Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. april 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2016-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Programfaget medie- og informasjonskunnskap byggjer både på ein humanistisk og ein samfunnsvitskapleg tradisjon. Eit historisk perspektiv er grunnleggjande når ein skal studere forholdet mellom medium og samfunn. Dette er ikkje minst viktig for å forstå media si rolle som føresetnad for ytringsfridommen og dermed for demokratiet. Makt og påverknad er tett knytt til media nasjonalt og internasjonalt. Difor er det viktig å studere media med analytisk og kritisk blikk.

Programfaget skal medverke til at den einskilde skal kunne uttrykkje eigne meiningar og delta aktivt i demokratiske prosessar. Media har mykje å seie for kulturell identitet hos individ og grupper, og programfaget kan medverke til å skape medvit om samanhengar mellom medium og identitet. I mange yrke er det viktig å ha kunnskap om og innsikt i den rolla media spelar i samfunnet. Programfaget skal medverke til sjølvinnsikt og danning, og kan dermed vere ein god basis både for yrkesliv og studium ved høgskular og universitet.

I dette programfaget er det viktig å kunne finne, ta imot, handtere, integrere og evaluere informasjon som basis for vidare arbeid med eigne uttrykksformer i tekst-, lyd- og bildemedium og kombinasjonar av desse. I opplæringa skal det difor leggjast til rette både for diskusjon av etiske spørsmål og utvikling av estetisk sans, og for opplevingar og kreativ utfalding. For å knyte saman desse ulike sidene ved programfaget skal det leggjast vekt på medieproduksjon og journalistisk metode. Opplæringa bør ta utgangspunkt i den einskilde som aktiv og interessert mediebrukar og leggje vekt på å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre.

Struktur

Medie- og informasjonskunnskap består av to programfag: medie- og informasjonskunnskap 1 og medie- og informasjonskunnskap 2. Medie- og informasjonskunnskap 2 byggjer på medie- og informasjonskunnskap 1.

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområde:

Programfag

Hovudområde

Medie- og informasjonskunnskap 1

Medieutvikling

Uttrykksformer

Medium, individ og samfunn

Medie- og informasjonskunnskap 2

Medieutvikling

Uttrykksformer

Medium, individ og samfunn

Hovudområde

Medieutvikling

Medie- og informasjonskunnskap 1

Hovudområdet medieutvikling omfattar norsk mediehistorie og funksjonane til media i eit historisk, politisk, økonomisk, kulturelt og etisk perspektiv. Ytringsfridom og pressa si rolle i utviklinga av demokratiet står sentralt i hovudområdet. Hovudtrekka ved norsk mediepolitikk er òg med i hovudområdet.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Hovudområdet medieutvikling handlar om internasjonal mediehistorie. Internasjonal mediestruktur og den sterke globale eigarkonsentrasjonen står sentralt. Sør-nord-problematikken og mediestrukturen i utviklingsland er ein del av hovudområdet.

Uttrykksformer

Medie- og informasjonskunnskap 1

Hovudområdet uttrykksformer handlar om tradisjonelle og digitale medium. Journalistiske arbeidsmåtar og dei etiske retningslinene som gjeld for media, står sentralt. Utforming av ulike medieprodukt høyrer med til hovudområdet. Det dreier seg òg om typiske trekk ved informasjon og underhaldning, journalistikk, reklame og propaganda. Hovudområdet omfattar søkjestrategiar og kjeldekritikk.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Hovudområdet uttrykksformer omfattar ulike medietekstar som utgangspunkt for analyse, oppleving og vurdering. Det handlar om utforming av ulike medieprodukt, bruk av dramaturgiske verkemiddel og evaluering av eigne og andre sine medieprodukt. Hovudområdet dreier seg òg om media si rolle som kunst- og kulturformidlar.

Medium, individ og samfunn

Medie- og informasjonskunnskap 1

Hovudområdet medium, individ og samfunn handlar om kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmodellar. Det omfattar korleis ny teknologi og digitalisering endrar tradisjonelle kommunikasjonsmønster og fører til konvergens. Hovudområdet handlar òg om ulike påverknadsmodellar og korleis ulike medium kan påverke korleis folk oppfattar seg sjølve og verda. I tillegg dreier det seg om etniske og fleirkulturelle utfordringar, likestilling, kjønn og klasse.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Hovudområdet medium, individ og samfunn handlar om påverknadsstrategiar i ulike typar medieprodukt, og korleis media kan forme haldningar, normer og verdiar. Det omfattar òg regelverk som gjeld opphavsrett, personvern og ytringsfridom. Medieideologiar og utvikling av informasjonskløfter i samfunnet nasjonalt og internasjonalt høyrer med til hovudområdet.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Medie- og informasjonskunnskap 1: 140 årstimar

Medie- og informasjonskunnskap 2: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande dugleikar er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av denne. I medie- og informasjonskunnskap forstår ein grunnleggjande dugleikar slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i medie- og informasjonskunnskap inneber munnleg presentasjon av eigne arbeid, der meiningsutveksling, refleksjonar og vurderingar er vesentleg. I arbeid med medieproduksjonar er munnleg presisjonsnivå sentralt.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i medie- og informasjonskunnskap inneber å formidle informasjon og meiningar i ulike kommunikasjonsuttrykk, som tekst, lyd og bilde på ulike nivå. Det tyder å fortelje, beskrive, analysere, reflektere og vurdere.

