Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter yrkesliv i helsesekretærfaget
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
gjennomføre,Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
vurdereogÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
dokumentereeige arbeidÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- utføre administrative oppgåver og oppgåver knytte til pasientlogistikk og handtere telefonførespurnader
- assistere helsepersonell og utføre skade- og skiftestovearbeid og laboratoriearbeid
- berekne mengd og styrkeforhold ved bruk av medikament og væsker
- registrere opplysningar i elektronisk pasientjournal i samsvar med gjeldande regelverk
- brukeog utføre intern og ekstern kontroll av medisinsk-teknisk utstyr
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utføre logistikk- og bestillingsarbeid
- sortere og handtere biologisk og kjemisk materiale og annet avfall miljøbevisst og forsvarleg
- samhandle med andre for å oppnå heilskaplege pasientforløp som varetar pasientsikkerheita og omsorga for pasientane
- utføre arbeidet i tråd med gjeldande rutinar for helse, miljø og sikkerheit, yrkesetiske retningslinjer og relevant lovverk for helsepersonell
- reflektereover eiga kompetanse, moglegheiter og avgrensingar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet oggjere greie forkorleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i yrkesliv i helsesekretærfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i yrkesliv i helsesekretærfaget. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i yrkesliv i helsesekretærfaget ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i yrkesliv i helsesekretærfaget basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.