Læreplan i strikkefaget Vg3 / opplæring i bedrift (STR3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I strikkefaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i strikkefaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar om klede, tekstilar og strikketenester og om design, arbeidsprosessar, materiale og teknikkar.

Å kunne lese i strikkefaget inneber å forstå og bruke oppskrifter, faglitteratur og annan informasjon.

Å kunne rekne i strikkefaget inneber å konstruere mønster, utarbeide oppskrifter, rekne ut masketettleik, mønsterrapport og krymping. Det inneber dessutan å gi overslag over garnmengd, vekt, styrke, storleik, tidsbruk og pris.

Å kunne bruke digitale verktøy i strikkefaget inneber å hente og spreie informasjon og byggje opp eige fagleg nettverk. Det inneber òg å eksperimentere med form, farge og komposisjon, produktutvikling og produksjon. Vidare inneber det å dokumentere eigne handverksprodukt og tenester.

Side 4 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!