Psykologi (PSY01‑04)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I psykologi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om kva som kan hemme og fremje god psykisk helse. Det handlar òg om å forstå samanhengen mellom faktorar som kan påverke livskvalitet og moglegheiter til å ta helsefremjande og sjukdomsførebyggjande val. Det handlar òg om kva konsekvensar utanforskap kan ha for psykisk helse, og kva faktorar som påverkar identiteten til menneske og oppfatninga deira av seg sjølv.
Demokrati og medborgarskap
I psykologi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om grunnlaget for å møte utfordringar som oppstår i samhandling med andre, og for å kunne forstå utfordringar og potensial som ligg i å anerkjenne og samtidig imøtegå andres meiningar. Dette grunnlaget skal bidra til å skape rom for samarbeid og meiningsbryting og auke moglegheita for deltaking.
Berekraftig utvikling
I psykologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at ein blir medviten om eigne haldningar, handlingar og behov, og grunnlaget for desse. Å lære kva som påverkar og endrar haldningar, verdiar, kognisjon og åtferd, gir innsikt i kva faktorar som påverkar menneske til å ta, og la vere å ta, berekraftige val.