Påstander i Ståstedsanalysen (nynorsk)

Barnehagens verdigrunnlag 

1. I vår barnehage har vi ei felles forståing av barnehagens verdigrunnlag
2. I vår barnehage anerkjenner vi at barndommen har ein eigenverdi
3. I vår barnehage får alle barn oppleve demokratisk deltaking og medverknad
4. I vår barnehage gir vi barna felles erfaringar og synleggjer verdien av fellesskap
5. Vi synleggjer mangfald som ein ressurs i vår varnehage
6. I vår barnehage synleggjer vi samisk kultur
7. Personalet i vår barnehage reflekterer over eigne haldningar til likeverd og likestilling
8. I vår barnehage jobbar vi med berekraftig utvikling
9. Vi bidreg til at alle barn opplever trivsel, livsglede, meistring og følelse av eigenverd
10. I vår barnehage førebyggjer vi mobbing og er bevisste på det ansvaret vaksne har, dersom det skjer
11. I vår barnehage får alle barn moglegheit til ro, kvile og avslapping
12. I vår barnehage jobbar vi for at barna skal utvikle matglede og sunne helsevanar

Ansvar og roller

13. Personalet i vår barnehage diskuterer ulike roller og ansvar
14. I vår barnehage reflekterer heile personalgruppa rundt faglege og etiske problemstillingar
15. I vår barnehage jobbar alle med å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i eigne erfaringar og kompetanse

Barnehagens formål og innhald

16. Vi utformar det fysiske miljøet slik at alle barn får moglegheit til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar, og slik at leiker og materiell er tilgjengelege for barna
17. I vår barnehage tilpassar vi innhaldet til både enkeltbarnet og barnegruppa
18. I vår barnehage er atmosfæren prega av humor og glede
19. Vår barnehage er prega av omsorgsfulle relasjonar mellom både barn og vaksne
20. I vår barnehage har leiken ein viktig plass
21. I vår barnehage viser vi omsorg for det enkelte barnet og møter alle med openheit og interesse
22. Personalet tek initiativ til leik og bidreg til at alle kjem inn i leiken
23. I vår barnehage inspirerer vi til ulike typar leik både ute og inne
24. Personalet inviterer barna til utforskande samtalar og utfordrar deira tenking
25. Vi følgjer med på barnas kommunikasjon og språk, fangar opp og støttar barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, som er lite språkleg aktive, eller som har sein språkutvikling
26. Personalet støttar barnas identitetsutvikling og positive sjølvforståing
27. I vår barnehage stimulerer vi nysgjerrigheit, kreativitet og vitelyst hos barna
28. I vår barnehage introduserer vi barna for situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som kan gi ny innsikt
29. Personalet er merksame på barnas interesser og engasjement og legg til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
30. I vår barnehage får alle barn erfare at dei er viktige for fellesskapet
31. Personalet støttar barna i å finne gode løysingar i konfliktsituasjonar
32. Personalet bidreg til at alle kan få leike med andre og oppleve vennskap

Barns medverknad

33. I vår barnehage oppmuntrar vi barna til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagen
34. I vår barnehage observerer og følgjer vi opp ulike uttrykk og behov hos barna
35. I vår barnehage erfarer barna at dei har innverknad på det som skjer i barnehagen
36. Også dei yngste barna får medverke i vår barnehage

Samarbeid mellom heim og barnehage

37. I vår barnehage legg vi til rette for foreldresamarbeid
38. I vår barnehage legg vi til rette for forståing og god dialog med alle foreldra
39. I vår barnehage får foreldra medverke

Overgangar

40. Vi legg til rette for ein trygg og god start i barnehagen
41. Vi syter for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjende når dei byter barnegruppe
42. Vi legg til rette for at barna får ein trygg og god overgang til skolen og skolefritidsordninga
43. Vi lèt barna bli kjende med kva som skjer på skolen og i skolefritidsordninga
44. VI jobbar for at barna gleder seg til å begynne på skolen, og til å møte skolen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner

