Rundskriv om skolefritidsordninga (SFO)

Innhold og søk

Rundskriv om skolefritidsordninga (SFO)

Rett til skolefritidsordning

Regelverket

Skolefritidsordninga er regulert i opplæringslova § 4-5 og opplæringsforskrifta § 2-2 til og med § 2-5.

Det er òg vedteke forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen

Opplæringslova – § 4-5 Skolefritidsordning
Opplæringsforskrifta – § 2-2 Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-3 Gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-4 Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Opplæringsforskrifta – § 2-5 Behandling av søknader om redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga

Det står i opplæringslova § 4-5 andre ledd at elevar på 1. til 3. trinn har ein individuell rett til 12 timar gratis skolefritidsordning per veke. Det er kommunen som skal tilby skolefritidsordning. Kommunen har ikkje plikt til å gi tilbod ved meir enn éin av skolane i kommunen, så lenge dei sikrar at alle elevar på 1. til 3. trinn som ønskjer det, får 12 timar gratis SFO per veke.

Kommunen sitt tilbod om SFO skal gjelde for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særskilde behov på 1. til 7. trinn. Det er likevel berre elevar på 1. til 3. trinn som har rett til gratis skolefritidsordning. Det inneber at kommunen ikkje treng å ha nok SFO-plassar til alle elevar på 4. trinn og alle elevar med særskilde behov på 4. til 7. trinn. 

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å gi tilbod om skolefritidsordning. Eleven sin rett og kommunen si plikt er også oppfylt sjølv om det berre er private skolefritidsordningar i kommunen.

Privatskolar kan drive skolefritidsordning som er knytt til skolen, men har inga plikt til det. Det følgjer av privatskolelova § 2-2. Opplæringslova § 4-5 med forskrifter gjeld ikkje slike skolefritidsordningar. Retten for elevar på 1. til 3. trinn gjeld også for elevar ved privatskolar, men det er kommunen som er ansvarleg for å oppfylle retten.