Læreplan i lyddesign - valfritt programfag i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MOK5-01)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 4. april 2016 etter delegasjon i brev av 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2017

Føremål

Lydbaserte medieprodukt utgjer ein stor del av det moderne mediemangfaldet. Lyd er eit sjølvstendig uttrykksmiddel og speler samtidig ei vesentleg rolle i ulike multimediale produksjonar i visuelle medium og journalistikk.

Faget lyddesign skal medverke til at eleven møter eit breitt spekter av lydproduksjonar og samansette tekstar som har element av lyd i seg. Faget skal også gi kunnskap om verkemiddel innafor lydproduksjonar, og korleis desse blir brukte i eigne og andre sine lydarbeid for å påverke haldningar, emosjonar og handlingar.

Opplæringa i lyddesign skal leggje til rette for å utvikle teknologikunnige, kreative og reflekterte elevar som kan vere med på å finne løysingar på nye og skiftande utfordringar innan lydproduksjon. Vidare skal opplæringa setje eleven i stand til å fortelje historier med lyd som verkemiddel. Det inneber å utvikle kompetanse om lydproduksjon i ulike sjangrar og ulike mediekanalar. Elevens kompetanse i å arbeide i samsvar med etiske normer og gjeldande regelverk er òg sentralt i opplæringa.

Struktur

Programfaget er strukturert i to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Fag

Hovudområde

Lyddesign

Lydproduksjon

Lyddesign

Hovudområde

Lydproduksjon

Hovudområdet omfattar opptak og design av lyd i ulike miljø og for ulike valfrie sjangrar og mediekanalar. Vidare dreier hovudområdet seg om korleis akustikk, støyforhold, mikrofonar og lydkjelder påverkar val og oppsett av utstyr og medieuttrykk. Bransjefaglege standardar for utstyr, produksjon og analyse er også sentralt i dette hovudområdet.

Lyddesign

Hovudområdet omfattar opptak og etterarbeid med lyd for å forsterke uttrykket og sluttføre ein produksjon. Kreativitet i bruk av dramaturgi, utstyr og teknologi er ein del av hovudområdet. Vidare omfattar hovudområdet etikk, og kunnskap om uttrykkshistorie for lydfeltet.

Timetal

Timetalet er oppgitt i 60 minutts einingar.

Lyddesign: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. I valfritt programfag lyddesign er dei grunnleggjande ferdigheitene forstått slik:

Munnlege ferdigheiter i lyddesign inneber å kunne samtale om, kommentere, vurdere og presentere eigne og andre sine medieprodukt ved hjelp av fagterminologi. Vidare inneber det å bruke stemma som verkemiddel i ulike sjangrar i eigne lydproduksjonar.

Å kunne skrive i lyddesign inneber å gjere greie for og drøfte problemstillingar knytte til eigne og andre sine medieprodukt. Vidare inneber det å produsere og presentere tekstar i ulike sjangrar i lydproduksjon.

Å kunne lese i lyddesign inneber å lese, tolke og forstå kva for rolle lyd speler i samansette tekstar av ulik kompleksitet og innan ulike sjangrar i ulike medium.

Å kunne rekne i lyddesign inneber å kunne setje opp ein produksjonskalkyle og forstå og bruke prinsippa for filstorleik og kompresjonsteknikkar.

Digitale ferdigheiter i lyddesign inneber å lage og arbeide med lyd og multimedieprodukt ved hjelp av bransjerelevante digitale verktøy og å bruke slike verktøy i publisering av medieprodukt. Det inneber også å bruke slike verktøy til å leite etter og utveksle informasjon. Vidare inneber det å utvikle kunnskap om opphavsrett og ha ein kritisk og sjølvstendig haldning til ulike typar digitale kjelder.

Kompetansemål

Lyddesign

Lydproduksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, vurdere, dokumentere og publisere ulike typar lydproduksjonar i ulike sjangrar og tilpassa ulike medium
  • gjere lydopptak i ulike akustiske miljø og drøfte val av mikrofonar
  • gjere opptak av og grunngi val av effektlydar og kontentum til medieproduksjonar
  • bruke fagterminologi, verktøy og programvare for opptak, redigering, miksing og mastring av lyd
  • gjere greie for, drøfte og bruke ulike filformat for lyd
  • gjere greie for, drøfte og bruke ulike publiseringskanalar for lyd

Lyddesign

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utforske, bruke og drøfte forteljarteknikkar og dramaturgi i eigne og andre sine lyduttrykk
  • bruke og drøfte eigne og andre sine lyduttrykk i ein uttrykkshistorisk samanheng
  • gjere greie for, drøfte og bruke etiske normer og gjeldande regelverk i eigne og andre sine lydproduksjonar
  • bruke fagterminologi i beskriving og vurdering av eigne og andre sine lydproduksjonar
  • bruke og vurdere ulike effektar og teknikkar i redigeringa for å forsterke ein bodskap
  • beskrive og tolke innhaldet i lydproduksjonar og gjere greie for den påverknaden lyd har

Vurdering

Reglar for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Fag

Ordning

Lyddesign

Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Fag

Ordning

Lyddesign

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Fag

Ordning

Lyddesign

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle reglane om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!