Årsrapport 2024

4 Styring og kontroll i verksemda

Overordna vurdering av styringa

Den interne styringa i Udir sikrar etterleving av krava i økonomiregelverket og instruksar frå Kunnskapsdepartementet. Vi gjennomfører faste årlege prosessar med fastsetjing av mål, prioritering, planlegging og budsjettering av ressursar, oppfølging og rapportering. Dei same prinsippa er lagde til grunn for styringa vår av underliggjande verksemder. Utdanningsdirektoratet har ei forsvarleg drift med god økonomistyring og tilfredsstillande regeletterleving.

I 2024 gjennomførte Kunnskapsdepartementet saman med Udir ein prosess for å fastsetje nye mål og resultatkrav for verksemda vår. Desse blei gjorde gjeldande av departementet i tildelingsbrevet for 2025. Vi opplever at dette har vore ein god og involverande prosess, med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget. Og vi er fornøgde med det nye målbiletet som skal styrkje arbeidet for å oppnå positiv utvikling i barnehage og opplæring. Parallelt har vi framleis utviklinga mot ei meir heilskapleg og strategisk styring. I tida som kjem, blir det særleg viktig å sikre eit godt grunnlag for prioriteringar og vegval, slik at vi kan snu den negative utviklinga på viktige område som læring og trivsel. I 2025 vil vi særleg utvikle bruken av styringsinformasjon. Det vil òg vere nødvendig å justere prioriteringar av leveransar og ressursbruk. I mange tilfelle vil nødvendige justeringar krevje dialog og avklaringar med departementet. Vi vil gi innspel på dette der det kan vere aktuelt og formålstenleg.

Når det gjeld tilskotsforvaltning, tilskotskontroll og tilsyn, viser vi til forklaringar i vedlegg til årsrapporten. Rapportering om styring av underliggjande verksemder vil skje 15. april 2025.

Risikovurdering i 2024

Dei største risikoane våre dreier seg om læring og trivsel, eksamen, regeletterleving, føresetnadene for å ta i bruk verkemidla våre i sektoren og digitalisering. Alle desse risikoane blir utførleg omtalte i del III av årsrapporten i samband med aktivitetar og resultat, i tillegg til at dei blir omtalte i kapitla «Leiaren har ordet og «Framtidsutsikter». Her følgjer eit kort samandrag. 

Det siste året har vi jobba målretta for å redusere dei største risikoane vi har identifisert. Vi er fornøgde med at vi har klart å oppnå god utvikling på eksamensfeltet. Vi har jobba strukturert saman med statsforvaltarane og KS for å redusere risiko for gjennomføring av eksamensperiodane i 2024, med god effekt. Tett dialog med Kunnskapsdepartementet har òg vore ein viktig faktor. Det er likevel framleis ein høg risiko som må handterast, og vi ønskjer å halde fram den tette dialogen om dette området.

Vi er no særleg bekymra for nedgangen i lærings- og trivselsresultat, og det er her vi har størst utfordringar med å finne rette risikoreduserande tiltak. Vi vil jobbe for å skaffe meir kunnskap samtidig som vi vil tilpasse verkemidla våre der vi har grunnlag til å tru at det kan ha ein innverknad. Innanfor læreplanverket vil vi utarbeide ein plan for smidig justering basert på behov for utvikling. 

I arbeidet med vidareutvikling av verkemiddelapparatet til Udir blir det viktig å sørgje for at verkemidla er til nytte for kommunar, fylkeskommunar og private eigarar med eit breitt spekter av ulike føresetnader. Økonomi, kapasitet og kompetanse er ulikt innretta og medfører variasjon i behovet til aktørane for våre støttetenester, men også i moglegheitene for å ta dei i bruk. Det er vår vurdering at omfanget av tiltak på nokre område kan overskride kapasiteten sektoren har til å nyttiggjere seg det som er tilgjengeleg. I 2025 skal vi halde fram arbeidet med å auke kunnskapen vår om behov og moglegheiter for å ta i bruk støtte frå Udir. Dette vil mogleggjere større grad av tilpassing og differensiering av verkemidla våre. I dette ligg òg ei vidare utvikling av kommunikasjonen mot sektoren. Små og mellomstore aktørar kan ha avgrensa ressursar til å manøvrere i gjeldande råd og tilgjengelege støttetenester. For desse er det særleg viktig at staten kommuniserer tydeleg og konsekvent. Gjennom 2024 har Udir jobba med tydeleggjering av råd og tilrådingar til sektoren, noko vi opplever som ei god utvikling. Arbeidet er likevel langt frå ferdig, og dette vil bli prioritert også i 2025. 

