Sysselsetjing av fagutdanna (2020 og 2021)

8 av 10 nyutdanna fagarbeidarar er i jobb første år etter fagprøva

80 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2020 og 2021 er i jobb eitt år etter utdanninga. Sysselsetjingsgraden er høgast i bygg- og anleggsteknikk. 

Hovudfunn

  • I alt var 80 prosent av dei nyutdanna i jobb første år etter fag- eller sveineprøva.
  • Blant praksiskandidatane var 95 prosent i jobb, mens prosentdelen er litt lågare for lærlinger med 74 prosent.
  • Bygg- og anleggsteknikk har høgast del nyutdanna i jobb.
  • Blant fylka er det Innlandet, Trøndelag og Nordland som har høgast sysselsetjingsgrad blant dei nyutdanna.

Høg sysselsetjingsgrad for praksiskandidatar

80 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2020 og 2021, var i arbeid i november året etter. Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat og elev. Sysselsetjingsdelen varierer mellom desse gruppene.
Av dei som fekk fag- eller sveinebrev som lærling, var 74 prosent i arbeid året etter, medan 19 prosent var i utdanning.

Nesten alle praksiskandidatar var i arbeid første året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid.

Av elevane som har fullført fagopplæring i skule, var 62 prosent i arbeid året etter. Fagopplæring i skule er eit tilbod til søkjarar som ikkje får læreplass, der elevane får opplæring i faget ved skulen i staden for i bedrift. 19 prosent dei som tok fagopplæring i skule, var utanfor arbeid og utdanning første år etter fagprøva.

Bygg- og anleggsteknikk har høgast del i arbeid

Sysselsetjingsstatus for nyutdanna fagarbeidarar varierer mellom utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 88 prosent. Tilsvarande del i design og handverk er 70 prosent.

Det er òg forskjellar i delen som verken er i arbeid eller utdanning. I restaurant- og matfag var 12 prosent verken i utdanning eller arbeid eit år etter fagprøva, medan tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag var berre 5 prosent. Sysselsetjingsdelen varierer også internt i utdanningsprogramma. Nesten alle, 95 prosent, som tek sjømatproduksjon er i jobb etter eit år, medan 65 prosent av dei som tek konditorfaget er i jobb etter eit år.

Nordland, Innlandet og Trøndelag har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb

Delen nyutdanna fagarbeidarar i jobb varierer frå 83 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 76 prosent i Møre og Romsdal.

Mange av fylka med lågast del i arbeid har dei høgaste delane som er i utdanning. Dei har altså ikkje nødvendigvis høge delar som står utanfor arbeid og utdanning. Møre- og Romsdal, med lågast del fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast del som held fram i utdanning.

Det er forskjellar mellom fylka i delen som er utanfor både arbeid og utdanning. I Troms og Finnmark, Agder og Oslo er 7 prosent av fagarbeidarane utanfor utdanning og arbeid, mens tilsvarande del er 5 prosent Nordland og Innlandet.

Stabil utvikling i sysselsetjing det siste året

Utviklinga i sysselsetjinga blant dei nyutdanna fagarbeidarane speglar den generelle sysselsetjingsutviklinga i økonomien. I 2020 var det stor uvisse i arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien, noko som gjorde det vanskelegare for nyutdanna fagarbeidarar å få jobb. Fleire fortsette med utdanning eller var både utanfor arbeid eller utdanning. Økonomien og sysselsetjinga betra seg i 2021 og fleire nyutdanna fagarbeidarar fekk jobb i 2021. Nokre fortsette òg med utdanning. I 2021 var det færre utanfor både arbeid og utdanning.

Frå årskulla 2015+2016 til årskulla 2020+2021 har det vore ein auke i talet på nyutdanna fagarbeidarar i arbeid etter eitt år på om lag 5 400 personar. Delen nyutdanna som er i arbeid har likevel ikkje auka med meir enn rundt eitt prosentpoeng i same periode.

1 av 3 som har fullført yrkeskompetansefag held fram med utdanning

Nærmare 3 700 elevar fekk eit vitnemål med yrkeskompetanse i 2020+2021. Over halvparten, 64 prosent, av desse elevane gjekk på helse- og oppvekstfag.

Av elevane som fekk eit vitnemål med yrkeskompetanse, er 53 prosent i arbeid første året etter dei er ferdige med utdanninga. 34 prosent er framleis i utdanning, medan 13 prosent verken er i arbeid eller utdanning. Delen som går ut i arbeid, er omtrent på nivå med delen frå åra før pandemien. Kulla 2019+2020 hadde derimot eit fall. Samtidig aukar delen som held fram med å utdanne seg.

6 av 10 av dei nyutdanna lærekandidatane er i jobb

Av dei 1 100 lærekandidatane som fekk kompetansebevis i 2020+2021, er 59 prosent i arbeid året etter. Dette er 4 prosent meir enn kulla 2019+2020, noko som isolert sett betyr at auken kjem frå 2021. 8 prosent er framleis i utdanning, mens 33 prosent verken er i arbeid eller utdanning.

Ulike vegar til yrkeskompetanse

Om statistikken

Kjelde