Rundskriv om skolefritidsordninga
Finansiering av skolefritidsordninga
Det står i opplæringslova § 4-5 at kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga. Eigenbetalinga er avgrensa til å dekkje dei kommunale utgiftene.
Moderasjonsordningar i skolefritidsordninga
Det er fastsett tre moderasjonsordningar for skolefritidsordninga:
- 12 timar gratis skolefritidsordning for elevar på 1.–3. trinn.
- Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i skolefritidsordninga for hushald med elevar på 1.–4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein plass i skolefritidsordninga.
- Gratis skolefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.
Felles for alle moderasjonsordningane
Sjølv om det er tre ulike moderasjonsordningar som alle stiller opp ulike vilkår for å vere omfatta av ordninga, er det nokre ting som er felles for alle ordningane.
Når «skolefritidsordninga» blir omtalt i opplæringsforskrifta kapittel 2, skal omgrepet forståast som den skolefritidsordninga kommunen vel å nytte for å oppfylle plikta etter opplæringslova § 4-5. Det vil seie at foreldre er omfatta av tilbodet også dersom kommunen vel å nytte seg av ein privat aktør for å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning. Foreldre som har barn i skolefritidsordningar ved grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, er derimot ikkje omfatta av ordningane etter forskrifta. Sjå omtale av tilskotsordningane seinare i artikkelen. Skolefritidsordningar ved private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 22-1 blir heller ikkje omfatta, jf. opplæringslova § 22-2.
Betaling for kost kan haldast utanfor alle moderasjonsordningane. Det betyr at kommunen kan ta betalt av foreldra for kost, sjølv om foreldra har krav på gratis skolefritidsordning. Betaling for kost vil heller ikkje vere med i berekninga om redusert foreldrebetaling, og kan komme ved sida av.
Ordningane må fastsetjast i lokal forskrift og kunngjerast på Lovdata. Les meir om korleis dette blir gjort.
Viss du får avslag på søknad om moderasjon, kan du klage på dette til kommunen. Dette står i forvaltningslova § 28 andre ledd.
Gratis skolefritidsordning for elevar på 1.–3. trinn
Alle elevar på 1.–3. trinn med plass i skolefritidsordninga skal få 12 timar gratis per veke. Dette følgjer av opplæringsforskrifta § 2-2. Med «timar» i føresegna meiner ein klokketimar på 60 minutt.
Kven er omfatta av ordninga?
Alle elevar på 1.–3. trinn som er innvilga plass i skolefritidsordninga, er omfatta av ordninga. Dette gjeld uavhengig av om elevane har heiltids- eller deltidsplass i skolefritidsordninga. Dersom eleven vel å berre nytte plassen 12 timar i veka, innanfor dei tidsrammene kommunen har vedteke, skal tilbodet vere gratis for eleven.
Dersom foreldra til eleven har fått innvilga søknad om redusert foreldrebetaling som følgje av låg inntekt etter § 2-4, skal kommunen trekkje frå dei 12 gratistimane frå foreldrebetalinga etter at kommunen har innvilga søknaden om redusert foreldrebetaling.
Korleis skal timane fordelast?
Kommunen har stor fridom til å utforme ordninga i tråd med lokal praksis for skolefritidsordninga, men likevel slik at kommunen må tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Atterhaldet skal ikkje tolkast strengt. Kva som er «praktisk mogleg», kan variere mellom kommunane, og det må gjerast ei konkret vurdering av kvart enkelt tilbod og om det er praktisk mogleg å tilby gratis skolefritidsordning kvar dag gjennom det tilbodet som finst i kommunen.
Tilfelle der til dømes elevane i praksis ikkje får nytta seg av gratistimar på visse dagar på grunn av tidspunkt for skoleskyss, kan vere eit forhold som fører til at det ikkje er praktisk mogleg. Det same gjeld dersom kostnadene for kommunane ville auka vesentleg av å tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen har eit tilbod ut over den kompensasjonen dei får til ordninga. Kommunen må òg kunne nytte atterhaldet dersom det viser seg at eit tilbod om gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit slikt tilbod, fører til eit dårlegare tilbod for elevane og foreldra totalt sett.
At kommunen skal tilby foreldra at dei 12 timane blir fordelte alle dagar kommunen har eit tilbod om skolefritidsordning, er ikkje til hinder for at foreldra kan velje eit tilbod som inneber ei anna fordeling av timane, dersom kommunen har fleire alternative tilbod.