Barnehagen som pedagogisk verksemd

45. Personalet planlegg for å tenkje og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet
46. Planlegginga bidreg til progresjon for enkeltbarnet og barnegruppa
47. Planlegginga er utgangspunkt for refleksjon og utvikling av verksemda
48. Vår årsplan er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet
49. Vår årsplan synleggjer korleis barn og foreldre medverkar i planlegginga
50. I vår barnehage vurderer vi jamleg det pedagogiske arbeidet
51. Heile personalgruppa er involvert i felles refleksjonar rundt det pedagogiske arbeidet
52. I vår barnehage inngår barns erfaringar og synspunkt i vurderingsgrunnlaget
53. I vår barnehage har vi eit bevisst forhold til dokumentasjon og kva vi dokumenterer
54. I vår barnehage inkluderer vi alle barn i barnegruppa og i det allmennpedagogiske tilbodet

Barnehagens arbeidsmåtar

55. Personalet tek utgangspunkt i barnas erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i det daglege arbeidet i barnehagen
56. Vi vekslar mellom spontane og planlagde aktivitetar, og er opne for improvisasjon
57. Våre arbeidsmåtar bidreg til å realisere intensjonar i rammeplanen
58. Personalet planlegg og legg til rette for progresjon i barnehagens innhald for alle barna
59. Personalet bruker digitale verktøy med omhug og utøver digital dømmekraft
60. Personalet legg til rette for at barna utforskar, leiker, lærer og sjølv skaper noko gjennom digitale uttrykksformer

Barnehagens fagområde

61. I vår barnehage arbeider vi med alle fagområda som ein del av barnehagens innhald
62. I vår barnehage dannar barnas leik og engasjement eit viktig grunnlag for arbeidet med fagområda
63. Undring, utforsking og skapande aktivitetar pregar arbeidet med alle fagområda i vår barnehage 

