Psykologi (PSY01‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Psykologi handlar om å forstå tankane, emosjonane og åtferda til mennesket. Faget skal gi eit vitskapleg perspektiv på psykologiske prosessar og mekanismar, i og mellom menneske, og bidra til at elevane utviklar ei samansett og meir heilskapleg forståing av mennesket. Psykologi handlar om det fellesmenneskelege, det som gjer oss like, men også det som gjer oss ulike og unike. I ei verd prega av stadige endringar og utfordringar kan faget bidra til auka medborgarskap gjennom bevisstgjering og forståing av seg sjølv og andre, på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Faget dannar òg grunnlag for samhandling på ulike arenaer, som skule, studium og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Psykologi skal bidra til refleksjon omkring og forståing av menneskeleg mangfald og likeverd. Vidare handlar faget om forståing av kva som påverkar identiteten til menneske og oppfatninga deira av seg sjølv. Dette skal danne grunnlag for kritisk tenking og etisk medvit og opne for ny innsikt.