Generell del av læreplanen (UTGÅTT)

Utgått

Det skapande mennesket

Særdrag ved mennesket er at det både kan fatte det tidlegare slektledd har tenkt og følt, bruke det dei har utretta og forma - og samtidig overskride dei grenser fortida sette ved nybrott og skaparkraft.

Oppfostringa skal fremje både lojalitet til det nedarva og lyst til å bryte nytt land. Da må ho gi både praktisk tame og innsikt - trene både hand og ånd.

Oppfostringa skal gi elevane lyst på livet, mot til å gå laus på det og ønske om å bruke og utvikle vidare det dei lærer. Barn startar på eit stort eventyr som med hell og omsorg kan vare eit livsløp. Skolen må lære dei ikkje å vere redde, men å møte det nye med forventning og verkelyst. Han må skape trong til å ta fatt og halde fram. Han må opparbeide vilje til å komme vidare, og utvikle energi til å motstå eiga vegring og overvinne eigen motstand.

Kreative evner

Det fremste mål for utdanning er utvikling. Opplæringa skal møte barn, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.

Forvitna åt barn er ei naturkraft. Dei er fulle av lærelyst, men også av fåkunne og utryggleik. Mykje av det dei lærer, hentar dei ved å ta etter eldre barn og dei vaksne; ved det blir dei sosiale. Dei utviklar sine skapande evner til å tenkje, tale, skrive, handle og føle ved å bli innlemma i dei vaksne si verd og tileigne seg deira dugleik.

For barn og unge er verda ny og derfor ikkje sjølvsagd. Dei kan famle og spørje om det vaksne tek for gitt, og har fantasi og førestellingsevne i rikt monn. Det røynleg set få grenser for tankane deira. Nyfikna åt barn er eit førebilete for alle som skal utvikle seg og lære, og ein del av den barnekulturen som har ein eigenverdi skolen må verne om og gjere bruk av i opplæringa - fordi barn også i stor monn lærer av kvarandre.

Skapande evner vil seie å oppnå nye løysingar på praktiske problem ved uprøvde grep og framgangsmåtar, ved å spore opp nye samanhengar gjennom tenking og forsking, ved å utvikle nye normer for skjønn og samhandling, eller ved å få fram nye estetiske uttrykk. Skapande evner kjem til utrykk både i forbetra maskinar, reiskapar og rutinar, i resultat frå arbeid og forsking, i kriterie for vurdering og avveging, i bygningar, målarkunst, musikk, rørsle og ord.

Undervisninga må derfor vise korleis oppfinnsemd og skaparkraft stadig har endra levekår og livsinnhald, og på kva historiske vilkår det har skjedd. Små og store landevinningar i fortida gir ikkje berre respekt for det menneske før oss har utretta. Dei viser også at framtida er open, og at dagens unge kan forme henne med sin innsats og sin fantasi. Kulturarven er ikkje einsidig retta mot fortida, men ein skapande prosess, der ikkje minst skolen er ein viktig deltakar.Men kreativitet føreset også læring: at ein kjenner element som kan kombinerast på nye måtar, og har innarbeidd nye tamar og teknikkar til å verkeleggjere det ein kan førestelle seg eller fabulere over. Reell kunnskap kan brukast til å stimulere både draum, fantasi og leik - og evne til å oppdage felles mønster på ulike område.

Tre tradisjonar

Opplæringa må derfor tuftast på og vise bidrag frå tidlegare tider, slik dei har nedfelt seg i menneska sine store tradisjonar for skapande arbeid, søking og oppleving. Kjennskapen til desse tre tradisjonane viser at kvar generasjon kan føye nye innsikter til røynslene frå dei føregåande, at vanetenking kan brytast og kunnskap ordnast på nye måtar - og at dei som veks opp no, vil yte skapande bidrag til dei som kjem etter. Undervisninga må derfor leggjast slik opp at elevar og lærlingar sjølve kan vere med og vidareutvikle praksis og hente inn ny kunnskap.