  1. I denne barnehagen bidreg vi til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik
  2. I vår barnehage jobbar vi for at barna skal oppleve barnehagen som ein trygg og utfordrande stad der dei kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap
  3. I vår barnehage støtter vi alle barn i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine følelsar
  4. Om eit barn i denne barnehagen opplever krenkingar eller mobbing, vil vi i personalet handtere, stoppe og følgje opp dette
  5. I vår barnehage legg vi til rette for at kvart einaste barn får oppleve at det er ein viktig person for fellesskapet
  6. I vår barnehage syter personalet for at kvart einaste barn erfarer å vere i positivt samspel med andre barn og vaksne
  7. I vår barnehage bidreg personalet til at alle barn får leike med andre
  8. I vår barnehage syter personalet for at alle barn får oppleve vennskap og lære å halde på venner
  9. I vår barnehage samtalar vi om normer for samhandling og inviterer barna til i fellesskap å utforme normer for samhandling
  10. Personalet i denne barnehagen støttar barna i å ta andre sitt perspektiv og sjå ei sak frå fleire synsvinklar
  11. I vår barnehage støttar vi barna i å reflektere over eigne og andre sine følelsar, opplevingar og meiningar
  12. I vår barnehage støttar vi barna i å setje eigne grenser og respektere andre sine grenser
  13. I vår barnehage støttar vi barna i å finne løysingar i konfliktsituasjonar
  14. Personalet i denne barnehagen førebyggjer diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster
  15. Personalet i denne barnehagen stoppar diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster
  16. Personalet i denne barnehagen følgjer opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster
  17. I vår barnehage utformar vi det fysiske miljøet slik at alle barn får moglegheit til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar
  18. I vår barnehage utformar vi det fysiske miljøet slik at leiker og materiell er tilgjengelege for barna
  1. I vår barnehage syter vi for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel
  2. I vår barnehage anerkjenner og verdset vi barnas ulike språk og kommunikasjonsuttrykk
  3. I vår barnehage er vi bevisste på våre roller som språklege forbilete
  4. Personalet i vår barnehage stimulerer barns verbale og non-verbale kommunikasjon og legg til rette for at alle barn blir involverte i samspel og samtalar
  5. Personalet i vår barnehage bidreg til at språkleg mangfald blir ei styrking for heile barnegruppa
  6. Personalet i vår barnehage bidreg med å støtte fleirspråklege barn i å bruke morsmålet sitt
  7. I vår barnehage møter barna ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar
  8. Vi bidreg til at barna leiker med språk, symbol og tekst og stimulerer til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling
  9. Vi inviterer barna til utforsking av både munnleg språk og skriftspråk
  10. Personalet i vår barnehage bidreg til at barna uttrykkjer følelsar, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
  11. Personalet i vår barnehage bidreg til at barna bruker språk til å skape relasjonar, delta i leik og som reiskap til å løyse konfliktar
  12. I vår barnehage følgjer vi med på barnas språk og kommunikasjon
  13. I vår barnehage støttar vi barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, som er lite språkleg aktive, eller som har ei sein språkutvikling
  14. I vår barnehage bidreg vi til at barna får møte eit mangfald av eventyr, forteljingar, rytme, lydar og ord
  15. Vi bidreg til at barna vidareutviklar omgrepsforståing og bruker eit variert ordforråd
  16. I vår barnehage bidreg vi til at barna får oppleve spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale
  17. Vi inviterer barna til ulike typar samtalar der barna får høve til å fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  18. Personalet i vår barnehage oppmuntrar barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
  19. Personalet i vår barnehage inkluderer alle barna i språkstimulerande aktivitetar
  1. I vår barnehage /avdeling beherskar personalet samisk språk
  2. I vår barnehage/avdeling har personalet kunnskap om samisk kultur
  3. I vår barnehage/avdeling bidrar vi til å bevare den samiske kulturarven
  4. I vår barnehage/avdeling bidrar vi til å utvikle vidare den samiske kulturarven i vår tid
  5. I vår barnehage/avdeling synleggjer vi samisk språk
  6. Personalet i vår barnehage/avdeling bidrar til at barna blir kjende med mangfaldet i sin eigen kultur
  7. Personalet i vår barnehage/avdeling bidrar til at barna blir kjende med mangfaldet i andres kultur
  8. I vår barnehage/avdeling bidrar vi til at barna kan utvikle respekt for heile det samiske mangfaldet
  9. I denne barnehagen/avdelingen tar vi i bruk (samiske) tradisjonelle lærings- og arbeidsmetodar, på barna sine premissar i vår tid
  10. Vår barnehage/avdeling byggjer på ei samisk forståing av naturen
  11. I vår barnehage/avdeling bidrar vi til at barna kan leve i harmoni med naturen
