Sluttrapport

Stabilt karakternivå med færre halvårskarakterar i norsk

Kva skjer med norskopplæringa dersom elevane berre får éin eller to halvårskarakterar i faget? Til saman 184 vidaregåande skolar og 25 ungdomsskolar har undersøkt dette, og sluttrapporten viser at karakternivået held seg stabilt.

Elevar i ungdomsskolen og i studieførebuande utdanningsprogram i vidaregående skole skal ha tre standpunktkarakterar i norsk: ein i skriftleg sidemål, ein i skriftleg hovudmål og ein i munnleg norsk. Elevane får også tre karakterar ved kvar halvårsvurdering. Mange skolar har reglar som seier at kvar karakter i halvårsvurderinga skal vere dokumentert med to eller tre formelle vurderingssituasjonar, og derfor styrer dei tre karakterane i norskfaget svært mykje av tida i opplæringa. I 2013 starta eit omfattande forsøk der skolane kan gi éin eller to karakterar i halvårsvurderingane dei to første åra på ungdomstrinnet og Vg1-Vg2.

Inga endring i karakternivået

For å undersøke kva forsøket har hatt å seie for kva elevane lærer i norskfaget, har forskarane analysert standpunkt- og eksamenskarakterar frå 197 000 elevar. Analysen viser ingen forskjellar i karakternivå for elevar som har delteke i forsøket samanlikna med elevar som ikkje har delteke i forsøket. Det er heller ikkje mogeleg å sjå forskjellar på den gruppa som har fått halvårsvurderingar med éin karakter og den som har fått to karakterar.

Betre tid og grundigare skriveopplæring

Evalueringa viser at når talet på karakterar ved halvårsvurderingane går ned, gir det lærarane høve til å redusere talet på karaktergivande prøver som elevane normalt ville få kvart halvår. Lærarane fortel at forsøket dermed har gitt dei meir tid, slik at dei kan drive betre og meir variert opplæring. Særleg er skriveopplæringa endra fordi dei kan arbeide grundigare med elevtekstane. Det er motiverande, og mange seier at dei meiner dei har blitt betre lærarar. Nokre skolar seier at dei bruker meir tid til sidemålsopplæringa.

Behov for å utvikle det vurderingsfaglege språket

Når talet på formelle prøver går ned, gir lærarane fleire løpande tilbakemeldingar utan karakter. Dette samsvarer med prinsippa om læringsfremjande vurdering. Men rapporten viser at elevane ikkje alltid forstår tilbakemeldingane like godt. Dei er opptekne av kva nivå dei er på og oppfattar talkarakteren som tydelegare informasjon, for på Vg3 er det karakterane som betyr mest.

Forskarane tilrår at vi arbeider vidare med å utvikle kvaliteten på det vurderingsfaglege språket som lærarane nyttar i møte med elevane. Den viktigaste faktoren for å fremje læring dreier seg om korleis lærarane snakkar med elevane om læringsprosessane. Dette er meir komplekst enn spørsmålet om kor mange karakterar faget har. Forskarane tilrår også at formålet med halvårsvurderingane blir gjort klarare.

Færre karakterar i undervegsvurderinga i norsk gir ikkje mindre læring

Forsøket har omfatta meir enn 200 skolar, og forskarane veit ikkje kor mange lærarar som har lagt om undervisninga på grunn av forsøket. Dei kan likevel slå fast at endringane ikkje har påverka læringa på nokon negativ måte når vi ser alle elevane under eitt. Derfor seier rapporten at rutinane for halvårsvurderinga i norsk kan endrast utan at det svekker læringa i faget.

Rapportserie: Halvårsvurdering i norsk