Demokrati og medborgarskapOverordna del

Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kunnskap om føresetnadene for, verdiane til og spelereglane i demokratiet, og gjere dei i stand til å delta i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi elevane forståing for samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som ytringsfridom, stemmerett og organisasjonsfridom. Dei skal få innsikt i at demokratiet har ulike former og uttrykk.

Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane forstå samanhengen mellom rettane og pliktene til individet. Individa har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgarane bruker rettane til politisk deltaking og utforming av det sivile samfunnet. Skolen skal stimulere elevane til å bli aktive medborgarar og gi dei kompetanse til å delta i vidareutviklinga av demokratiet i Noreg.

Opplæringa skal gi elevane kunnskapar og ferdigheiter til å møte utfordringar i tråd med demokratiske prinsipp. Dei skal forstå dilemma som ligg i å anerkjenne både retten til fleirtalet og rettane til mindretalet. Dei skal øve opp evna til å tenkje kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje. Gjennom arbeidet med temaet skal elevane lære kvifor demokratiet ikkje kan takast for gitt, og at det må utviklast og haldast ved like.