  12. Personalet i vår barnehage/avdeling bidrar til at barna kan nyttiggjere seg og hauste av naturen
  13. I vår barnehage/avdeling er samisk historie og kulturytringar som duodji, joik og forteljingar ein del av innhaldet
  14. I vår barnehage/avdeling fremmar vi den samiskspråklege kompetansen hos barna
  15. I vår barnehage/avdeling bidrar vi til at barna får utvikle norskspråkleg og samiskspråkleg kompetanse
  16. I denne barnehagen/avdelingen byggjer årsplanen på den samiske årstidskalenderen
  17. I vår barnehage/avdeling tar arbeidet med fagområda utgangspunkt i samisk språk, kultur og tradisjonskunnskap
  1. Den digitale praksisen i barnehagen vår bidrar til leik, kreativitet og læring
  2. Dei digitale verktøya i barnehagen vår støttar læreprosessane hos barna
  3. Dei digitale verktøya i barnehagen vår bidrar til å oppfylle dei føringane rammeplanen gir for eit rikt og allsidig læringsmiljø
  4. Ved bruk av digitale verktøy i barnehagen vår er vi aktive saman med barna
  5. I vår barnehage bruker vi digitale verktøy med varsemd
  6. Vi bidrar til at barna utviklar ei begynnande etisk forståing for digitale medium
  7. Vi utøver digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøking og kjeldekritikk
  8. Personalet i vår barnehage utøver digital dømmekraft ved å ha eit bevisst forhold til opphavsrett
  9. Vi utøver digital dømmekraft ved å t vare på personvernet til barna
  10. Vi vurderer kor relevante og godt eigna dei digitale verktøya er
  11. Vi utforskar kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna
  1. I vår barnehage legg vi til rette for at barna skal oppleve trivsel, glede og meistring gjennom allsidig bevegelseserfaringar
  2. Vi bidra til at barna i barnehagen vår blir kjende med sine eigne behov og utviklar gode vanar for eit variert kosthald
  3. I vår barnehage bidrar vi til at barna blir trygge på sin eigen kropp, får ei positiv sjølvoppfatning og blir kjende med sine eigne kjensler
  4. Vi bidrar til at barna i barnehagen vår lærer å setje grenser for sin eigen kriopp og respekterer andres grenser
  5. I vår barnehage bidrar vi til at barna utviklar videre motoriske ferdigheiter og vurdere og oppleve at de meistrar risikofylt leik
  6. I vår barnehage er vi aktive og til stades for barna, og vi anerkjenner barnas meistring
  7. Vi bidrar til at barna tileignar seg gode vanar, haldningar og kunnskap om hygiene, aktivitet og kvile
  8. I vår barnehage gir vi barna tilgang til varierte og utforande bevegelsesmiljø, sanseopplevinga og kroppsleik ute og inne
  9. Vi legg til rette for at måltid og matlaging bidrar til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle
  10. I vår barnehage kjenner vi til og praktiserer føringar for helsefremmande og førebyggjande tiltak som gjeld barn
  1. I vår barnehage bidrar vi til at barna har tilgang til og bruker rom, materiell og ting som støttar opp om dei leikande og estetiske uttrykksformene deira
  2. Vi bidrar til at barna får ta i bruk fantasi, kreativitet og skaparglede
  3. I vår barnehage bidrar vi til at barna møter og deltar i eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og opplevingar
  4. Vi bidrar til at barna opplever glede over og er stolte av kulturen dei høyrer til
  5. I vår barnehage har vi samtalar med barna om deira eigne og andres kunstnariske og kulturelle uttrykk
  6. Vi er lydhøyre, anerkjennande og imøtekommande ovanfor tradisjonskulturen og barnekulturen barna høyrer til
  7. I vår barnehage motiverer vi barna til å utrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd
  8. VI er merksame på og har respekt for dei ulike kulturelle uttrykka og ytringsformene barna har
  9. Vi gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar, kunst- og kulturuttrykk og bidrar til at dette er til glede for heile barnegruppa
  10. Vi synleggjer og skaper etiske dimensjonar i inne- og uterom
  1. I vår barnehage legg vi til rette for at barna får utforske og eksperimentere med teknologi
  2. Personalet i vår barnehage utforskar og eksperimenterer med naturfenomen saman med barna
  3. I vår barnehage legg vi til rette for at barna får mangfaldige naturopplevingar
  4. I vår barnehage bruker vi naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  5. I vår barnehage får barna til og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar
  6. Personalet i vår barnehage gir alle barna høve til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
  7. Personalet i vår barnehage synleggjer naturfenomen for barna
  8. Personalet i vår barnehage reflekterer saman med barna om samanhengar i naturen
  9. I vår barnehage tilrettelegg vi for at barna får lage konstruksjonar av ulikt materiale
  10. I vår barnehage får barna kjennskap til berekraftig utvikling og korleis de kan ta vare på naturen
  1. Personalet i vår barnehage stimulerer barna til undring, nysgjerrigheit og motivasjon for problemløysing
  2. Personalet i vår barnehage støttar barnas glede over problemløysing
