Dine rettar til å ha det bra

Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Verken elevar, lærarar eller andre på skolen skal mobbe andre.

Nordsamisk

Du har rett til å ha det bra på skolen

Dersom du ikkje har det bra, har du rett til hjelp frå dei vaksne på skolen. Dette står i ei lov som heiter opplæringslova.

Du avgjer om du har det bra

Rektor, lærarar eller andre elevar kan ikkje vite betre enn du, korleis du har det på skolen. Viss du meiner at du ikkje har det bra, skal rektor og dei andre som jobbar på skolen, ta deg alvorleg og hjelpe deg.

Kan rektor eller ein lærar la vere å gjere noko fordi ho eller han meiner at det ikkje skjer mobbing på skolen?

Nei. Det er di oppleving av korleis du har det, som betyr noko.

Det treng ikkje vere mobbing for at du skal få hjelp

Det held at du ikkje har det bra. Det kan til dømes vere at du er einsam, ikkje har venner, blir halden utanfor eller gruer deg til å gå på skolen.

Vaksne på skolen skal stoppe mobbing og plaging

Dersom ein vaksen på skolen veit om – eller trur – at du eller andre elevar blir mobba eller plaga, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe det med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd
  • lage ein plan for kva som skal gjerast

Rektor skal hjelpe deg. Ho eller han har ansvar for at mobbinga og plaginga ikkje held fram, og at du får det bra. Rektor skal fortelje foreldra dine kva som har skjedd, og kva skolen skal gjere.  

Alle barn har rett til å seie si meining og bli høyrde

Det står i FNs barnekonvensjon. FNs barnekonvensjon er ein avtale mellom dei fleste land i verda og sier noko om korleis barn skal ha det. Noreg har skrive under på denne avtalen.

Når vaksne på skolen vurderer kva dei må gjere for at mobbinga skal stoppe, og for at du skal få det bra, må dei spørje korleis du har det, og lytte til det du meiner. Du treng ikkje svare dersom du ikkje vil.

Les meir

Eg blir mobba på skolen, korleis kan eg få hjelp?