Nasjonale prøver 2011 - fagmiljøenes analyse av prøvene

Dette er eit samandrag av dei tre analyserapportane frå gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2011. Det vart gjennomført nasjonale prøver i lesing og rekning på 5., 8.og 9. steget og i engelsk på 8. steget i grunnskolen.

Kvar av dei nasjonale prøvene vart gjennomført av om lag 60 000 elevar. Analysane byggjer på desse svara. Prøvene i engelsk og rekning er elektroniske, prøvene i lesing er på papir. Dei elektroniske prøvene er i tre versjonar, mens leseprøvene er like for heile steget.

Alle oppgåvene er nøye prøvde ut på førehand. Gjennom utprøvinga får ein informasjon om reliabilitet, validitet og p-verdi (vanskegrad), og prøvene blir sette saman etter grundige analysar ut frå kva for oppgåver som fungerer best.

I analyserapportane frå sjølve gjennomføringa blir oppgåvene presenterte med ein p-verdi som fortel oss kor stor prosentdel av elevane som klarte oppgåva. Har oppgåva ein p-verdi på 0,6, var det 60 prosent av elevane som svara rett. Det er òg rekna ut ein gjennomsnittleg p-verdi for kvar prøve, som seier noko om den totale vanskegraden prøva har.

Lesing 5. steget

Nasjonale prøver i lesing på 5. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og til å reflektere over innhald og form i teksten. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 4. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert.

Samandrag av analysen av leseprøva på 5. steget:

  • Prøva inneheld seks tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til norsk, naturfag og matematikk. Prøva inneheld 29 oppgåver knytte til tekstane.
  • Resultata frå prøva viser at elevane i gjennomsnitt klarte 60 prosent av oppgåvene. 2011-prøva er litt lettare enn prøvene det siste åra.
  • Det er stort spenn i vanskegraden i oppgåvene. På den lettaste oppgåva svarer 93 prosent av elevane riktig, mens på den vanskelegaste oppgåva svarer 21 prosent riktig.
  • 76 prosent av elevane klarer alle oppgåvene til den lettaste teksten i prøva som er Korleis er det å leve i verdsrommet? Den vanskelegaste teksten i prøva er Ein elska konge – Håkon den gode, og det er 55 prosent av elevane som klarer alle oppgåvene til denne teksten.
  • Oppgåver der elevane skal finne informasjon, er litt lettare enn oppgåver som krev tolking og refleksjon. Innanfor kvar av dei tre aspekta er det aukande vanskegrad på oppgåvene. I kategorien ”Å finne eksplisitt framstilt informasjon” spenner vanskegraden på oppgåvene mellom 53 og 93, i kategorien ”Å forstå og tolke” spenner vanskegraden på oppgåvene mellom 21 og 92, mens oppgåvene i kategorien ”Å reflektere og vurdere” har vanskegradar mellom 43 og 85.
  • Dei opne oppgåvene er noko vanskelegare enn fleirvalsoppgåvene, men forskjellen er liten i årets prøve.
  • Jentene gjer det gjennomgåande litt betre enn gutane på prøva. Gjennomsnittleg klarer jentene 68 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 65 prosent. Forskjellen er forholdsvis liten og er på same nivå som i 2010 og 2009.

Lesing 8. og 9. steget

Nasjonale prøver i lesing på 8. og 9. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og reflektere over innhald og form i teksten. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 7. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert. 

Samandrag av analysen av leseprøva på 8. og 9. steget:

