Psykologi (PSY01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter psykologi 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- finne og vurdere informasjon for å analysere faglege spørsmål og problemstillingar
- samanlikne, nytte og vurdere ulike vitskaplege tilnærmingar, teoriar, perspektiv og metodar, og vurdere ulike forklaringar på psykologiske problemstillingar
- utforske ulike tema innanfor anvend psykologi, og vurdere korleis psykologi kan nyttast i ulike yrke
- gjere greie for minne og reflektere over kva som kan påverke minneprosessen
- beskrive ulike perspektiv på læring, reflektere over kva som hemmar og fremjar læring, og vurdere eigne læringsstrategiar
- drøfte samanhengen mellom motivasjon, meistring og læring
- drøfte korleis samspelet mellom arv og miljø verkar inn på utviklinga av personlegdom, identitet og tilknyting
- utforske og gjere greie for korleis persepsjon og kognisjon verkar inn på mennesket si forståing av seg sjølv og omverda
- utforske og vurdere korleis individuelle, sosiale og psykologiske faktorar påverkar mennesket til å ta, og la vere å ta, berekraftige val
- gjere greie for psykiske kriser og drøfte moglege utfall av dei
- beskrive hovudtrekk i oppbygginga og funksjonen til sansesystemet, nervesystemet og hormonsystemet, og utforske korleis desse systema saman utgjer grunnlaget for tankar, emosjonar og åtferd
- utforske og gjere greie for korleis evolusjonspsykologi forklarer tankane, emosjonane og åtferda til mennesket
- beskrive korleis bruk av rusmiddel hos ungdom og unge vaksne påverkar funksjonen til hjernen, og reflektere over korleis bruk av rusmiddel kan påverke psykisk helse og livskvalitet
- drøfte konsekvensar av stress, vurdere betydninga av sårbarheit og resiliens og reflektere over korleis ein kan førebyggje negative stressreaksjonar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i psykologi 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker faglege perspektiv, metodar og teoriar i utforskande arbeid med og refleksjon over ulike emne og problemstillingar, munnleg og skriftleg. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse i arbeid med spørsmål knytte til psykologiske prosessar og mekanismar og til tankane, emosjonane og åtferda til mennesket.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsmåtar og ved å la elevane utforske og finne svar på faglege spørsmål og problemstillingar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i psykologi 1, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i psykologi 1.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter psykologi 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i psykologi 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å formidle innsikt i ulike emne, samanhengar og problemstillingar i faget og ved å bruke faglege metodar og teoriar til å belyse dei.