Vi vurderer at regeletterlevinga i sektoren framleis er for låg. Samtidig vurderer vi at arbeidet med støtte til innføring av ny opplæringslov har vore vellykka og slik sett redusert risikoen for dårleg regelverksetterleving i skulen. Resultata frå den kommande NIFU-evalueringa av støtte til innføring av opplæringslova, kan bidra til hjelpe oss med å finne meir treffsikre tiltak. Evalueringa vil òg kunne gi oss grunnlag for å foreslå endringar i regelverket der det ikkje fungerer slik det er tenkt. Årsakene til låg regeletterleving er samansette, og det er viktig å jobbe godt over lang tid med å støtte kommunar, fylkeskommunar og private eigarar i dette arbeidet. 

Digitalisering i sektoren er eit komplekst område som vil by på mange ulike retningsval. Udir jobbar planmessig med digitaliseringsstrategien, og vår vurdering er at det er viktig å satse på ei berekraftig og balansert digitalisering i tråd med strategien. Arbeidet med digitaliseringsstrategien går etter planen, noko som er positivt med tanke på å redusere risiko.  

I sum er det planlagt ei rekkje tiltak for å redusere risiko, noko vi meiner kan ha god effekt på tenestene som barn, elevar og vaksne i opplæring får. Likevel er det viktig å understreke at ikkje all risiko kan reduserast på denne måten. Særleg kapasitetsproblem i barnehagar og skular ligg utanfor Udir sin kontroll. 

Når det gjeld internkontroll, er IT-styring framleis ein prioritert risiko. I 2024 har vi sentralisert oppfølging av systemeigarar og dessutan etablert tverrfaglege team for systemutvikling, IT-tryggleik, innkjøp, pålogging og tilgang, design, test og plattform. Vi opplever at det har gitt utvikling mot ei meir heilskapleg styring av dette området. Dette arbeidet vil halde fram også i tida som kjem. Eit tilgrensande område er informasjonsforvaltning. Her er det i 2024 publisert ytterlegare informasjon om tilgjengelege datasett. Vi jobbar strukturert med deling av data og med sikring av personvern og informasjonstryggleik. Samtidig ser vi at det er behov for endå tydelegare prioriteringar for å kunne innrette tiltak og ressursbruk på ein formålstenleg måte. 

Styring av statsforvaltarane

Statsforvaltaren har ei nøkkelrolle i utbreiinga av verkemiddel innanfor barnehage og opplæring og løyser mange viktige oppgåver. I 2024 har særleg to område hatt stor merksemd i styringa frå Udir: handhevingsordninga og eksamen. Innanfor handhevingsordninga har Udir brukt mykje ressursar på å støtte statsforvaltarane i å handtere saksmengd og etterslep frå tidlegare år, og det har bidrege til ei positiv utvikling på saksbehandlingstida. Når det gjeld eksamensgjennomføringa er risikoen teken vesentleg ned i forhold til 2023, og arbeidet til statsforvaltarane har vore avgjerande for å få til dette, mellom anna gjennom tilsyn med fylkeskommunane. Vi ser at statsforvaltarane jamt over jobbar godt med oppgåvene sine innanfor barnehage og grunnopplæring, og dette har vore prioritert også frå Udir si side. 

Ei anna viktig oppgåve for statsforvaltarane er å forvalte tilskot innanfor kompetanseutvikling og dessutan å vere sekretariat for Samarbeidsforum i ordningane. Statsforvaltarar jobbar strukturert med dette, men dei melder om at det er ressurskrevjande å få Samarbeidsforum til å fungere slik det er tenkt. Tilbakemeldingar viser òg at statsforvaltarane løyser forvaltarrolla ulikt, og det er noko variasjon i praksis for tildelingar. Dette kan tyde på at det er behov for ei tydeleggjering av rollene her. Dette blir det jobba med innanfor rammene av det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling. 

