Rundskriv om skolefritidsordninga
Andre reglar og omsyn i skolefritidsordninga
Det er fleire reglar og omsyn i opplæringslova som gjeld for både skolen og skolefritidsordninga. Desse er
- opplæringslova §§ 4-7 om overgangen frå barnehage til skolen
- 13-3 om førebygging, 13-4 om fysiske inngrep for å hindre skade m.m.
- § 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
- reglane om skolemiljø
Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring i opplæringslova § 28-8 gjeld ikkje for skolefritidsordninga.
Det er også andre tema i opplæringslova som er relevant å sei noko om i forbindelse med skolefritidsordninga. Desse er presentert nedanfor.
Elevar med særskilde behov
Kommunen pliktar å ha eit tilbod om skolefritidsordning til elevar med særskilt behov òg. For desse elevane skal det òg vere eit tilbod om gratis skolefritidsordning frå 5. til 7. trinn.
Opplæringslova kapittel 11 regulerer elevar sin rett til tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging. Skolefritidsordning er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa, derfor gjeld ikkje reglane i kapittel 11 når barna er på skolefritidsordninga. Skolefritidsordninga skal likevel innrettast slik at alle barn får gode utviklingsvilkår, uavhengig av føresetnad. Les meir om dette her: Å inkludere alle.
PP-tenesta er ikkje sakkunnig instans for skolefritidsordninga. Foreldre kan ikkje krevje at PP-tenesta eller tilrådingar frå andre instansar blir vektlagde når kommunen skal vurdere behovet for tilsyn på skolefritidsordning.Prop. 57 L (2022–2023) kap. 38.2.4 Når det er nødvendig for å sikre at eleven får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, skal skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta likevel samarbeide med andre instansar, til dømes barneverntenesta eller ulike helsetenester. Dette står i opplæringslova § 24-1.
Legemiddelhandtering i skolefritidsordninga
Ansvaret for å sørgje for hjelp til legemiddelhandtering i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar er i dag ikkje uttrykkjeleg regulert verken i helselovgivinga, barnehagelovgivinga eller opplæringslovgivinga.
Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet gjer i Rundskriv I-5/2008 Håndtering av legemidler i barnehage, skole og skolefritidsordning greie for korleis dagens regelverk skal forståast (dokumentet viser til opplæringslova av 1998, men innhaldet i rundskrivet gjeld òg for opplæringslova av 2024).
I opplæringslova blir det stilt visse krav til innhaldet i skolefritidsordninga. Mellom anna står det i opplæringslova § 4-5 at i skolefritidsordninga skal barna få «omsorg og bli passa godt på». For at eit barn som har behov for hjelp til å ta legemiddel, skal kunne nytte seg av tilbodet, er det ein del av kommunen sitt overordna ansvar for skolefritidsordninga å sørgje for slik hjelp når barnet oppheld seg i skolefritidsordninga.
Eit tilsvarande ansvar kan ikkje leggjast til styret ved private skolar som har tilbod om skolefritidsordning.
Skyss til og frå skolefritidsordninga
Utgangspunktet er at elevar ikkje har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Elevar som på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom har rett til skyss til og frå opplæringsstaden etter opplæringslova § 4-1, har òg rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skolefritidsordninga. Dei som har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter skolefritidsordninga, viss dei treng det. Det står i opplæringslova § 4-2. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn gjeld ikkje i skoleferiane.
Les meir i Rundskriv om skyss punkt 2.4.