Læreplan i målarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (MAL3-02)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 17. november 2014 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.01.2015

Føremål

Målarfaget kan vi spore heilt tilbake til måleri frå steinalderen. Menneska har alltid hatt trong til å dekorere og gjere omgivnadene vakre. Dette finn vi eksempel på i dei eldste bevarte bygga i verda. Dekorative arbeid er framleis ein sentral del av faget. Faget skal dekkje behovet for kompetanse innan overflatebehandling av bygg og installasjonar i samfunnet.Opplæringa skal medverke til vern, fargesetjing, dekorasjon og vedlikehald av overflater. Vidare skal opplæringa medverke til å utvikle metodar og fremme kreativitet. Opplæringa skal dessutan nytte nye metodar, tekniske hjelpemiddel og miljøvennlege produkt. Opplæringa skal medverke til at arbeidet blir utført rasjonelt og i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik.Det skal òg leggjast vekt på å utvikle fagleg fellesskap og bransjeforståing og evne til kommunikasjon med kollegaer og andre samarbeidspartnarar.Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er målar.

Struktur

Målarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produksjon

Bransjelære

Hovudområde

Produksjon

Hovudområdet handlar om overflatebehandling av ubehandla og behandla underlag, både utvendig og innvendig. Det omfattar også vurdering av eigenskapar, tilstand og bruksområde for underlaga. Val og bruk av verktøy og materiale inngår også i hovudområdet. Helse, miljø og tryggleik og kvalitetssikring står sentralt.

Bransjelære

Hovudområdet handlar om materialkunnskap og produksjonsutstyr. Bruk av rettleiingar, teikningar og oppmålingsverktøy som grunnlag for arbeid og dokumentasjon inngår i hovudområdet. Kundebehandling og yrkesetikk inngår også, i tillegg til faghistorie og kva plass faget har i samfunnet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I målarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i målarfaget inneber å kommunisere med ulike kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessane fram til det ferdige produktet. I tillegg inneber det å kunne diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.

Å kunne lese i målarfaget inneber å finne fram i relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, monteringsrettleiingar, teikningar, produktomtalar og arbeidsinstruksjonar.

Å kunne rekne i målarfaget inneber å rekne ut vekt, volum og mengder i samband med overflater i bygg og installasjonar. Det inneber også å ha forståing for økonomiske samanhengar i arbeidet.

Å kunne bruke digitale verktøy i målarfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber også å bruke slike verktøy til oppmåling, utrekning og teikning.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • kontrollere og vurdere tilstanden på underlaget og påvise synlege skadar, feil og manglar
  • rapportere om avvik som må utbetrast av andre faggrupper
  • utføre nødvendig utbetring av underlaget før vidare behandling
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid
  • arbeide på ein sikker, økonomisk, rasjonell, estetisk og ergonomisk måte
  • velje miljøvennlege produkt som sikrar omsynet til det indre og det ytre miljøet
  • ta imot, bruke og oppbevare materiale, verktøy, maskiner og utstyr
  • velje materiale og utføre målararbeid, leggje golvbelegg og setje opp tapet og veggbelegg på organiske, mineralske og metalliske underlag i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar
  • justere fargar
  • velje, bruke og vedlikehalde verktøy, maskiner og utstyr
  • bruke stigar, arbeidsplattformer, personlyftarar og stillas i samsvar med gjeldande regelverk
  • bruke verneutstyr
  • utføre kjeldesortering og handtere helse- og miljøfarleg avfall i samsvar med gjeldande regelverk
  • utføre arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik

Bransjelære

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • gjere greie for den historiske utviklinga av faget og kva plass det har i samfunnet
  • gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk som gjeld dei rettane og pliktene kunden har, under dette reglar om klagerett
  • utføre profesjonell kundebehandling og service
  • drøfte yrkesetiske prinsipp
  • drøfte verdien av samhandling på arbeidsplassen
  • gjere greie for val av materiale ut frå ei vurdering av tilstanden til underlaget
  • lese og bruke teikningar og beskrivingar
  • bruke digitale verktøy til oppmåling, informasjonsinnhenting, kommunikasjon og dokumentasjon
  • gi overslag over tids- og materialforbruk for ei arbeidsoppgåve
  • følgje internkontrollsystemet

Vurdering

Vg3 målarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produksjon

Bransjelære

Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på seks vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!