Det er ikkje mogleg å rekne om kravet om 12 timar per veke slik at gratistilbodet over eitt år til saman gir gjennomsnittleg 12 timar gratis skolefritidsordning per veke, fordi det må vere reelle timar kvar veke kommunen har eit tilbod.
Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane, til dømes i vinterferiar eller sommarferiar, skal elevane få 12 timar gratis skolefritidsordning i desse periodane òg. Kravet om at kommunen må tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit tilbod om skolefritidsordning, gjeld likevel ikkje i feriar sjølv om det er praktisk mogleg. Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i sommarferien, vil ein elev på 1. trinn reknast som førsteklassing fram til den datoen skolefritidsordninga tek imot nye førsteklassingar. Tilsvarande gjeld for elevar på 2. og 3. trinn. Dette er normalt i starten av august. Nøyaktig dato bør fastsetjast i lokal forskrift om skolefritidsordninga.
Redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt
Redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt er regulert i forskrifta § 2-4, som bestemmer kven som er omfatta av denne ordninga. Korleis kommunane skal behandle søknader om redusert foreldrebetaling, er regulert i § 2-5.
Kven kan få redusert foreldrebetaling?
Kommunen skal tilby reduksjon i foreldrebetalinga, slik at foreldrebetalinga per barn utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet. Denne ordninga gjeld for foreldre med barn på 1.–4. trinn.
Kva som utgjer eit hushald, er definert i § 2-4 andre ledd. Både ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar kan reknast som ein del av hushaldet. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller som har felles barn saman. Viss søkjaren er i eit sambuarskap utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette. Åleineforeldre utgjer eit hushald òg.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det hushaldsinntekta til den forelderen som har den same folkeregistrerte adressa som barnet, som skal leggjast til grunn når kommunen skal vurdere om det skal givast redusert foreldrebetaling. Dette følgjer av § 2-4 tredje ledd.
Det er ikkje ein føresetnad at barnet har heiltidsplass for at foreldra skal omfattast av ordninga. Det betyr at foreldrebetalinga for ein deltidsplass skal bereknast på same måte som for ein heiltidsplass, og at det skal givast moderasjon dersom foreldrebetalinga overstig seks prosent av den samla inntekta i hushaldet.
Kva er vilkåra for å få redusert foreldrebetaling?
For å kunne få redusert foreldrebetaling må eitt av dei to vilkåra i § 2-4 første ledd vere oppfylt. Anten må utgiftene til skolefritidsordning for eitt skoleår utgjere meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet i løpet av det siste året, eller så må det vere varig nedgang i inntektene til hushaldet i inneverande år som gjer at utgiftene til skolefritidsordning for eitt skoleår vil overstige seks prosent av inntektene til hushaldet.
Kva inngår i inntektene i hushaldet?
Med inntektene i hushaldet meiner ein her den samla brutto personinntekta i hushaldet etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt. Dette er regulert i § 2-4 andre ledd. Skattepliktige kapitalinntekter er mellom anna renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigedelar.
Kva vil det seie å ha varig nedgang i inntekt?
Det kan vere mange årsaker til at eit hushald har varig nedgang i inntekta si. Den varige nedgangen i inntekta kan til dømes komme av dødsfall, samlivsbrot, tap av arbeidsinntekt osb. Det er derfor søkjaren som må sende inn dokumentasjon til kommunen om årsaka til nedgangen i inntekta. Kommunen gjer ei konkret vurdering av om nedgangen er varig.
Når må det søkjast om redusert foreldrebetaling?
Det er kommunen som fastset søknadsfristar for plass i skolefritidsordninga og redusert foreldrebetaling i vedtektene for skolefritidsordninga.
I forskrifta §2-5 tredje ledd er det bestemt at dersom det er søkt om redusert foreldrebetaling før 1. august, vil kommunevedtaket om innvilging av moderasjon gjelde frå 1. august og ut skoleåret. Dette gjeld òg for søknader som blir sende 1. august. Det er derfor først for søknader sende 2. august og seinare at vedtaket ikkje vil få verknad frå før første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom årsaka til at det blir søkt etter 1. august, er at kommunen ikkje har informert om moderasjonsordningane, bør kommunane likevel la vedtaket ha verknadstidspunkt frå 1. august og ut skoleåret.
Korleis skal kommunen behandle søknadene?