  • Prøva inneheld sju tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til RLE, naturfag og matematikk. Prøva inneheld 42 oppgåver knytte til tekstane. Ved omsetjing til nynorsk oppstod det ein feil i ei av oppgåvene, og denne oppgåva vart teken ut av resultatgrunnlaget.
  • Resultata frå prøva viser at elevar på 8. steget i gjennomsnitt klarte 62 prosent av oppgåvene, mens elevane på 9. steget klarte i gjennomsnitt 68 prosent av oppgåvene. Det er altså ein gjennomsnittleg framgang frå 8. til 9. steget på omtrent 6 prosentpoeng.
  • Framgangen i leseferdighet frå 8. til 9. steget viser seg først og fremst i at ein større del av elevane på 9. steget finst på dei to øvre meistringsnivåa (4 og 5), men også i at færre har så låg lesekompetanse at dei hamnar på dei to lågaste nivåa.
  • Den vanskelegaste teksten i prøva er Ungdom i arbeidslivet, og 46 prosent av elevane på 8. steget og 54 prosent av elevane på 9. steget klarte alle oppgåvene. Dette er ein informasjonstekst frå ei nettside i ein bank, men sjølv om teksten skal vere for ungdom, er han prega av den språklege stilen vi kjenner frå lovtekstar og forskrifter. I tillegg skal elevane her både tolke og krysskople opplysningar som er lista opp på nettsida.
  • Den lettaste teksten i prøva er derimot novella Deportert midt i frukosten. 74 prosent av elevane på 8. steget og 79 prosent av elevane på 9. steget klarer alle oppgåvene til denne teksten. Novella er skriven i eit lettfatteleg og konkret språk, og handlinga blir kronologisk fortalt. Ingen av dei sju oppgåvene stiller krav til avanserte tolkingar, og med unntak av to oppgåver ligg alle p-verdiane godt over gjennomsnittet for prøva på 8. steget.
  • Det er stort spenn i vanskegraden i oppgåvene. På 8. steget svarer 97 prosent av elevane riktig på den lettaste oppgåva, mens det på den vanskelegaste oppgåva er berre 20 prosent av elevane som svarer riktig.
  • Aspektet Finne informasjon har ein samla vanskegrad som er svært nær gjennomsnittet for prøva som heilskap. Forstå og tolke er gjennomgåande litt vanskelegare for elevane, mens Reflektere og vurdere kjem ut som det lettaste aspektet i årets prøve. I dei tidlegare nasjonale leseprøvene på 8. steget har refleksjonsoppgåvene vore dei vanskelegaste for elevane. Når oppgåver som krev refleksjon ser ut til å vere dei lettaste i 2011-prøva, kan det ha samanheng med at heile seks av dei ni refleksjonsoppgåvene er fleirvalsoppgåver.
  • Det er skilnad mellom kjønna i den totale skåren på prøva. På 8. steget klarer jentene i gjennomsnitt 65 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 60 prosent av oppgåvene. På 9. steget klarer jentene i gjennomsnitt 71 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 65 prosent.

Rekning 5. steget

Nasjonale prøver i rekning er ikkje ei prøve i faget matematikk, men i rekning som grunnleggjande ferdigheit. Prøva er knytt til områda tal, måling og statistikk. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 4. steget der grunnleggjande ferdigheit i rekning er integrert.

Samandrag av analysen av rekneprøva på 5. steget:

  • Prøva inneheld 45 oppgåver. Prøva består av 20 oppgåver i området tal, 15 innanfor måling og 10 statistikkoppgåver.
  • I prøva er 29 oppgåver fleirvalsoppgåver, og 16 oppgåver er opne oppgåver.
  • Den totale vanskegraden i prøva er på 60 prosent. Elevane har klart å løyse 72 prosent av statistikkoppgåvene, 53 prosent av taloppgåvene og 55 prosent av målingsoppgåvene.
  • Oppgåvene varierer i vanskegrad frå 16 til 97 prosent. Det syner at prøva har stor breidd når det gjeld vanskegraden i oppgåvene.
  • Blant dei sju vanskelegaste oppgåvene er det fem oppgåver om tal, ei oppgåve om måling og ei oppgåve om statistikk, og alle bortsett frå målingsoppgåva er opne. Tre av oppgåvene med lågast p-verdi er oppgåver kor elevane må ta stilling til fleire opplysningar og velje riktig rekneart og metode for å finne løysinga. Blant dei lettaste oppgåvene er det fem oppgåver om statistikk og fire oppgåver om tal.
  • Gutar gjer det signifikant betre på prøva enn jenter. Skilnaden mellom gutar og jenter er mindre i prøva for 2011 enn i tidlegare nasjonale prøver i rekning på 5. steget.
  • Alle oppgåvene, så nær som ei, skil godt mellom svakt presterande og sterkt presterande elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.

Rekning 8. og 9. steget

Nasjonale prøver i rekning er ikkje ei prøve i faget matematikk, men i rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 7. steget. Prøva er knytt til områda tal, måling og statistikk.

