Standpunktkarakterar og eksamen
Etter 10. trinn får elevane standpunktkarakterar i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og norsk munnleg.
Etter vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram får elevane éin felles standpunktkarakter. Dei har ikkje opplæring i skriftleg sidemål.
Skriftleg vurdering
I halvårsvurderingane på 8. og 9. trinn og i vg1 og vg2 studieførebuande program skal elevane få ein felles karakter i norsk skriftleg som uttrykkjer kompetansen dei viser både i sidemål og hovudmål.
Dette betyr ikkje at elevane skal lære mindre sidemål enn tidlegare. Formålet med endringa er å leggje til rette for ei heilskapleg skriveopplæring. Du kan lese meir om vurdering i sidemål i tekstane om vurdering i læreplanen og på nettsidene om vurdering for læring.
Det finst mange digitale ressursar for både grunnskulen og vidaregåande skule som gir opplæring, skrivehjelp og variert lesetrening på nynorsk. Nedst på sida "Nynorsk i opplæringa" finn du nokre sentrale nettstader.
Fritak frå vurdering med karakter
Elevar kan søke om fritak frå vurdering med karakter i norsk sidemål dersom dei har hatt rett til særskild språkopplæring på ungdomstrinnet eller i vgo.
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule, eller dersom dei har ein sjukdom, skade eller dysfunksjon som gjer det vanskeleg å greie begge målformene.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha undervegsvurdering utan karakter i sidemålet. Dei er ikkje fritekne frå opplæring i sidemålet, og dei skal lese både bokmål og nynorsk og vurderast ut frå dei same kompetansemåla.