Elevar og fagval i vidaregåande opplæring 2025–26

Færre jenter vel teoretisk matematikk

Andelen elevar på vg1 som begynner på eit yrkesfagleg utdanningsprogram aukar stadig. På studieførebuande er det omtrent like mange elevar som vel realfag som det var førre skoleår. Det er derimot færre elevar som vel teoretisk matematikk, først og fremst blant jentene. 

Hovudfunn 

  • Over halvparten av elevane på vg1 starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. 
  • Fleire elevar begynner på helse- og oppvekstfag og teknologi- og industrifag på vg1. 
  • Det er ganske stabile elevtal på realfaga. 
  • Fleire jenter på studiespesialisering vel praktisk matte framfor teoretisk matte. 
  • Litt færre enn i fjor tek samisk som andrespråk, men det er framleis fleire enn for to år sidan. 

Over halvparten vel yrkesfag 

Det er 193 800 elevar i vidaregåande skole per 1. oktober 2025. Talet på elevar aukar med 4 460 frå førre skoleår. Det er 640 fleire elevar på studieførebuande, og 3 820 fleire elevar på yrkesfaglege programmer. Det er fleire elevar på vg1 i år enn nokon gang før i vår statistikk.  

52 prosent av elevane i vg1 går på yrkesfaglege programmer dette skoleåret. Andelen på yrkesfag har auka gradvis dei siste ti åra, og aukar også frå førre skoleår. 

Det er framleis studiespesialisering som er det største utdanningsprogrammet, med 36 prosent av alle elevane på vg1. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med 13 prosent av elevane på vg1. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram dette skoleåret, starta kvar fjerde elev på helse- og oppvekstfag.  

Fleire elevar startar på helse- og oppvekstfag 

Elevtalet på vg1 aukar litt på alle yrkesfaglege program i år. Auka er størst i helse- og oppvekstfag og teknologi- og industrifag. Dette er dei to største yrkesfaglege utdanningsprogramma, og også dei som har auka mest dei siste åra. Etter fleire år med nedgang har elevtalet på helse- og oppvekstfag auka sidan 2023–24, og er nå på høgde med kva det var i 2020–21. Teknologi- og industrifag har fått stadig fleire elevar kvart år sidan 2018–19. Av dei andre store programma er elevtalet på elektro og datateknologi i hovudsak stabilt, mens bygg- og anleggsteknikk er programmet som aukar mest nest etter helse- og oppvekst og teknologi- og industrifag. 

På vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Det er generelt stabilt over år kva som er det største programområdet innanfor kvart yrkesfaglege utdanningsprogram. På helse- og oppvekstfag er det framleis helsearbeidarfag, og på teknologi- og industrifag er det industriteknologi. 

Like mange tek påbygging som i fjor 

Yrkesfaglege elevar kan ta eit år med påbygging for å oppnå studiekompetanse. Dette kan dei gjere enten etter vg2, eller etter dei har oppnådd fag- og yrkeskompetanse. Mange av elevane som startar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram ender derfor opp med studiekompetanse. Rundt 25 prosent av elevane som går på yrkesfag i vg2, begynner på påbygging i vg3. I år er det 8 260 elevar som tek påbygging etter vg2, som er omtrent like mange elevar som det var i fjor.  

Samstundes som det har blitt fleire elevar på helse- og oppvekstfag dei siste åra, har ein stadig større andel av elevane på dette programmet gått til påbygging etter vg2 i staden for å oppnå fag- og yrkeskompetanse. Førre skoleår begynte 49 prosent av elevane på helse- og oppvekstfag på påbygging etter vg2, noko som svarar til 3 840 elevar. Sjølv om det er auke i elevtalet på dette utdanningsprogrammet, betyr altså ikkje det at alle elevane ender opp med fag- og yrkeskompetanse. Andel elevar som går til påbygging varierer mykje mellom utdanningsprogramma. På teknologi- og industrifag, det nest største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, var det berre 6 prosent som gjekk frå vg2 til påbygging førre skoleår. 

Stabilt elevtal på dei fleste studieførebuande program 

Sjølv om elevtalet på vg1 generelt er høgare enn i fjor, er det ikkje mange fleire elevar på dei studieførebuande programma. Idrettsfag og medium og kommunikasjon har færre elevar enn året før. Studiespesialisering har nokre fleire elevar, men relativt til det høge elevtalet er det ein veldig liten endring. 

Stabile elevtal på realfag 

På studiespesialisering vel 64 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi, medan 34 prosent vel programområdet realfag. Andelane er stabile frå fjoråret, etter fleire år med nedgang i andelen som vel realfag. Dei resterande 2 prosentane går på variantar av studiespesialisering kor dei ikkje vel programområde.  

Talet elevar som vel dei ulike realfaga er dermed også ganske stabilt samanlikna med fjoråret. Fysikk 1 og biologi 1 har hatt ganske stabile elevtal dei siste tre åra. Kjemi 1 har derimot litt fleire elever i år enn året før, etter å ha vore på veg nedover heilt sidan 2021.  

Fleire tall for overgang til påbygg etter vg2

Elevtala på biologi 2 og kjemi 2 har svinga de siste ti åra, men vært på veg nedover sidan 2022–23. Fysikk 2 skil seg ut ved å ha gått jamt nedover sidan 2015–16. Då var det 4 510 elevar som val fysikk 2, i år er det 2 630. 

