Desse kandidatane får individuelt tilpassa opplæring i utvalde delar av læreplanen. Lærekandidat er ein grunnkompetanse, som kan byggast vidare til yrkeskompetanse. Grunnkompetansen skal rette seg mot eit reelt behov i arbeidslivet og gi grunnlag for varig arbeid. Ordninga gjeld både for ungdom og vaksne. Opplæringa vert avslutta ved at lærekandidaten går opp til ei kompetanseprøve.
Fagopplæringskontora i fylka hjelper bedrifter og elevar med spørsmål om opplæring i bedrift.