Rundskriv om skolefritidsordninga

Tilsette

Personalet i skolefritidsordninga er ofte delt mellom skole og skolefritidsordninga, men i motsetning til personalet i skolen er det ingen reglar om bemanning og kompetanse i skolefritidsordninga.

Leiar for skolefritidsordninga

Rektor er leiar for skolefritidsordningar som er organiserte i tilknyting til skolen. Det står i opplæringslova § 4-5. Dette gir eit viktig signal om at rektor har ei særleg rolle i å sikre at barna skal oppleve heilskap og samanheng i skolekvardagen og i skolefritidsordninga.1

Rektor har ansvaret for dei tilsette, som ofte har delte stillingar mellom skole og skolefritidsordninga. Tilgang til pedagogisk rettleiing frå rektor, kompetanseheving om forhold som gjeld elevane, og å inkludere personalet i skolefritidsordninga i arbeidet med skolemiljø og skadeførebygging er viktige element her.2

Kravet om rektor som leiar gjeld ikkje når private skolefritidsordningar leiger lokale ved offentlege grunnskolar.

Kommunen kan gjere unntak frå kravet om at rektor skal vere leiar for skolefritidsordninga, til dømes viss ho blir driven privat. Det står i opplæringslova § 4-5. 

Personalet

Det finst ingen reglar om bemanning og kompetanse i skolefritidsordninga. Dette skal avgjerast kommunalt ut frå lokale forhold og behov. Behovet for bemanning er avhengig av kva slags aktivitetar som blir tilbodne, alderssamansetninga, kor mange barn som deltek, dagleg opphaldstid og talet på barn med særlege behov.3

Reglane om politiattest i opplæringslova § 17-11 gjeld òg for tilsette i skolefritidsordninga. Det betyr at alle som blir tilsette i skolefritidsordninga, må leggje fram politiattest.