Kommunen kan hente inn grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene, for å dokumentere person- og kapitalinntekta i hushaldet for det siste året. Dette står i § 2-5 første ledd. Det betyr altså at kommunen kan hente inn denne informasjonen, i staden for at foreldra må levere dette sjølv.
Kommunen skal ikkje inkludere skattefrie overføringar, t.d. barnebidrag, kontantstønad, barnetrygd m.m., i «inntektene til hushaldet» etter § 2-4 første ledd.
Kommunen kan på eige initiativ hente inn slike inntektsopplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile perioden søknaden gjeld for. Foreldre som til dømes søkjer om redusert foreldrebetaling for eit barn på 1. trinn, treng derfor ikkje søkje på nytt neste år dersom barnet held fram i skolefritidsordninga på 2. trinn.
Det følgjer av § 2-5 andre ledd at dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevere siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet til kommunen, skal kommunen be søkjaren om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt. Dette gjeld til dømes når skatteoppgjeret ikkje er ferdigstilt og det fører til at kommunen ikkje får gjort vedtak før 1. august.
Automatisert saksbehandling
Kommunen kan gjere vedtak om reduksjon av foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling. Det vil seie at sakene blir behandla automatisk etter gjeldande regelverk og dei personopplysningane som kommunen allereie har. Dette følgjer av § 2-5 siste ledd. Stort sett inneber behandling av søknader om redusert foreldrebetaling berre ei rein matematisk berekning der summen av skatte- og inntektsopplysningar er vurdert opp mot grensa for redusert foreldrebetaling. Ordninga kan likevel ikkje heilautomatiserast. Det er fordi det er eit krav om at sambuarar utan felles barn må informere om dette, ettersom det ikkje står i folkeregisteret.
Kommunen avgjer sjølv kva løysingar som blir brukte for innhenting av opplysningar frå skattestyresmaktene. KS har utarbeidd ein API (programmeringsgrensesnitt) for deling av skatteetaten sine opplysningar som kommunane kan kople seg til. Les meir på KS sine sider om innhenting av skatte- og inntektsopplysningar frå skatteetaten.
Gratis skolefritidsordning for barn på 5.–7. trinn med særskilde behov
Kommunane skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Dette følgjer av § 2-3.
Foreldra til barn med særskilde behov vil òg kunne vere omfatta av moderasjonsordninga om reduksjon i foreldrebetalinga ved låg inntekt på 1.–4. trinn. Sjå tidlegare avsnitt om dette.
Det skal ikkje gjerast ei sjølvstendig vurdering av om det ligg føre eit særskilt behov etter forskriftsføresegna. Det står i merknaden til opplæringsforskrifta § 2-3.
Tilskot til moderasjonsordningar i skolefritidsordning ved private grunnskolar
Det er òg oppretta tilskotsordningar som gjer det mogleg for private grunnskolar å tilby 12 timar gratis skolefritidsordning på 1., 2. og 3. trinn, og redusert foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt som har barn på 1.–4. trinn i skolefritidsordninga. Les meir om tilskotsordningane.
Det er viktig å merke seg at berekninga for foreldrebetaling i SFO blir noko annleis enn for berekninga som blir gjord for barnehagar, sidan det ikkje er nokon makspris i SFO. Berekninga skal ta utgangspunkt i kommunale tal for foreldrebetaling, slik at inntektsgrensene kan variere frå kommune til kommune.
For å finne ut om hushaldet har krav på redusert foreldrebetaling, må kommunen samanlikne foreldrebetalinga for eitt år med dei samla person- og kapitalinntektene i hushaldet. Det betyr at viss kommunen krev 30 000 kroner i foreldrebetaling for eitt år, vil regelen slå inn for hushald som har under kroner 500 000 (30 000*100/6) i samla person- og kapitalinntekter i året.
Eit hushald som har ei samla inntekt på 700 000 kroner i året, vil ikkje ha krav på å få redusert foreldrebetaling. For at denne familien skal ha krav på det, må foreldrebetalinga overstige 42 000 kroner i året (700 000*0,06).
Har hushaldet ei samla inntekt på 450 000 kroner i året, vil regelen gjere seg gjeldande. Her vil foreldrebetalinga per barn i SFO senkast frå 30 000 kroner til 27 000 kroner (450 000*0,06). Per månad vil foreldrebetalinga senkast frå 2 727 kroner (30 000/11) til 2 454 kroner (27 000/11).