Eittårig øyremerkt tilskot til innkjøp av trykte læremiddel i grunnskolen

Tilskotet skal bidra til å dekkje meirutgifter som kommunane har til innkjøp av nye trykte læremiddel til fagfornyinga.

Kven får tilskot: Kommunar
Søknad: Tilskot blir tildelt basert på rapportert elevtal i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1.10.
Rapportering: Kommunane skal ikkje rapportere på bruken av tilskotsmidlane, men Utdanningsdirektoratet vil ta kontakt med nokre kommunar (ca. 10 %) og gjennomføre stikkprøvekontrollar.

Om ordninga

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å dekkje meirutgifter som kommunar har til innkjøp av nye trykte læremiddel til fagfornyinga.

Målgruppa for tilskotsordninga er elevar og lærarar i offentlege grunnskular i Noreg.
I 2024 er det løyvd 300 mill. kroner til innkjøp av nye trykte læremiddel i grunnskolen.

Vilkår for å få tilskot

Vilkåret for å få tilskot er at midla blir brukte til innkjøp av trykte læremiddel til fagfornyinga skoleåret 2024–25.

Slik blir tilskotet berekna

Tilskotet blir berekna basert på rapportert elevtal frå 1. til 10. trinn i GSI, året før utbetalingsåret.

Satsen blir fastsett på grunnlag av vedteke budsjett, dividert på talet på elevar. Kommunane bestemmer sjølv kva trinn dei kjøper inn trykte læremiddel til.