Rundskriv om skolefritidsordninga

Innhaldet i skolefritidsordninga

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Det skal takast utgangspunkt i alderen, funksjonsnivået og interessene til barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.

Rammeplanen for skolefritidsordninga

Rammeplanen for skolefritidsordninga gjeld for arbeidet i skolefritidsordninga. Han har status som forskrift med heimel i opplæringslova § 4-5. Rammeplanen presiserer regelverket og kva som er verdigrunnlaget for skolefritidsordninga. I tillegg beskriv han innhald og arbeidsmåtar. I kapittel 3 i rammeplanen for SFO blir det beskrive kva som skal vere det nærmare innhaldet i skolefritidsordninga. 

Leksehjelp i skolefritidsordninga

I tillegg til det som står i rammeplanen for skolefritidsordninga, kan leksehjelp òg vere ein del av innhaldet i skolefritidsordninga. Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Det samla talet på timar som skal fordelast på 1.–10. trinn, er åtte timar per veke. Dette står i opplæringslova § 4-4 og opplæringsforskrifta § 2-1. Kommunen avgjer korleis leksehjelpa bør organiserast innanfor rammene av opplæringslova. Ein del av den kommunale handlefridommen består i å avgjere kven som skal tilby leksehjelpa, kva elevar som skal få leksehjelp, og korleis ho skal organiserast.

Dersom leksehjelpa er ein del av skolefritidsordninga, må foreldrebetalinga reduserast for å tilfredsstille kravet til at tilbodet om leksehjelp skal vere gratis. Dersom kommunen i regi av skolefritidsordninga tilbyr fleire timar med leksehjelp enn det som følgjer av opplæringslova, kan kommunen ta betalt for desse timane av foreldra som ein del av foreldrebetalinga.

Leksehjelp i privateigd skolefritidsordning skal òg vere gratis. Her må kommunen betale ein eventuell eigendel. 

Barn sin rett til medverknad

I opplæringslova er det reglar som regulerer eleven sitt beste (sjå § 10-1) og eleven sin rett til medverknad (sjå § 10-2). Opplæringslova har òg reglar om skoledemokratiet. Der står det mellom anna at elevane skal få vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere skolen sitt arbeid med skolemiljøet.