Statsforvaltarembeta har ein knappleik på ressursar i forhold til mengda styringskrav og lovpålagde oppgåver. Stor gjennomstrøyming er òg ei utfordring jamt over. I tida som kjem, er det viktig med tydeleggjering av prioriteringane i styringa frå Udir, for å sikre at ressursane hos statsforvaltarane blir sette inn der behov og risiko er størst i kvart enkelt embete. Statsforvaltarane vil få nye mål frå og med 2026, og i samband med dette vil vi gjennomføre ein gjennomgang av porteføljane til statsforvaltarane, forbetre tildelingsbreva og jobbe mot ei meir individuell oppfølging av embeta. Vi vil òg gjennomføre ein gjennomgang av finansieringsmodellen deira for å sjå på moglegheiter for forenkling og få størst mogleg samsvar mellom ressursar og oppgåver. I tillegg ønskjer vi å jobbe for betre samanheng i styringa av statsforvaltarane med andre sektorar på oppvekstfeltet, slik at vi kan oppnå målet om gode lag rundt barn og elevar. 

Vi forventar at utviklinga av styringa vil gi positive effektar for arbeidet til statsforvaltarane. Dei blir stadig viktigare for Udir, ettersom vi treng å forstå behova til kommunane og fylkeskommunane endå betre, slik at vi kan tilpasse eigne verkemiddel. Derfor jobbar vi strukturert med å leggje til rette for ein tett og god dialog med statsforvaltarembeta. På enkelte område vil det på sikt òg vere behov for å sjå på oppgåvefordeling mellom Udir og statsforvaltarane. Dette gjeld mellom anna opplæringa i kriminalomsorga, som er konkret omtalt i del 3. Det kan òg gjelde enkelte forvaltnings- og rettleiingsoppgåver på regelverksområdet.  

Styring av dei samiske vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark

Avgjerda om å styrkje oppfølginga av dei statlege samiske verksemdene ved å opprette ei eiga samisk avdeling i Tromsø vil bidra til at direktoratet får betre kapasitet til kontinuerleg oppfølging av dei samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino og Sørsamisk kunnskapspark. Gjennom dette grepet ønskjer vi å følgje opp skulane tettare, slik ein fylkeskommune gjer overfor dei vidaregåande skulane sine. Dette gjeld eit breitt spekter av eigaroppgåver: læreplanar, pedagogisk arbeid, arbeidsmiljø, økonomi- og budsjettoppfølging med meir. Ved å plassere avdelinga i Tromsø vil direktoratet vere tettare på dei samiske fagmiljøa, og avdelinga kan støtte opp under det andre arbeidet til direktoratet med samisk språk og kultur.    

Hausten 2024 blei det fastsett eit tydeleg mandat for Sørsamisk kunnskapspark, etter konsultasjonar med Sametinget. Mandatet er tydeleg på at verksemda skal prioritere sørsamisk språkopplæring, men opnar for at verksemda ved kapasitet òg kan tilby språkopplæring i nord- og lulesamisk. At Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sametinget er samlande om eit mandat, vil forhindre uvisse rundt kva som skal vere tilbodet for verksemda, og sørgje for meir stabil drift. 

Fellesføringar og krav til årsrapporten

Systematisk og heilskapleg arbeid for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk

Bidraga våre til redusert klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk er i hovudsak knytte til reiseaktivitet, innkjøp og forvaltning av bygg. Vi etterlever reiseavtalen til staten for reiser innanlands og utanlands, der det blir stilt krav om at ein ut frå klimaomsyn alltid skal vurdere om ei reise er nødvendig, før ho blir gjennomført. I tillegg har vi òg interne retningslinjer som skal bidra til at miljøomsyn blir vektlagt ved gjennomføring av reiser, til dømes ved val av transportmiddel. Samanlikna med før pandemien har vi i 2023 redusert reiseverksemd.

