Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3 (HUD3-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. desember 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Ny eksamensordning for privatistar frå 1.8.2018.

Gjelder fra: 2018-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2022-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Programområde for hudpleiar skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan pleie og behandling av hud og kropp. Programfaga skal vidare medverke til kritisk og etisk tenking i eit samfunn med ulike ideal for utsjånad. Hudpleiarfaget skal medverke til velvære og helse.

Opplæringa skal vere med på å utvikle praktiske ferdigheiter og fagleg innsikt i pleie og behandling av hud, hår og negler. Vidare skal opplæringa utvikle ferdigheiter i bruk av ulike apparat, produkt og behandlingsmetodar innan hudpleie. Opplæringa skal medverke til at hudpleiaren utviklar evne til å yte service og kommunisere og samhandle med ulike brukarar og samarbeidspartar. Opplæringa skal også gi kompetanse innanfor sal, marknadsføring og drift av hudpleierelaterte bedrifter. Vidare skal opplæringa fremme estetisk sans og kreativitet.

Opplæringa i faget skal leggje vekt på planlegging, gjennomføring og vurdering av arbeidsoppgåver i tråd med behova til brukarar og gjeldande regelverk. Vidare skal opplæringa vere praksisnær og heilskapleg og medverke til at den enkelte utviklar praktiske ferdigheiter og fagleg innsikt knytt til hudpleie.

Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittel er hudpleiar.

Struktur

Programområde for hudpleiar består av tre programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg3

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Omtale av programfaga

Helsefremmande arbeid

Programfaget handlar om korleis levevanar som kosthald, fysisk aktivitet og tobakk påverkar hud, hår og negler. Korleis hud, hår og negler er bygde opp og fungerer, er ein del av faget. Programfaget handlar vidare om hygienetiltak, førebygging av smitte, hudproblem og hudsjukdommar. Estetikk som helsefremmande tiltak inngår i faget. I tillegg er helse, miljø og tryggleik, ergonomiske prinsipp, førebygging av helseskadar og førstehjelp ein del av programfaget.

Kommunikasjon og samhandling

Programfaget handlar om kommunikasjon og samhandling med ulike brukarar. Programfaget omfattar også marknadsføring, etikk, sal, rådgiving og service. Konflikthandtering, relevant regelverk om teieplikt og personvern inngår også.

Yrkesutøving

Programfaget handlar om ulike former for ansikts- og kroppsbehandling, hårfjerning, pedikyr, massasje, apparat- og produktlære, fargelære og makeupteknikkar. I faget inngår observasjon, planlegging, gjennomføring og kvalitetssikring av behandlinga. Resepsjonsarbeid, sal av varer og tenester, journalføring, enkel budsjettering og rekneskapsføring og relevant regelverk er også ein del av programfaget.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg3

Helsefremmande arbeid: 250 årstimar

Kommunikasjon og samhandling: 250 årstimar

Yrkesutøving: 426 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I faget hudpleiar forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i faget hudpleiar inneber å kommunisere med kundar og ulike samarbeidspartar. Det vil seie å føre journal og skrive tilvisingar og brev.

Å kunne lese i faget hudpleiar inneber å forstå innhaldet i faglitteratur, brukarrettleiingar, kartotek og relevant regelverk og å tileigne seg ny kunnskap og innsikt i faget.

Å kunne rekne i faget hudpleiar inneber å blande ulike ingrediensar i rett mengd, å rekne ut kostnader og å handtere oppgjer ved kundebehandling, kjøp og sal. Det vil også seie utrekning av forteneste ved sal av produkt og tenester.

Å kunne bruke digitale verktøy i faget hudpleiar inneber å finne relevant informasjon og halde kontakt med andre fagmiljø. Det omfattar også journalføring, lagerstyring, kontroll av omsetning, utarbeiding av kunderettleiingar og annan informasjon.

Kompetansemål

Helsefremmande arbeid

Helsefremmande arbeid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • observere helsetilstand og om nødvendig tilrå legebehandling
  • arbeide etter gjeldane reglar for hygiene og hindre smitte
  • gjere greie for korleis huda er bygd opp og fungerer, og for normale aldersforandringar
  • drøfte samanhengar mellom endringar i hud, hår og negler og helse, miljø, levevanar og alder
  • utføre førebyggjande tiltak og behandling knytt til hud, hår og negler
  • vurdere varedeklarasjon på ulike hudpleieprodukt
  • utføre førstehjelp som er relevant for yrkesutøvinga
  • planleggje og foreslå estetiske tiltak for å fremme trivsel og velvære

Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon og samhandling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • rettleie brukarar om pleie og behandling av hud, hår og negler
  • vurdere og setje i verk tiltak i faget som kan fremme sjølvbilete, trivsel og velvære
  • kommunisere med brukarar med ulik bakgrunn
  • drøfte etiske problemstillingar knytte til yrkesutøvinga
  • drøfte rolla til media og reklame i hudpleiarfaget
  • utføre sal av tenester og produkt ut frå faglege og etiske prinsipp
  • bruke ulike strategiar for konflikthandtering
  • yte service i yrkesutøvinga
  • følgje gjeldande regelverk om teieplikt og personvern

Yrkesutøving

Yrkesutøving

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid som hudpleiar
  • utføre dags-, kvelds- og brudemakeup med utgangspunkt i fargelære
  • bruke eit utval av tekniske hjelpemiddel i ansikts- og kroppsbehandlingar og vurdere nytteverdien av apparatur
  • bruke enkle korrigeringsteknikkar og kamuflere endringar i huda
  • gi råd om behandling av uønskt hårvekst og bruke ulike arbeidsmetodar og apparat
  • bruke metodar for handbehandling, lakketeknikk og pedikyr og grunngi val av metode
  • bruke ulike massasjeteknikkar
  • gi råd om korleis ulike kosmetiske produkt verkar kjemisk i og på huda
  • arbeide i tråd med tiltak for helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen
  • følgje ergonomiske prinsipp i yrkesutøvinga
  • vurdere hud-, hår- og neglebehandlingar og føre journal
  • drive kjøp, sal og marknadsføring i tråd med gjeldande regelverk
  • utføre logistikk
  • drive enkel budsjettering og føre ein enkel rekneskap
  • bruke digitale verktøy i yrkesutøvinga
  • drive kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av yrkesutøvinga
  • planleggje og gjennomføre arbeidet i tråd med prinsippa for universell utforming av produkt og tenester

Vurdering

Vg3 hudpleiar

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Helsefremmande arbeid

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kommunikasjon og samhandling

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Yrkesutøving

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Helsefremmande arbeid

Kommunikasjon og samhandling

Yrkesutøving

Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!