarig fråvær avkortar elevens rett til fastsett timetal, og eleven vil ikkje ha rett til å få kompensert dette fråværet.

Ved langvarig fråvær

Når eleven har langvarig fråvær på grunn av sjukdom, kan kommunen/fylkeskommunen ha plikt til å gi opplæring ein annan stad enn på skolen, for eksempel i elevens heim.

Kommunen og fylkeskommunens plikt til å gi eleven opplæring ein annan stad enn på skolen, for eksempel i heimen på grunn av langvarig sjukdom, følgjer av barn og unges rett og plikt til grunnskoleopplæring og ungdommens rett til vidaregåande opplæring. Kva som blir sett på som langvarig sjukdom, må vurderast i kvart tilfelle. Moment i denne vurderinga er elevens tilstand og forventa fråvær. Det avgjerande er om elevens sjukdom fører til eit fråvær som gjer at eleven ikkje får oppfylt retten sin til opplæring eller får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Når det blir gitt heimeundervisning på grunn av sjukdom, skal det gjerast enkeltvedtak om spesialundervisning på bakgrunn av sakkunnig vurdering. 

Les meir om spesialundervisning

Kven gjeld dette for?

Mange elevar er alvorleg eller kronisk sjuke. Ei gruppe som kan vere sjuke i lange periodar, og som har særskilde behov for tilrettelegging, er elevane som har ME (myalgisk encefalopati/kronisk utmattingssyndrom). Denne gruppa kan ha sjukdomsforløp som varer over fleire år, og moglegheita eleven har til å ta imot opplæring, endrar seg ofte i løpet av perioden. Kombinert heime–skole opplæring, god kontakt med skolen, respekt for vanskane til den sjuke er nokre av stikkorda som er viktige her.

Barn og unge med kroniske og/eller alvorlege sjukdommar, f.eks. kreftsjuke, kan også i periodar ha behov for opplæring både i heimen og i ein helseinstitusjon.

 

Privat heimeundervisning