Læreplan i industrisnikkarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ISN3-01)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Industrisnikkarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan industriell produksjon av møblar og innreiingar. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessane og produkta. Vidare skal faget fremme økt innovasjonsevne og konkurransekraft i ein marknad der kvalitet og utsjånad er avgjerande.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utvikle faglig innsikt og praktiske ferdigheiter i drift og overvaking av produksjonsmaskiner og utstyr. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for at lærlingen utviklar kompetanse i prosessar som automatisering, gjenvinning og omstilling. Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar evne til kritisk vurdering og kan gjere medvitne val sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Opplæringa skal leggje til rette for praktisk og variert trening i framstillingsprosessar. Vidare skal opplæringa leggje til rette for arbeid etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og prosedyrar, arbeidsbeskrivingar og teikningar. Opplæringa skal fremme respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr. Fagleg utviklings- og forbetringsarbeid skal også vere med i opplæringa.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er industrisnikkar.

Struktur

Industrisnikkarfaget er samansett av tre hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årstrinn

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produktutvikling

Produksjonsplanlegging

Møbelproduksjon

Hovudområde

Produktutvikling

Hovudområdet omfattar framstilling av prototypar og nullseriar. Vidare omfattar det materialeigenskapar og produkt- og produksjonsførebuing i samsvar med standardar og bransjenormer. Utarbeiding av skisser, jiggar og malar og digitale teikningar er ein del av hovudområdet. Det omfattar i tillegg produkt og produksjonsmetodar.

Produksjonsplanlegging

Hovudområdet omfattar utvikling av produksjonsgrunnlag. Bruk av teikningar og omtalar av ulike produkt og materiale inngår i hovudområdet. Vidare omfattar det utarbeiding av produksjonsplanar. Vareflyt, emballering og logistikk inngår i hovudområdet.

Møbelproduksjon

Hovudområdet omfattar maskinering, overflatebehandling og ferdigstilling av komponentar, møblar og innreiingar. Arbeidsteikningar, forklaringar og reglar for helse, miljø og tryggleik er ein del av hovudområdet. Vidare dreiar det seg om bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr. Materialeigenskapar, utnyttingsgrad og handtering av materiale og avfall høyrer med. Registrering og rapportering er også ein del av hovudområdet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industrisnikkarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i industrisnikkarfaget inneber å drøfte kvalitetskrav, produksjonsprosessar og faglege løysingar med kollegaer.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industrisnikkarfaget inneber å utarbeide dokumentasjon og rapportar for utvikling og planlegging av produksjonsprosessar.

Å kunne lese i industrisnikkarfaget inneber å forstå og bruke teikningar, instruksjonar, feilmeldingar, bruksrettleiingar og datablad.

Å kunne rekne i industrisnikkarfaget inneber å kalkulere produkt. Det inneber også å setje mål på arbeidsteikningar, å stille inn maskiner og å gjere utrekningar knytte til malar, masse, areal, trykk og blandingsforhold.

Å kunne bruke digitale verktøy i industrisnikkarfaget inneber å bruke maskiner og utstyr med digitale styresystem. Det inneber også å bruke digitale verktøy til konstruksjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produktutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere materiale ut frå kva funksjon og design produktet skal ha
  • vurdere materiale i tråd med krav til miljø, levetid og gjenvinning
  • vurdere samanføyingsmetode tilpassa produktet og dei maskinene og det utstyret bedrifta har
  • setje opp forkalkyle for produkt
  • utarbeide skisser, jiggar og malar, bruke digitale teikningar for produkt i tråd med standardar og bransjenormer
  • framstille delar til prototypar og nullseriar
  • foreslå produkt og produksjonsforbetringar innanfor eige arbeidsområde og grunngi forslaga

Produksjonsplanlegging

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje materialkvalitet og rekne ut materialmengd
  • bruke materiallister og flytskjema i tråd med produksjonsordrar
  • velje maskiner, utstyr og produksjonsmetodar i tråd med produkt og materiale
  • planleggje produksjon i tråd med teikningar, omtaler og produksjonsordrar
  • utnytte ressursane i bedrifta effektivt og lønnsamt
  • vurdere risiko i produksjonsprosessane i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • utarbeide produksjonsplanar i tråd med krav til produksjonsflyt, emballering og logistikk

Møbelproduksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke utstyr og teknikkar i tråd med produksjonsordrar og produksjonsplanar
  • klargjere og kontrollere materiale og komponentar til produksjon i tråd med spesifikasjonar og kvalitetskrav
  • maskinere emne og komponentar i tråd med arbeidsteikningar og beskrivingar
  • førebu og gjennomføre overflatebehandling i tråd med arbeidsforklaringar og kvalitetskrav
  • montere og gjere ferdig delar og produkt
  • pakke og emballere ferdige produkt til lagring og utskiping
  • utnytte materiale i tråd med materialeigenskapar og krav til avfallshandtering
  • bruke verneutstyr i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • registrere og rapportere avvik på materiale og utstyr under framstillingsprosessane
  • planleggje og utføre vedlikehald på maskiner og utstyr

Vurdering

Vg3 industrisnikkarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produktutvikling

Produksjonsplanlegging

Møbelproduksjon

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på åtte vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!