Den første av desse tradisjonane er knytt til praktisk virke og læring gjennom erfaring. Mange av dei ting som er ein del av menneskeleg velferd, er ikkje resultat av store sprang, men av ein lang serie forbetringar i små steg, i alle slags hjelpemiddel, reiskapar og rutinar - frå skrivemaskinar til symaskinar, frå klokker til komfyrar, frå byggjeskikk til arbeidsteknikk. Framgangen i samfunnet kjem ikkje berre av uvanlege bidrag frå nokre evnerike få, men av tallause ytingar over lange periodar frå ei stor mengd vanlege kvardagsmenneske. Gjennom atter og atter å møte dei same problema har dei gradvis utvikla godt handlag og sikker praksis i å bruke reiskapar og materiale. For å løyse oppgåvene betre, har menneska stegvis forbetra teknologi, verktøy og maskinar.

Opplæringa må formidle korleis levekåra stadig er førde framover gjennom generasjonar med prøving og feiling, ved famling og forsøk i det praktiske liv. Det gjeld også sosiale oppfinningar: konstitusjonelle styreformer, kollektive ordningar som fagforeiningar eller lovverk om miljøvern. Med kunnskap om denne delen av kulturarven og historia kjenner ein seg både trygg i tradisjonen og budd til brigde. I dei fleste verksemder, også innanfor opplæringa, har slike røynsler dels avsett seg som tagal tame, som sit i hendene og blir formidla ved bruk. Det er viktig å gjere denne kunnskapen medviten og setje ord på han, slik at han ikkje blir eit alibi for dårleg arbeid, men emne for refleksjon og debatt.

Den andre tradisjonen møter elevane gjennom skolefag, der ny innsikt er henta gjennom teoretisk utvikling og er prøvd ved logikk og erfaring, fakta og forsking. Ho blir presentert i språk og samfunnsfag, i matematikk og naturfag.

Opplæringa i denne tradisjonen omfattar trening i å tenkje - i å gjere seg førestellingar, undersøkje deira omgrep, dra slutningar og avgjere med resonnement, observasjonar og eksperiment. Dette går saman med øving i å uttrykkje seg klart - i å argumentere, drøfte og føre prov.

Den tredje er vår kulturelle tradisjon, knytt til menneskeleg formidling ved kropp og sinn, i idrett, kunst og handverk, i språk og litteratur, i teater, song, musikk og dans. Denne tradisjonen sameinar innlevingsevne og uttrykkskraft. Elevane må utvikle gleda ved det vakre både i møte med kunstnarlege uttrykk og ved å utforske og utfalde eigne skapande krefter. Alle bør få sjansen til å erfare både det kav det kan koste og den hugnad det kan hyse å gi kjensler form, tankar uttrykk og kroppen pårøyning. Det gir også teft for eige talent, der alle kan finne noko dei kan meistre og overraske seg sjølve med. Å øve tame, for både kunst og sport, gir sans for disiplin, syn for eige verd og verdsetjing av andres innsats. Å meistre gjennom strev, å øve følsemd og evne til å uttrykkje kjensler kan ein oppnå både i leik og virke, i glede og alvor.

Samtidig gir fri fabulering og fantasi, undring og dikting opningar for å skape livaktige, eventyrlege verder austanfor sol og vestanfor måne - og ved det blir røyndomsverda meir mangesidig og fantastisk for alle. Meir enn det: I møtet med skapande kunst kan ein rykkjast ut av oppgådde spor, utfordrast i synsmåtar og få opplevingar som eggjar til kritisk gjennomgang av gjengse oppfatningar og til brott med gamle former.

Kritisk sans og skjønn

På alle livsfelt krevst kritisk skjønn. Også det utviklar seg i møtet med desse tradisjonane.

Dømmekraft utviklar seg ved at ein vurderer ytringar og ytingar mot standardar. Å gi stilkrakter i idrett krev eit trena blikk; å bedømme kvaliteten på eit arbeid krev faginnsikt. Forstandig vurdering - evne til å fastslå kvalitet, karakter eller kor brukeleg tingen er - føreset modning ved gjenteken øving i bruk og problematisering av velprøvde standardar. I møtet med både kunstnarlege uttrykk og arbeidslivet sine normer for godt handverk og god form må inntrykka få tid til å felle seg ned, slik at dei kan vekse fram som sjølvstendige haldningar.

