Berekraftig utviklingOverordna del

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skolen skal leggje til rette for at elevane kan forstå grunnleggjande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekkje sine behov. Ei berekraftig utvikling byggjer på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.

Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.

Teknologi har betydeleg innverknad på menneske, miljø og samfunn. Teknologisk kompetanse og kunnskap om samanhengen mellom teknologi og dei sosiale, økonomiske og miljømessige sidene ved berekraftig utvikling står derfor sentralt i dette temaet. Teknologiutvikling kan bidra til å løyse problem, men kan òg skape nye. Kunnskap om teknologi inneber ei forståing av kva for dilemma som kan oppstå ved bruk av teknologi, og korleis desse kan handterast.