Årsrapport 2024

6 Årsrekneskap

Leiingskommentar til årsrekneskapen 2024

Formål

Utdanningsdirektoratet blei oppretta i 2004 og er underlagt Kunnskapsdepartementet. 
Utdanningsdirektoratet er eit ordinært statleg forvaltningsorgan som fører rekneskap i samsvar med kontantprinsippet, slik det går fram av prinsippnoten til årsrekneskapen.  

Utdanningsdirektoratet skal bidra til å nå sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa i Prop. 1 S (2023–2024) for KD. Det overordna målbiletet for barnehagen og grunnopplæringa skal danne grunnlag for prioriteringa av faglege mål og temaområde, og for utviklinga av nye tiltak og verkemiddel.  

Utdanningsdirektoratet har etatsstyringsansvar for dei samiske vidaregåande skulane som gir opplæring etter opplæringslova. Styringsansvaret til Utdanningsdirektoratet inneber mellom anna å utarbeide styringsdokument, tildele midlar, sørgje for styringsdialog og vurdere måloppnåing.  

Stadfesting

Årsrekneskapen er avlagd i samsvar med forskrifta bestemmelser om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i verksemds- og økonomiinstruks for økonomiforvaltninga i Utdanningsdirektoratet. Vi meiner rekneskapen gir eit dekkjande bilete av Utdanningsdirektoratets disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. 

Vurderingar av vesentlege forhold

Utdanningsdirektoratet har samla disponert tildelingar på utgiftssida på 16 311 millionar kroner. 
Etter fullmakt frå Finansdepartementet har vi utgiftsført betalt meirverdiavgift på kapittel 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 driftsutgifter med 119 millionar kroner.  

Utgifter på 13 271 millionar kroner gjeld tilskotsforvaltning og andre overføringar frå staten. 

Driftsutgifter som er rapporterte til løyvingsrekneskapen, utgjer 1 489 millionar kroner. Av dette utgjer lønn og sosiale kostnader 24,2 prosent og andre utbetalingar til drift 75,8 prosent. Vi viser til note 2 og 3. 

Utdanningsdirektoratet har totale inntekter rapportert til løyvingsrekneskapen på 223,8 millionar kroner. 

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa viser ein del avvik mellom rekneskapsførte utgifter og samla tildeling, sjå kolonnen «Meirutgift (–) og mindreutgift». Dette har ei naturleg forklaring fordi dei vesentlege avvika kjem av tildelingar og fullmakter som er gitt til andre statlege verksemder i samsvar med tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet.  

I tillegg har det vore nokre mindre avvik mellom tildelte midlar på utgiftssida og rekneskapsførte utgifter, som går fram av note B. Utdanningsdirektoratet søkjer om overføringar innanfor 5-prosentregelen og med tilvising til stikkordet «kan overførast». 

Vurderingar av endringar frå 2023 til 2024 
Kjøp av konsulenttenester er redusert med 18,2 millionar kroner, tilsvarande 8 prosent, frå 2023 til 2024. Nedgangen er hovudsakleg knytt til konsulenttenester til utvikling av programvare, IKT-løysingar osv. 

Tilskotsforvaltninga og andre overføringar frå staten auka med 1 269 millionar kroner, tilsvarande 10,6 prosent, frå 2023 til 2024. Ein del av auken kjem av 300 millionar kroner til eittårig øyremerket tilskot til kommunane for innkjøp av trykte læremiddel i grunnskulen. I tillegg kjem noko av auken tilskot til auka pedagogtettleik i barnehage i levekårsutsette område. 

Tilleggsopplysningar

Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar årsrekneskapen for Utdanningsdirektoratet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato, men revisjonsrapporten ligg etter alt å dømme føre i løpet av andre kvartal 2025. Rapporten er halden unna offentleg innsyn fram til Stortinget har fått Dokument 1 frå Riksrevisjonen, men vil bli publisert på udir.no så snart dokumentet er offentleg.

Oslo, 14.03.2025 

  Signatur av Morten Rosenkvist

Morten Rosenkvist 

Utdanningsdirektoratet 

Prinsippnote til årsrekneskapen

Årsrekneskapen for Utdanningsdirektoratet er utarbeidd og avlagd etter nærmare retningslinjer fastsett i forskrifta bestemmelser om økonomistyring i staten (føresegnene). Årsrekneskapen er i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 og eventuelle tilleggskrav fastsett av overordna departement. 

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen: 

  1. Rekneskapen følgjer kalenderåret.
  2. Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
  3. Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet. 
  4. Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med bruttobeløp.

Oppstillinga av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidd etter dei same prinsippa, men gruppert etter ulike kontoplanar. Prinsippa korresponderer med krav i føresegnene punkt 3.5 til korleis verksemdene skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane. 

Utdanningsdirektoratet er knytt til konsernkontoordninga i Noregs Bank i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.7.1. Ordinære forvaltningsorgan (bruttobudsjetterte verksemder) blir ikkje tilførte likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Ved årsslutt og overgang til nytt år blir saldoen på kvar enkelt oppgjerskonto nullstilt. 

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser behaldningar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som Utdanningsdirektoratet har rapportert til statsrekneskapen. Det blir stilt opp etter dei kapitla og postar i løyvingsrekneskapen som Utdanningsdirektoratet har fullmakt til å disponere. Kolonnen samla tildeling viser kva Utdanningsdirektoratet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for seg og underlagde verksemder, for kvar kombinasjon av kapittel/post. Oppstillinga viser alle finansielle eigedelar og forpliktingar Utdanningsdirektoratet står oppført med i kapitalrekneskapen til staten. 

Mottekne fullmakter til å belaste kombinasjonen av kapittel/post i ei anna verksemd (belastningsfullmakter) blir ikkje viste i kolonnen for samla tildeling, men er omtalte i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene som er knytte til mottekne belastningsfullmakter, er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen og viste i kolonnen for rekneskap. 

Avgitte belastningsfullmakter er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men blir ikkje bokførte og rapporterte til statsrekneskapen frå Utdanningsdirektoratet sjølv. Avgitte belastningsfullmakter blir bokførte og rapporterte av verksemda som har fått belastningsfullmakta, og blir derfor ikkje viste i kolonnen for rekneskap. Dei avgitte fullmaktene kjem fram i note B til løyvingsoppstillinga. 

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del, som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del, som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomvere med statskassen. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal Utdanningsdirektoratet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Utdanningsdirektoratet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og derfor ikkje viste som inntekt i oppstillinga. 

Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapportering med notar viser rekneskapstal som er rapporterte til statsrekneskapen. I tillegg viser noten til artskontorapporteringa «Samanheng mellom avrekning med statskassen og mellomvere med statskassen» bokførte tal frå Utdanningsdirektoratets kontospesifikasjon i kolonnen «Spesifisering av bokført avrekning med statskassen». Noten viser skilnaden mellom beløp Utdanningsdirektoratet har bokført på eigedels- og gjeldskontoar i Utdanningsdirektoratets kontospesifikasjon (medrekna saldo på kunde- og leverandørreskontro) og beløp Utdanningsdirektoratet har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomveret med statskassen. 

Utdanningsdirektoratet har innretta bokføringa slik at ho følgjer krava i forskrifta bestemmelser om økonomistyring i staten. Dette inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjon av pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokført. Føresegnene krev mellom anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Dette medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokførte i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapporterte til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen. 

Prinsippnota årsrapport 2024.pdf