Arkitektur og samfunn
By- og stadutvikling
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- gjere greie for historia til ein stad og beskrive tilpassing av bustadbygginga til natur og landskap
- gjere greie for veksten av byane og kva dei har hatt å seie i historia
- vurdere moglegheiter for fysiske endringar innafor eit gitt område og utarbeide forslag til forbetringar
- visualisere arealbruk og infrastruktur gjennom teikning og digitale presentasjonar
- beskrive særpreget til ein stad og byggje modellar tilpassa natur og fysiske omgivnader
Form, teknologi og funksjon
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- forklare korleis teknologiske nyvinningar og nye byggjeoppgåver har påverka utviklinga av arkitekturen i historia
- visualisere storleikstilhøve og romdanning ved hjelp av menneskekroppen
- utvikle konstruksjonar i ulike materiale
- analysere og vurdere behov for ny utforming av rom ut frå funksjonskrav
- bruke digitale verktøy, teikning og modellar ved studium av rom og kunne diskutere kvalitet og utføring
Miljø og klima
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- beskrive og eksemplifisere berekraftige løysingar i arkitekturen
- gjere greie for korleis miljø- og klimautfordringar vil stille nye krav til eksisterande og framtidig utbygging
- visualisere og gjere greie for korleis klimaendringar og vêrfenomen som ekstremvêr, havstiging og flom kan utfordre staden og landskapet
- bruke teikning og digitale verktøy for å belyse lokale miljøutfordringar
Side 7 Av 8