- Felles for dei tre tradisjonane er at dei føyer saman menneska sine evner til å skape og oppleve. Det viser korleis søking på ulike område har fått fram bidrag med varig verdi. Dei både framhevar den rike arven vi forvaltar frå fortida og gir kunnskap om det menneskeleg moglege for stadig vidare utvikling.

Mange verksemder og yrke koplar alle dei tre tradisjonane: Ein tømrar må ikkje berre vere nevenyttig og netthendt, men også vite kva ein bjelke toler av trykk og strekk, og ha standardar for ein godt utførd jobb og for eit vakkert utsjåande arbeid.

Allsidig åskodeleggjering av alle dei tre tradisjonane fremjar harmonisk personlegdomsutvikling. Derfor må opplæringa trene blikket og øve sansen for opplevingssidene ved alle fag: at naturen har sine lover, men også sin venleik og stordom; at kunstnarar kan prøve å fange og tolke han; at gode idear kan vekkje sterke kjensler og at innsikter kan givast vakker form, anten det er ved språkleg drakt eller ved oppstilling av ein formel.

Vitskapeleg arbeidsmåte og aktive elevar

Utdanninga skal ikkje berre overføre lærdom - den skal også gi elevane kompetanse til å skaffe seg og vinne ny kunnskap.
Oppfinnsam tenking inneber å kombinere det ein veit for å løyse nye og kanskje uventa praktiske oppgåver. Kristisk tenking inneber å prøve om føresetnadene for og dei einskilde ledda i ei tankerekkje held. Målet for undervisninga er å trene elevane både til å kombinere og å analysere - å utvikle både fantasi og skepsis slik at røynsle kan omsetjast til innsikt.

Vitskapleg arbeidsmåte utviklar både kreative og kritiske evner, og er innan rekkevidd for alle. Barn og unge er naturleg forvitne, fabulerande og eksperimenterande.

Innanfor forskinga styrer rådande oppfatningar det ein søkjer av fakta eller samanhengar. Samtidig er forsking ein framgangsmåte for å korrigere førehandstekne standpunkt, rådande teoriar og gjeldande omgrep - og for å utvikle nye. Vitskapleg metodikk består av prosedyrar for ikkje å bli lurt - av seg sjølv eller andre.

Øving i vitskapleg forståing og arbeidsmåte krev trening av tre eigenskapar:

  • evna til undring og å stille nye spørsmål
  • evna til å finne moglege forklaringar på
  • det ein har observert, og evna til gjennom kjeldegransking, eksperiment eller observasjon å kontrollere om forklaringane held.

Både ved eksempel og praksis bør opplæringa gi røynsle med desse trinna i forsking - som nettopp svarer til den naturlege vitelysta hos barn og unge: å observere, å søkje og finne forklaringar, å sjå implikasjonar og prøve sanningsverd.

Opp gjennom historia har menneska bygt ein felles arv av kunnskap som er nedfelt i ulike vitskapar. Denne kunnskapen er forma for å ordne, forstå og meistre ein mangesidig og kompleks røyndom. Forståing og teoriar er utvikla i eit samspel mellom menneske, samfunn og natur, der tankar og framgangsmåtar er prøvde mot kompliserte omgivnader. Slik er reiskapane våre, anten dei gjeld tanke eller teknikk, stadig blitt betre og meir verknadsfulle. Slik vil dei i framtida bli forbetra ved ny forsking.

Det er derfor vesentleg at elevane får del i denne kulturarven gjennom opplæringa. Samtidig er det viktig at dei ikkje oppfattar vitskap og teori som evig og absolutt sanning. Utdanninga må finne den vanskelege balansen mellom respekt for etablert kunnskap og den kritiske haldning som er nødvendig for å utvikle ny kunnskap og for å kunne ordne kunnskap på nye måtar. Utdanninga må medverke til solid kunnskap, men også til at elevane kan få forståing av dei avgrensingar som rådande tenkjemåtar alltid vil ha, og av at etablerte tankebygningar kan stengje for ny innsikt.

Og undervisninga må få tydeleg fram dei etiske spørsmål som forskinga sjølv reiser og dei moralske vurderingar som må gjerast når nytt innsyn oppnar for nye val. Den forsking som sprengjer grenser for det som er mogleg, må møtast av verdiar som set grenser for det som er tillate.