Kompetansemål og vurderingDesign og arkitektur (KDA02‑02)
Kompetansemål etter design og arkitektur 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- brukeulike metodar innanfor kreativ idéutvikling, individuelt og i grupper, for å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
gjennomføreogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
dokumentereein designprosessÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- kartleggje behov for, undersøkje og visualisere berekraftige, helsefremjande og funksjonelle løysingar innanfor design og arkitektur
- teikne og visualisere rom og form ved hjelp av analoge og digitale verktøy
- teikne snitt, plan, fasade og projeksjonsteikning og velje formålstenleg målestokk
- forståog arbeide med korleis menneskekroppen sine mål og proporsjonar dannar utgangspunkt og er grunnleggjande referansar for design og arkitektur
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
- vurdereog
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
utforskekvalitetar ved form, farge, materiale og teknikk, ogÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut ogevaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
brukeerfaringane i sitt eige praktiske arbeidÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukeverktøy og verkstader i tråd med gjeldande retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- prøve ut konstruksjoner, form og funksjon gjennom å byggje modellar og prototypar fysisk og digitalt
- kjenne til samiske kulturuttrykk oggjere greie forsærtrekk ved lokale og samiske form- og byggjetradisjonar
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- gjere greie forhovudtrekk i handverkstradisjonar og arkitekturhistorie fram til 1600-talet og hente inspirasjon frå dette til eige arbeid
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i design og arkitektur 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom kreative prosessar utviklar og visualiserer løysingar. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk og dokumenterer, presenterer, vurderer og bruker ulike teknikkar og materiale i sitt eige arbeid. Vidare viser og utviklar dei òg kompetanse når dei arbeider med visuelle verkemiddel, berekraft og praktisk problemløysing i design- og arkitekturoppgåver. Elevane viser og utviklar vidare kompetanse når dei hentar inspirasjon frå historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjar innovasjon, kreativitet og skaparglede. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i design og arkitektur, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innanfor eit breitt spekter av oppgåver relaterte til design- og arkitekturfeltet.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter design og arkitektur 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som omfattar forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i design og arkitektur 1 basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte prosessar der målet har vore å skape løysingsforslag innanfor design og arkitektur.