Samandrag av analysen av rekneprøva på 8. og 9. steget:

  • Prøva har 58 oppgåver. Prøva består av 22 oppgåver i området tal, 24 innanfor måling og 12 statistikkoppgåver.
  • I prøva er 37 oppgåver fleirvalsoppgåver, og 21 oppgåver er opne oppgåver.
  • Den gjennomsnittlege p-verdien for heile prøva er 56 prosent på 8. steget. Det vil seie at elevane i gjennomsnitt løyste 56 prosent av alle oppgåvene riktig. For 9. steget er talet 61 prosent.
  • Elevane på 8. steget har klart å løyse 67 prosent av statistikkoppgåvene, 58 prosent av taloppgåvene og 48 prosent av målingsoppgåvene. For 9. steget er tala 71 prosent for statistikk, 63 prosent for tal og 54 prosent for målingsoppgåvene.
  • Oppgåvene varierte i vanskegrad frå 10 til 94 prosent på 8. steget. For 9. steget er variasjonen frå 14 til 94 prosent. Det syner at prøva hadde stor breidd når det gjeld vanskegrad i oppgåvene.
  • Resultata for 8. og 9. steget samsvarer når det gjeld dei oppgåvene som var vanskelege for elevane, og dei oppgåvene som har høg løysingsprosent. For alle oppgåvene gjeld det at løysingsprosenten på 9. steget er like høg eller høgare enn løysingsprosenten på 8. steget. Skilnaden mellom stega er minst blant oppgåver med høg p-verdi, og størst blant dei vanskelegaste oppgåvene.
  • Av oppgåver med størst auke i p-verdi frå 8. til 9. steget finn vi mellom anna to oppgåver som krev at elevane meistrar omgrepet prosent, og dei fleste av oppgåvene med størst auke krev rekning i fleire trinn. Det kan sjå ut som om elevane på 9. steget beherskar samansette oppgåver betre enn elevane på 8. steget.
  • Gutar gjer det signifikant betre på prøva enn jenter. Skilnaden er på 3,5 prosentpoeng på 8. steget og 2,9 prosentpoeng på 9. steget..
  • Gutane gjer det betre enn jentene innan tal og måling, mens jentene gjer det betre enn gutane innan statistikk. Kjønnsskilnadene er signifikante.
  • Alle oppgåvene skil godt mellom svakt presterande og sterkt presterande elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva, er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.

Engelsk 5. steget

Resultata frå prøva blir ikkje analyserte då prøva vart stoppa som nasjonal prøve.

Engelsk 8. steget

Nasjonale prøver i engelsk prøver delar av faget engelsk. Prøva måler delferdigheitene vokabular, leseforståing og grammatikk og tek utgangspunkt i kompetansemåla etter 7. steget. Det er tre ulike versjonar av prøva. Versjonane kan samanliknast med omsyn til innhald og vanskegrad.

Samandrag av analysen av engelskprøva på 8. steget:

  • Alle oppgåvene i engelskprøva kan skårast automatisk. Nokre av oppgåveformata kan likevel tolkast som ”opne” i og med at det ikkje er gitt svaralternativ.
  • Den gjennomsnittlege p-verdien for heile prøva er 61 prosent. Det inneber at elevane i gjennomsnitt løyste 61 prosent av alle oppgåvene riktig.
  • Både prøva sett under eitt og dei fleste enkeltoppgåvene skil godt mellom svake og sterke elevar. Det vil mellom anna seie at elevar med best resultat totalt på prøva også er dei som får til dei vanskelegaste oppgåvene.
  • I prøva er det ei veksling mellom lette og vanskelege oppgåver. Det er ein tendens til at dei fleste vanskelege oppgåvene kjem mot slutten av prøva.
  • Dei tre versjonane av prøva oppfører seg omtrent likt i elevgruppene.
  • Oppgåvene varierte i vanskegrad frå 20 til 90 prosent på 8. steget.
  • Den gjennomsnittlege poengsummen viser at det er små skilnader mellom gutane og jentene. Jentene skårar gjennomsnittleg litt høgare enn gutane.
  • I fire av oppgåveformata gjer jentene det klart betre enn gutane. Dette gjeld oppgåveformata Who could say, Gap, Grammar og Move paragraph. I formata Who could say og Move paragraph blir elevane presenterte for lengre tekstar, og dei treng å lese tekstane nøye for å kunne svare rett. Formata Gap og Grammar krev kunnskap i grammatikk og ei kjensle for engelsk språkbruk.
  • Det er ein tendens til at gutane svarer rett på fleire item enn jentene i formatet Click word. I formata Who could say og Move paragraph må elevane lese litt lengre tekstar. Her gjer altså jentene det best. I formatet Click word derimot er utgangspunktet ein kort tekst. For å svare rett må eleven forstå heile teksten og tydinga av ord i ein samanheng.

Avlyst prøve