Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- yte service til og kommunisere og samhandle med pasientar og pårørande i ulike livssituasjonar på ein sikker og tillitvekkjande måte
- observere, vurdere, dokumentere
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
og rapportere om tilstanden til pasientarÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- rettleie pasientar og pårørande om helse- og omsorgstenestene
- rettleie pasientar og pårørande om digitale helseplattformer og -applikasjonar
- hjelpe pasientar og brukarar i krisesituasjonar og rettleie om bruk av hjelpeapparat
- gjere greie forsamanhengen mellom rus, avhengigheit og psykisk helse og informere om tilboda i det psykiske helsevernet og rusomsorga
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- rettleie om verknader og biverknader av dei mest brukte legemidla og samarbeidemed anna helsepersonell om å setje i verk tiltak ved alvorlege biverknader
Å samarbeide inneber å jobbe saman med andre for å oppnå ei felles forståing eller eit felles mål.
- brukemedisinsk fagterminologi og helsefaglige uttrykk og kommunisere og samhandle med kollegaer og anna helsepersonell
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukeulike metodar og teknikkar for å handtere stress og konfliktar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon og samhandling ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon og samhandling basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.