Læreplan i veg- og anleggsfaget Vg3 / opplæring i bedrift (VOA3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Føremål

Veg- og anleggsfaget har vegarbeid, grunnarbeid og arbeid med kommunaltekniske anlegg som sentrale arbeidsområde. Faget skal sikre samfunnets behov for vedlikehald og utbygging av infrastrukturen. Anleggsbransjen er i stadig utvikling, med nye maskiner, utstyr og arbeidsmetodar. Arbeidsoppgåvene må ofte utførast i vanskeleg terreng, og det er derfor viktig å ta vare på tryggleiken, både for seg sjølv og for andre. Anleggsarbeidaren handterer kostbare maskiner, og driftsstans kan få store konsekvensar.

Opplæringa skal medverke til å gi kompetanse på anleggs- og grunnarbeid knytt til bygging, drift og vedlikehald av vegar. Opplæringa skal leggje vekt på bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr. Vegbygging fører til store inngrep i naturen og miljøet, og opplæringa skal fremme ei medviten haldning til miljø- og ressursspørsmål.

Opplæringa skal fremme gode arbeidsvanar i samarbeid med kollegaer og andre yrkesutøvarar. Opplæringa skal sikre gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er veg- og anleggsarbeidar.

Struktur

Veg- og anleggsfaget består av fire hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Planlegging, stikking og oppmåling

Bygging og vedlikehald

Maskiner og utstyr

Bransjelære

Hovudområde

Planlegging, stikking og oppmåling

Hovudområdet handlar om arbeidsvarsling og sikring av byggjeplass og anleggsområde. Det omfattar også bruk av digitale måleverktøy til stikking og oppmåling. Det omfattar vidare planlegging av arbeidet i samsvar med teikningar og beskrivingar. Kontroll av underlaget og sikring av fastmerke og utmålte punkt høyrer med.

Bygging og vedlikehald

Hovudområdet handlar om oppbygging av vegar, tomter og kommunaltekniske anlegg. Det omfattar også enkle betongarbeid og grunnarbeid i samband med oppbygging av vegar og byggjefundament. Det omfattar grøftearbeid med legging og sikring av leidningsnett etter gjeldande regelverk og med preaksepterte løysingar. Vedlikehald av vegar, grøfter, sluk og stikkrenner står sentralt. Hovudområdet omfattar også planlegging og dokumentasjon. Gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Maskiner og utstyr

Hovudområdet handlar om bruk av maskiner og utstyr i samsvar med gjeldande regelverk og sertifiseringskrav for bruk av masseflyttingsmaskiner. Det omfattar også om vedlikehald av maskiner og utstyr.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om ulike typar materiale og produksjonsutstyr. Det omfattar også ulike typar vegar og anlegg, faghistorie og kva plass faget har i samfunnet. Hovudområdet omfattar vidare etiske retningslinjer i faget og helse, miljø og tryggleik.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I veg- og anleggsfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i veg- og anleggsfaget inneber å kommunisere med kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessar fram til det ferdige produktet. I tillegg vil det seie å diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.

Å kunne lese i veg- og anleggsfaget inneber å finne fram til relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, teikningar og arbeidsbeskrivingar.

Å kunne rekne i veg- og anleggsfaget inneber å gjere overslag over tid, kostnader volum, mengd og areal. Det vil også seie å bruke målestokk og måle og rekne ut vinklar og fall knytte til anleggskonstruksjonar.

Å kunne bruke digitale verktøy i veg- og anleggsfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det vil også seie å bruke digitale verktøy til måling, utrekning og føring av sjekklister i samband med kvalitetssikring.

Kompetansemål

Etter Vg3

Planlegging, stikking og oppmåling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje arbeidsoppgåver etter teikningar og beskrivingar
  • utarbeide framdriftsplanar for arbeidet og bestille materiale i samsvar med teikningar og beskrivingar
  • bruke digitale måleverktøy
  • bruke nivellerings- og oppmålingsutstyr til stikking av anleggstekniske arbeid
  • varsle om arbeid og sikre og sperre av byggjeplassar og anleggsområde etter gjeldande regelverk
  • kontrollere underlag og sikre fastmerke og utmålte punkt

Bygging og vedlikehald

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • fundamentere og komprimere for veg, grunnarbeid og kommunaltekniske anlegg
  • bruke preaksepterte løysingar for ulike typar arbeid
  • bruke og komprimere ulike massetypar
  • utføre enkle forskalings-, armerings- og støypearbeid
  • leggje rør og kablar og montere kummar
  • vedlikehalde vegar av ulik standard i samsvar med gjeldande regelverk
  • handtere overvatn i veggrøfter, sluk og stikkrenner
  • utføre arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • bruke eigna verne- og tryggleiksutstyr
  • dokumentere og vurdere arbeidet
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk
  • utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp

Maskiner og utstyr

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utføre arbeid i samsvar med krav til dokumentert og sertifisert tryggleiksopplæring
  • bruke maskiner og utstyr i samsvar med gjeldande regelverk
  • vedlikehalde maskiner og utstyr og gjere enkle reparasjonar
  • bruke vedlikehaldsmanualar

Bransjelære

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for historia til faget og drøfte kva plass faget har i samfunnet
  • gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk om dei rettane og pliktene kunden har, under dette reglar om klagerett
  • drøfte etiske retningslinjer i faget
  • drøfte kor viktig samhandling er på arbeidsplassen
  • gjere greie for ulike jord- og bergartar og kva bruksområde dei har
  • gjere greie for kva krav som gjeld for ulike typar vegar og anlegg

Vurdering

Vg3 veg- og anleggsfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Planlegging, stikking og oppmåling

Bygging og vedlikehald

Maskiner og utstyr

Bransjelære

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!