Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 1-7 Opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn

Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.

Skolen må tilby opplæring i

  1. minst eitt av språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I, eller etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
  2. arbeidslivsfag, etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.

Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Skolen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.

Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.

Kravet i andre ledd bokstav b gjeld ikkje for internasjonale skolar, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c.

Endra ved forskrift 18 feb 2026 nr. 235 (i kraft 1 aug 2026).

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 og viderefører § 2A-6 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 1-9 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.