Å kunne lese i medie- og informasjonskunnskap inneber å forstå og tolke ulike medietekstar. Det tyder òg å lese bruksrettleiingar, undersøkingar, modellar og teoriar.

Å kunne rekne i medie- og informasjonskunnskap inneber å bruke ulike typar statistikkar som utgangspunkt for analyse og argumentasjon. Det tyder òg å rekne ut tidsbruk og kostnader i samband med eigne medieproduksjonar.

Å kunne bruke digitale verktøy i medie- og informasjonskunnskap inneber å finne, ta imot, handtere, integrere og evaluere informasjon som basis for vidare arbeid med ulike uttrykksformer i eigen produksjon. Det tyder òg å behandle juridiske, kulturelle og etiske utfordringar i samband med internettbruk.

Kompetansemål

Medie- og informasjonskunnskap 1

Medieutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • diskutere pressa si rolle i utviklinga av demokratiet i Noreg
  • drøfte korleis ytringsfridom er ein føresetnad for frie medium og demokrati
  • gjere greie for sentrale trekk ved mediehistoria i Noreg
  • gjere greie for hovudtrekk ved norsk mediepolitikk fram til i dag
  • presentere hovudliner i mediestrukturen i Noreg

Uttrykksformer

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for kva informasjon er, og kva for informasjonstypar som finst
  • gjere greie for arkitekturen til Internett
  • diskutere etiske utfordringar knytte til Internett og nye medium
  • gjere greie for prosessen frå hending til nyheit i media
  • forklare kva som ligg i omgrepet pressa sin sjølvjustis, og diskutere konsekvensar av brot på presseetiske normer
  • gjere greie for typiske trekk ved journalistikk, reklame, propaganda, informasjon og underhaldning
  • diskutere objektivitetsomgrepet i samband med formidling av stoff i media
  • vurdere og bruke aktuelle digitale verktøy i ulike former for personleg kommunikasjon
  • vurdere informasjon kjeldekritisk og bruke relevant informasjons- og kommunikasjonsteknologi i arbeid med eigne medieprodukt
  • forme ut eigne journalistiske medieuttrykk i ulike kanalar og grunngje val av målgruppe, kanal og teknologi

Medium, individ og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for sentrale kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmodellar
  • diskutere kva som er god kommunikasjon, og vurdere kva som kan hindre slik kommunikasjon
  • forklare korleis ny teknologi og digitalisering endrar tradisjonelle kommunikasjonsmønster
  • utforske medietilbodet i det fleirkulturelle Noreg og diskutere korleis media kan påverke identiteten til urfolk og nasjonale og etniske minoritetar
  • diskutere kva følgjer det kan få at mange er aktive brukarar av media og sjølve utviklar medieprodukt
  • vurdere bruk og misbruk av statistikk
  • gjere greie for ulike påverknadsmodellar og vurdere korleis folk kan bli påverka av ulike medium
  • vurdere kva som kan påverke val av medium
  • vurdere kva rolle media spelar for læring, likestilling og identitetsdanning

Medie- og informasjonskunnskap 2

Medieutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk i internasjonal mediehistorie
  • gjere greie for sentrale trekk ved internasjonal mediestruktur og internasjonal mediepolitikk
  • diskutere media si rolle i utviklinga av demokrati i eit internasjonalt perspektiv
  • presentere sør-nord-problematikken i det internasjonale mediebildet
  • gjere greie for sentrale trekk ved mediestrukturen i utviklingsland
  • diskutere konsekvensar medieutviklinga har for journalistrolla

Uttrykksformer

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • analysere form og innhald i ulike avis-, radio-, film- og fjernsynssjangrar
  • lage produksjonsplan for eigne medieproduksjonar med oversikt over tidsbruk og kostnader
  • skape og presentere eigne medieprodukt i ulike kombinasjonar av tekst, lyd og bilde og grunngje val av medium og publiseringsform
  • bruke forteljarteknikkar, munnlege uttrykksmåtar og dramaturgiske verkemiddel i eigne medieproduksjonar
  • analysere og evaluere eigne og andre sine medieprodukt
  • utvikle eit medieprodukt i samarbeid med ei bedrift eller ein organisasjon
  • analysere media si rolle som kunst- og kulturformidlar

Medium, individ og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • analysere media som ressurs og maktfaktor i samfunns- og arbeidsliv og diskutere opne og skjulte funksjonar
  • gjere greie for ulike medieideologiar
  • vurdere korleis media kan forme haldningar, normer og verdiar
  • utforske påverknadsstrategiar i ulike typar medieprodukt
  • drøfte korleis media er med på å skape, forsterke og motverke informasjonskløfter
  • diskutere kva for roller informasjonsbyrå og lobbyverksemd spelar i eit demokrati
  • undersøkje korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser
  • gjere greie for sentrale lover og føresegner som gjeld opphavsrett, personvern og ytringsfridom
  • reflektere over etiske problemstillingar og utfordringar i møtet mellom medium og ulike kulturar
  • reflektere over media si rolle når det gjeld informasjons-, nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebildet

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Medie- og informasjonskunnskap 1

Eleven skal ha standpunktkarakter.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Eleven skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Medie- og informasjonskunnskap 1

Elevane kan trekkjast ut til munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Medie- og informasjonskunnskap 1

Privatistane skal opp til munnleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Medie- og informasjonskunnskap 2

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!