Fysisk aktivitet og estetiske uttrykksformer i skolen

Bruk av praktiske aktivitetar, utforskande og skapande arbeidsmåtar kan fremme elevane si læring og lærelyst i alle fag. Når elevane får vere i rørsle og bruke kroppen og sansane, kan elevane oppnå ei djupare forståing i og på tvers av fag. Evna til å utforske og eksperimentere er viktig for djupnelæring.

Skolen skal respektere og dyrke fram ulike måtar å utforske og skape på. Elevane skal lære og utvikle seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar. Overordna del 1.4

Metodefridom i læreplanverket gir moglegheiter for faglege og pedagogiske val. Fysiske, praktiske og estetiske prosessar kan fremme læring i alle fag både i klasserommet, på skoleområdet og i nærmiljøet. Barn og unge lærer på ulike måtar. Ein pedagogisk praksis med bruk av kroppen og sansane kan vere ein måte å variere og tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. Elevane kan medverke til å finne arenaer og aktivitetar som er motiverande og som bidrar til læring. Å legge til rette for læringsprosessar der elevane er fysisk aktive og utfaldar seg skapande, kan gi ein meir variert skolekvardag.

Regjeringas strategi Skaperglede, engasjement og utforskertrang skal bidra til meir fysisk aktivitet og estetiske læringsprosessar i skolen. At skoleleiarar og skoleeigarar legg til rette for at lærarar kan ta i bruk slike læringsprosessar, er avgjerande for at strategien skal bli realisert.

Refleksjonsspørsmål