Færre jenter vel teoretisk matte i vg1 

Alle elevar må ha matematikk i vg1, og kan velje mellom teoretisk (1T) og praktisk matematikk (1P). På yrkesfag vel så godt som alle praktisk matematikk, og frå og med hausten 2026 blir faget 1T for yrkesfag lagt ned. På dei studieførebuande programma vel litt over halvparten av elevane 1P. Studiespesialisering er det einaste utdanningsprogrammet der fleirtalet vel 1T, med 53 prosent. Fram til 2021–22 låg denne andelen på rundt 56 prosent, men den har minka litt dei siste åra.  

Nedgangen i elevar på studiespesialisering som vel 1T dei siste fire åra kjem i all hovudsak av at det er færre av jentene som vel 1T. Frem til 2020–21 valde 53 prosent av jentene 1T, men det blir stadig færre og i år er andelen på 48 prosent. Andelen gutar på studiespesialiserande som vel 1T har vært stabil rundt 60 prosent i same periode. 

Fleire elevar vel realfagleg matte i vg2 

Elevar på studieførebuande program må også velje ein form for matematikk på vg2. Dei kan velje mellom praktisk matematikk (2P), matematikk for realfag (R1), og matematikk for samfunnsfag (S1). I år er det nesten 900 fleire elevar som vel R1 enn det var i fjor, og 500 fleire på 2P. Stadig færre elevar har valt S1 etter dei nye læreplanane i faget vart innført i skoleåret 2021–22, og i dei etterfølgjande årane ble det fleire elevar på 2P medan elevtalet på R1 held seg stabilt. Dei to siste åra har derimot elevtalet på R1 stige. 

Sjølv om fleire elevar har valt R1 på vg2 dei siste to åra, er det ikkje fleire som vel R2 i vg3. Talet elevar som tek R2 har vore stabilt på rundt 5 900 dei siste tre åra, og i år er det 100 færre elevar enn det var førre skoleår. Elevtalet på S2 har derimot minka i nesten same takt som S1, og er omtrent ein tredjedel av kva det var samanlikna med siste år med gamle læreplanar. S1 og S2 skal erstattast av nye matematikkfag hausten 2027. 

Færre tek fordjuping i språk 

Alle elevar på studieforberedande må velje eit framandspråk på første og andre trinn (nivå II for dei som har hatt språket på ungdomsskolen, nivå I for dei som startar på eit nytt språk), men det er valfritt å ta framandspråk som nivå III. Talet elevar på tysk og fransk III har gått ned med rundt 100 elevar frå fjoråret, som er ein bratt nedgang for så små fag. Elevtalet på tysk III har gått frå 220 til 140 elevar, medan fransk III har gått frå 280 til 160 elevar. Det er ein nedgang på rundt 100 elevar i spansk III også, men der er elevtalet mykje høgare med 570 elevar. Det er nokre elevar som tek faget på nettskolar, men her tel vi berre med dei som får opplæring som elev i skole.   

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring 

Det er stabile forskjellar i val av utdanningsprogram for jenter og gutar, særleg i yrkesfagleg retning. Elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk har høvesvis 93 og 91 prosent gutar. Det er litt færre jenter på elektro og datateknologi i år enn i fjor. 

Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign på den andre sida, har 92 prosent jenter. Dette har vore ein stabil andel i fleire år. Derimot har det vore ein nedgang i andel gutar på helse- og oppvekst dei siste åra, som er programmet med nest minst andel gutar. I 2019–20 var 21 prosent av elevane gutar, medan i år er det berre 14 prosent gutar på helse- og oppvekstfag. Dei siste tre åra er det like mange gutar som begynner på helse- og oppvekst, medan det blir stadig fleire jenter. 

Litt fleire tek samisk som førstespråk 

228 elevar tek samisk som førstespråk i skoleåret 2025–26, som er ein liten auke frå året før.  
Det er nesten 200 fleire elevar som tek samisk som andrespråk enn som førstespråk, heile 423. Det er litt færre elevar som tek samisk som andrespråk i 2025–26 enn det var i rekordåret 2024–25, men likevel er det mange fleire enn tidlegare år. 
Det største opplæringsfaget i samisk er nordsamisk som andrespråk for dei som ikkje har hatt opplæring i samisk tidlegare. Dette faget står for over halvparten av elevane på samisk som andrespråk. I år er det 236 elevar som tek dette faget, omtrent like mange som i fjor. Faget vart innført i 2013–14, og er det einaste samiske faget som har auka jamt i heile perioden. 

Meir opplæring er vanlegast i matematikk 

Etter ny opplæringslov har elevar som har gjennomført eit fag utan bestått standpunkt- eller eksamenskarakter, rett til meir opplæring i faget. Skoleåret 2025–26 er det 1 200 elevar som får meir opplæring. Av dei som får meir opplæring, får 3 av 4 det i berre eitt fag. Dei faga som flest elevar får meir opplæring i er matematikk 1P(-Y) og 2P(-Y), med høvesvis 340 og 280 elevar.  

Fylka organiserer meir opplæring ulikt, som gjer at desse talla ikkje omfattar alle som har fått meir opplæring. Nokre fylke gir for eksempel meir opplæring på sommarskole eller intensivkurs. Tala vi sit på er berre dei elevane som er registrert på meir opplæring per 1. oktober. Dette er det første skoleåret vi har tal på kor mange som tek meir opplæring. Fag teken som meir opplæring tel ikkje med i den publiserte statistikken over fagval. 

Meir informasjon om meir opplæring

Om statistikkane