Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR1-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Visuelle kunstuttrykk pregar både private og offentlege samanhengar og formidlar estetiske og menneskelege verdiar i dagens samfunn. Kunst og kultur kommuniserer tankar og verdiar og fortel om status, livssyn, makt og tilhøyrsle. Visuell og kreativ kompetanse både i personleg og profesjonell samanheng blir meir og meir viktig. Det er viktig at den einskilde får høve til å oppleve og reflektere over kunst. Visuelle kunstfag er ein sentral del av den kulturelle kompetansen og kan medverke til utvikling av medvitne samfunnsborgarar som er aktivt med i ei humanistisk utvikling av samfunnet.

Visuelle kunstfag har eit allmenndannande siktemål og skal gje grunnlag for vidare studiar og profesjonsutdanningar. Visuelle kunstfag skal medverke til utvikling av kulturell kompetanse for å forstå estetiske uttrykksformer i eigen og andres kultur. Faget skal òg gjere sitt til at den einskilde utviklar ferdigheiter og kunnskap, og gje grunnlag for oppleving av kunst og kultur og forståing for det som er annleis.

Den skapande verksemda i visuelle kunstfag går føre seg ved hjelp av materiale og verktøy, gjennom eige arbeid og i samhandling med andre. Opplæringa i programfaget skal omfatte både tradisjonelle og nyare teknikkar. Visuelle fag involverer kunstfeltet utanfor skulen og opnar for forståing for kunstfaga slik dei verkar i vår tid.

Struktur

Visuelle kunstfag består av tre programfag: visuelle kunstfag 1, visuelle kunstfag 2 og visuelle kunstfag 3. Visuelle kunstfag 2 byggjer på visuelle kunstfag 1. Visuelle kunstfag 3 byggjer på visuelle kunstfag 2. Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Fag

Hovudområde

Visuelle kunstfag 1

Teikning og farge

Form og materiale

Kunst og kultur

Visuelle kunstfag 2

Teikning og farge

Form og materiale

Kunst og kultur

Visuelle kunstfag 3

Teikning og farge

Form og materiale

Kunst og kultur

Hovudområde

Teikning og farge

Hovudområdet teikning og farge omfattar teikning og maling på ulike underlag, og eksperimentering med ulike teknikkar. Studie av fargeverknader er vesentleg i hovudområdet. Studie av natur, menneske og gjenstandar høyrer med. Dekorative og romlege verkemiddel står sentralt. Komposisjon høyrer òg med i hovudområdet som verkemiddel for å skape eit samla biletuttrykk. Materiale, reiskapar og teknikkar som vert nytta i det praktiske arbeidet inngår i hovudområdet. Farge- og lysproblematikk er ein del av innhaldet i hovudområdet.

Form og materiale

Hovudområdet form og materiale omfattar arbeid med to- og tredimensjonal form i ulike materiale og teknikkar og ulike verkemiddel for å oppnå eit tilsikta uttrykk. Komposisjon står sentralt i utforming av skulptur og flate. Proporsjonar og visuelle, romlege og taktile uttrykk høyrer med i dette. Hovudområdet omfattar òg oppbygging og modellering av skulptur. Materiale, reiskapar og teknikkar er ein del av hovudområdet. Farge og tekstur er òg sentralt.

Kunst og kultur

Hovudområdet kunst og kultur handlar om kunst og kultur i ulike epokar, nasjonalt og internasjonalt. Studie av korleis tankar, verdiar og idear hos mennesket til ulike tider har kome til uttrykk, står sentralt. Hovudområdet omtalar kunst og kultur på 1900-talet og i samtida, deretter sentrale retningar og verk innanfor kunst og kultur fram til 1600, og til slutt dreiar det seg om perioden frå 1600- til 1900-talet. Fagterminologi høyrer òg med. Studiar av kunst og kultur er utgangspunkt for eige skapande arbeid og sjølvstendige tolkingar av kunstnarlege uttrykk.

Timetal

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:

Visuelle kunstfag 1: 140 årstimar

Visuelle kunstfag 2: 140 årstimar

Visuelle kunstfag 3: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.

Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Visuelle kunstfag 1

Teikning og farge

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke ulike teiknereiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
  • bruke ulike maleteknikkar på ulike underlag
  • bruke proporsjonar i arbeid med portrett, naturformer og gjenstandar
  • bruke komposisjonsprinsipp for å visualisere inntrykk, idear og bodskapar
  • bruke farge, valør og perspektiv for å oppnå illusjon av rom
  • bruke fagterminologi i vurdering av fargekontrastar
  • bruke ulike reiskapar og teknikkar for å få fram tekstur, rom, lys og skugge

Form og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke utsnitt, forenkling og positive og negative flater i arbeid med dekor og mønsterkomposisjon
  • bruke ornament og symbol i eige arbeid
  • bruke harde, plastiske eller tekstile materiale i eige arbeid
  • kombinere fargar, former og materiale til eit tilsikta uttrykk
  • bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i skapande arbeid

Kunst og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • presentere verk av sentrale biletkunstnarar i Noreg og andre land frå 1900-talet og fram til i dag
  • gjere greie for særtrekk ved ulike epokar på 1900-talet og fram til i dag
  • kjenne att formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid
  • gje døme på biletkunst, dekor og symbol knytt til tradisjon, religion og politikk
  • presentere særtrekk ved kunsten til urfolk og samanhengen mellom samisk kunst og religion og politisk utvikling i samfunnet

Visuelle kunstfag 2

Teikning og farge

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke valør, farge og form i frihandsteikning og maling for å få fram ulike uttrykk
  • bruke ulike teiknereiskapar i arbeid med kroki
  • bruke anatomi, proporsjonar og fortkortingar i teikning av menneskekroppen
  • forklare symbolverdien til fargar i ulike samanhengar
  • komponere eigne uttrykk med utgangspunkt i sentrale komposisjonsprinsipp
  • planleggje utforming av skulptur og installasjon
  • bruke fotografi og informasjonsteknologi som utgangspunkt for registrering, idéskisser og biletnotat

Form og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke sentrale komposisjonsprinsipp og verkemiddel i arbeid med skulptur og installasjon
  • bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i arbeid med tredimensjonal form
  • modellere skulptur i plastisk materiale
  • stilisere og bearbeide organisk og geometrisk form
  • organisere form og rom for å oppnå eit tilsikta uttrykk

Kunst og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst før 1600
  • gjere greie for særtrekk og analysere verkemiddel i kunstverk før 1600
  • gjere greie for ulike materiale, fargar og teknikkar som vart nytta i framstillinga av kunst før 1600
  • analysere kunstuttrykk i lys av religion, filosofi, mytologi og historie
  • forklare korleis oppdragsgjevarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600

Visuelle kunstfag 3

Teikning og farge

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • abstrahere naturformer til eigne komposisjonar
  • utarbeide idéskisser til utsmykkingsoppdrag
  • framstille ulike biletuttrykk for illustrasjon
  • bruke og vurdere lys, fargesamansetjingar og fargeverknader i eige arbeid
  • velje materiale, reiskapar og teknikkar i todimensjonalt biletarbeid for å oppnå tilsikta verknader

Form og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke teikning og bygging av modell som utkast til større arbeid
  • gjere greie for prinsippet om det gylne snitt og bruke det i eige arbeid
  • kombinere ulike materiale og teknikkar i arbeid med installasjonar og dekorative komposisjonar
  • skape sjølvstendige uttrykk i ulike materiale med utgangspunkt i aktuelle hendingar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt

Kunst og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst frå 1600 til 1900
  • beherske fagterminologi i tolking og samanlikning av kunstuttrykk
  • gjere greie for særtrekk, problemstillingar og verkemiddel i kunsthistoriske retningar, frå realismen og framover
  • gje døme på korleis kulturelle førebilete har hatt innverknad på skulptur og bilete frå 1600 til 1900
  • setje kunstverk inn i ein samfunnsmessig og idéhistorisk samanheng

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Visuelle kunstfag 1

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Visuelle kunstfag 2

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Visuelle kunstfag 3

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Visuelle kunstfag 1

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Visuelle kunstfag 2

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Visuelle kunstfag 3

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Visuelle kunstfag 1

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Visuelle kunstfag 2

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Visuelle kunstfag 3

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!