  3. Personalet i vår barnehage har ei felles forståing av kva for matematiske omgrep som skal brukast i kvardagen
  4. Personalet i vår barnehage bruker matematiske omgrep aktivt i kvardagen
  5. Personalet i vår barnehage har kunnskap om barns matematiske tenking og utvikling
  6. I vår barnehage bruker vi variert materiale for å inspisere barna til matematisk tenking
  7. I vår barnehage jobbar vi aktivt for å styrkje barnas nysgjerrigheit på og glede over matematikk
  8. Personalet i vår barnehage gjer barnas leik og kvardag rikare med matematiske idéar og utdjupande samtalar
  9. Personalet bidreg til at barna får undersøkje og kjenne att eigenskapar ved og sortering av ulike former
  10. I vår barnehage får barna leike og eksperimentere med tal, mengde og teljing
  1. I vår barnehage bidrar vi til at barna får kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanetisk arv og tradisjon og blir kjende med religionar og livssyn som er representerte i barnehagen
  2. Vi bidrar til at barna får utforske og undre seg over eksistensielle, etiske og filosofiske verdiar
  3. I vår barnehage bidrar vi til at barna får ei forståing for at det finst mange ulike måtar å forstå ting på og mange måtar å leve saman på
  4. Vi bidrar ril at barna utviklar interesse og respekt for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i ein fellesskap
  5. Vi bidrar til at barna får kjennskap til, forstår og reflekterer over grunnleggjande normer og verdiar
  6. I vår barnehage formidlar vi forteljingar og skaper rom for barns opplevingar, samtalar, erfaringar og tankar om religion, livssyn, etikk og eksistensielle tema
  7. Vi bidrar til at barna utviklar toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menne me ulik kultur, religion og livssyn
  8. I vår barnehage markerer vi høgtider, merkedagar og tradisjonar i kristen kulturarven og andre religionar og livssyn som er representert i barnehagen
  9. I kvardagen identifiserer vi verdikonfliktar, reflekterer over verdiprioriteringar og haldningar og har it bevisst forhold til korleis dette kjem til uttrykk i arbeidet med barna
  10. Vi Samtalar med barna om religiøse og kulturelle uttrykk og er bevisste på korleis vår eiga deltaking kan gi støtte og utvide barns tenking
  1. I vår barnehage oppmuntrar vi barna til å medverke i sin sigen kvardag
  2. VI bidrar til at barna erfarer at alle får utfordringar og like moglegheiter til å delta
  3. Vi bidrar til at barna blir kjend med nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
  4. I vår barnehage bidrar vi til at barna blir kjende med ulike tradisjonar, levesett og familieformer
  5. Vi bidrar til at barna blir kjende med at samane er Noregs urfolk og at dei får kjennskap til samisk kultur
  6. I vår barnehage bidrar vi til at barna får kjennskap til nasjonale minoritetar
  7. Vi sørgjer for at barna i barnehagen vår erfarer at deira eigne val og handlangarar kan påverke situasjonen for dei sjølve og andre
  8. I vår barnehage gir vi barna like moglegheiter, fremmar likestilling og motverkar diskriminering, fordommar, stereotype handlingar og rasisme
  9. Vi introduserer barna i barnehagen vår for personar, stader og institusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsel
  10. Vi gir barna begynnande kjennskap til betydninga av menneskettane, spesielt barnekonvensjonen
  1. I vår barnehage tilpassar vi det pedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader
  2. I vår barnehage arbeider vi målretta og systematisk med å inkludere alle barna i meiningsfulle fellesskap
  3. I vår barnehage har vi ei felles forståing av kva inkludering betyr i praksis
  4. I vår barnehage sørger vi for at barn som treng ekstra støtte tidleg får den pedagogiske og/eller fysiske tilrettelegginga som er nødvendig
  5. Vi vurderer tilrettelegginga undervegs og gjer justeringar i tråd med behova og utviklinga til barnet
  6. I vår barnehage ser vi på mangfald om ein ressurs i det pedagogiske arbeidet
  7. Vi er bevisste på at personalet er rollemodellar for inkludering av alle barn i leik og aktivitet
  8. Vi støttar og rettleier barna slik at alle kan delta i leik og samspel
  9. Vi strever etter ein praksis som vernar om retten som barnet har til medverknad, uavhengig av uttrykksform og kognitive føresetnader
  10. Vi er bevisste på at « barnet si stemme» kan komme til uttrykk og vise sg på mange ulike måtar hos ulike barn
  11. I Vår barnehage blir det vist i praksis at alle vaksne har ansvar for alle barna på avdelinga/ i gruppa – også dei som får særleg oppfølging av spesialpedagog og andre
  12. Vi legg til rette for at den spesialpedagogiske hjelpa primært blir gitt i barnegruppa/på avdelinga
  13. Vi lyttar til ønska og behov som foreldra uttrykker, og samarbeider i planlegging og vurdering av kvardagen og aktivitetane i barnehage
  14. Vi samarbeider med PPT, Helsesjukepleier, barnevern og eventuelle andre faginstansar om den inkluderande praksisen i barnehagen

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!