Over halvparten av elevane tek eit av dei tre mest populære valfaga

Skoleåret 2020–21 kan skolane tilby opplæring i 16 ulike valfag. Likevel tek 55 prosent av elevane anten fysisk aktivitet og helse, friluftsliv eller design og redesign.

Hovedfunn

  • 55 prosent av elevane tek eit av dei tre største valfaga
  • Fysisk aktivitet og helse er fortsatt det mest populære valfaget.
  • Mange vel trafikk på 10. trinn
  • Det er høgare karaktersnitt i valfaga enn i andre fag.
  • Det er store forskjellar mellom gutar og jenter i kva fag dei vel

55 prosent av elevane tek eit av dei tre største valfaga

Skoleåret 2020–21 kan skolane tilby opplæring i 16 ulike valfag. Likevel tek 55 prosent av elevane eit av dei tre største valfaga:

  • fysisk aktivitet og helse
  • friluftsliv
  • design og redesign

Til saman tek 6 prosent av elevane dei 6 minste valfaga. Færrast elevar, under 2 prosent totalt, tek faga kulturarv, demokrati i praksis og reiseliv.

Elevar og prosentdel elevar som tek dei ulike valfaga (2020-2021)
ValgfagAntallAndel
Fysisk aktivitet og helse59 13632,2 %
Friluftsliv23 61712,8 %
Design og redesign18 67310,2 %
Produksjon for scene17 6639,6 %
Innsats for andre14 6398,0 %
Programmering10 9405,9 %
Trafikk8 9384,9 %
Teknologi og design7 3714,0 %
Produksjon av varer og tjenester6 7103,6 %
Medier og kommunikasjon5 8973,2 %
Ideer og praktisk forskning3 0281,6 %
Praktisk håndverksfag2 1951,2 %
Internasjonalt samarbeid1 6140,9 %
Kulturarv1 3150,7 %
Demokrati i praksis1 1500,6 %
Reiseliv1 0130,6 %
Sum valgfag183 899100 %

 

Innsats for andre og friluftsliv aukar mest

Ser vi på utviklinga frå 2014–15, er fysisk aktivitet og helse framleis det mest populære valfaget. Valfaget innsats for andre har dobla seg og har auka frå 4 til 8 prosent. Friluftsliv har auka frå 8 til 13 prosent og er no det nest største valfaget.

Faget programmering blei innført i skoleåret 2016–17, og i 2017–18 valde 2,9 prosent av elevane faget, flesteparten gutar. I 2020–21 valde 6 prosent av elevane faget. 9,8 prosent av gutane og 1,9 prosent av jentene tek faget. 426 av skolane gir opplæring i faget, noko som svarer til 34 prosent.

Merk: Faga programmering og praktisk handverksfag var ikkje oppretta i 2014 og viser dermed 0 deltakarar.

Mange vel trafikk på 10. trinn

Det er nokre forskjellar mellom årstrinna når det gjeld kva valfag elevane tek.

Den største forskjellen mellom 8. og 10. trinn finn vi for trafikk, som berre 0,1 prosent av elevane på 8. trinn tek, men som aukar til 12 prosent på 10. trinn. Hovudårsaka er at på 10. trinn kan faget bli tilrettelagt for delar av trafikalt grunnkurs, og at ein ikkje kan lærekøyre moped før ein fyller 15 år.

Vi ser ein stor forskjell mellom by og land for faget trafikk. I dei minste kommunane tek 15 prosent av ungdommane valfaget trafikk på 10. trinn,  i dei 10 største kommunane prosentdelen 6 prosent. 

Store kjønnsforskjellar

Gutane tek oftare programmering, teknologi og design, friluftsliv og fysisk aktivitet og helse enn jentene. Jentene tek i betydeleg større grad design og redesign, innsats for andre og produksjon for scene enn gutane. 

Ei evaluering frå 2015 viste at det i følgje skoleleiinga ikkje er nokon særskilt grunn til at valfaga er så kjønnsdelte. Faga kan ha utvikla seg til å bli «gutefag» og «jentefag» og elevane ønskjer ikkje  å vere einaste eller ein av få av kjønnet sitt i eit valfag (Dæhlen og Eriksen 2015).

 

Skolane gir i gjennomsnitt opplæring i fem valfag

25 prosent av skulane underviser i sju eller fleire valfag, mens 11 prosent ikkje tilbyr valfag. 91 prosent av elevane går på ein skole med minst fire valfag. I gjennomsnitt underviser skulane i fem ulike valfag.

21 prosent av skulane gir berre opplæring i eitt eller to valfag. Skolane kan ha tilbydd fleire, men avgrensa ressursar eller låg påmelding kan gjere at dei likevel berre har opplæring i eitt valfag.

Nesten halvparten av skulane som berre underviser i eitt valfag, har færre enn ti elevar på ungdomstrinnet. Desse skolane underviser i hovudsak i fysisk aktivitet og helse eller friluftsliv. Det finst nokre få skolar med over 100 elevar som berre tilbyr eitt valfag. Dette er private skolar med ein spesialisert profil, til dømes innanfor idrett. Delen skolar som tilbyr valfag

 

Skolar med fleire enn 300 elevar på ungdomstrinnet gir i gjennomsnitt opplæring i åtte valfag, mens skular med mindre enn 100 elevar i gjennomsnitt gir opplæring i tre valfag.

Høgare karaktersnitt i valfaga enn i andre fag

Sidan karakterane blei innførte, har dei gjennomsnittlege grunnskolepoenga auka frå 40,4 i 2013–14 til 43,2 i 2019–20, og delar av denne auken kan tilskrivast innføringa av karakterar i valfag.

Gjennomsnittskarakteren i valfag er 4,9. Faga med høgast gjennomsnittskarakter er innsats for andre og fysisk aktivitet og helse med 5,1 i snitt. Teknologi og design har lågast gjennomsnittskarakter med 4,6 i snitt. Jenter får gjennomgåande betre karakterar enn gutar.

Det ser ut til at karakterane tilfører valet av valfag eit strategisk element, ved at nokre elevar vel fag det er lett å få god karakter i, framfor eit fag dei synest verkar meir spennande (Dæhlen og Eriksen 2015).

I evalueringa frå 2015 var eit fleirtal av lærarar er negative til karakterar i valfag (Dæhlen og Eriksen 2015). Dei meinte at karaktersetjing verkar mot formålet fordi det kan gå ut over motivasjonen dersom elevane får dårlege karakterar. Lærarar kan òg oppleve det som vanskelegare å setje karakterar i valfag enn i andre fag fordi vurderingskriteria er meir uklare. 

Elevane var meir delte. Mange ville ha karakterar i valfaga fordi dei meinte at innsatsen blei dårlegare utan karakterar, eller fordi dei ønskjer å forbetre karaktersnittet sitt. Samtidig ønskjer dei at valfaget skal vere ein stad utan karakterpress 

Hovudinntrykket er at lite motiverte elevar har større innsats i valfagstimane, men elevar som er både skolefagleg svake og ikkje fysisk aktive, har vanskar med å finne seg til rette i valfaga (Dæhlen og Eriksen 2015).

Om karakterar i valfag

Om statistikken

Kjelder