I 2024 inngjekk vi ny leigekontrakt og rehabiliterte lokala i Oslo. Det førte med seg ein reduksjon i arealbruk med 40 prosent, noko som vil føre til vesentleg lågare energiforbruk. 2025 vil vere første år med full effekt av dette. Under ombygginga blei skadde materiale gjenbrukte i akustiske element, og heile 80 prosent av inventar og møblar i dei nye lokala er gjenbrukt. Vi vurderer kontinuerleg om det kan gjerast energisparande tiltak for kontorlokala. Ved gjennomføringa av alle innkjøpa våre vurderer vi konkret om det er relevant og rimeleg å stille miljøkrav. 

Konsulentbruk

Konsulentdelen av dei samla driftsutgiftene til Utdanningsdirektoratet på alle kapittel og postar i 2024 var på 14,1 prosent. Dette er ein nedgang på 1,2 prosentpoeng samanlikna med året før. Dei to siste åra er nedgangen på 4,2 prosentpoeng. 96,7 prosent av konsulentbruken, som for 2024 utgjorde 210 mill. kroner, som var ein nedgang på om lag 30 mill. kroner frå 2022, er relatert til direktoratet sine tildelingar på barnehage- og skulefaglege postar. Desse omfattar mange ulike satsingar og tiltak, og med varierande tidslengd og budsjettmessig storleik. På grunn av storleiken til og organiseringa av direktoratet vil det derfor vere lite formålstenleg for direktoratet å ha eigen kompetanse innanfor mykje av denne porteføljen. I hovudsak gjeld dette konsulenttenester innanfor forsking, evaluering og kartlegging, med 42 prosent, og til utvikling av programvare og IKT-løysingar, med 52 prosent. 

Utdanningsdirektoratet har ein forvaltningsmodell innanfor IKT-området der rolla tenesteansvarleg, systemforvaltar og driftskoordinator blir bemanna av eigne tilsette, medan andre roller og IT-kompetansar blir bemanna gjennom kjøp av konsulenttenester. Det blir gjennomført avrop på rammeavtale for IT-kompetansar ved behov for innleige av konsulentar, der det blir lagt vesentleg vekt på at leverandørane byggjer kunnskap om direktoratet og forvaltningsoppdraget vårt. Den eksisterande forvaltningsmodellen blei etablert i 2020 etter ei vurdering av at direktoratet ikkje hadde lykkast godt med tidlegare forsøk på å tilsetje IT-kompetanse. I 2024 gjekk direktoratet i gang med drøftingar om eigne tilsette i staden for konsulentkjøp, og skal i 2025 arbeide vidare med moglegheiter og risiko ved tilsetjing av meir IT-kompetanse. På drift på kapittel 220 post 01 auka bruken av konsulenttenester frå 5,5 mill. kroner i 2023 til 7 mill. kroner i 2024, ein auke på 27 prosent som i hovudsak kjem av konsulenttenester til rekrutteringsbistand, innanfor utvikling av programvare og IKT-løysingar. Om lag 0,7 mill. kroner av dette blei brukt på konsulenttenester til kommunikasjonsrådgiving, design osv. Konsulentdelen av lønnsutgifter utgjorde 58,3 prosent i 2024, ein nedgang frå 2023 då delen var 64,5 prosent. 

Offentlege innkjøp

Vi har i 2024 lyst ut og tildelt 19 ordinære konkurransar. Det er 25 færre enn i 2023. Statens innkjøpssenter tek seg av fleire fellesavtalar for staten, og vi bruker desse avtalane aktivt. Vi har fleire eigne rammeavtalar på område som ikkje blir dekte av innkjøpssenteret i staten, og har køyrt 75 minikonkurransar i 2024. I 2023 var talet 74. Vi har interne retningslinjer for offentlege innkjøp som blir følgde opp i direktoratet.

Likestilling og mangfald

Rapportering etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 a er å finne i vedlegg 2 om aktivitets- og utgreiingsplikta.

Tryggleik og beredskap

Utdanningsdirektoratet har kartlagt verdiane sine i samanheng med prosjektarbeid i 2022. I 2024 har vi jobba vidare med bevisstgjering av verdiar og risiko i verksemda. Avhengnader er beskrivne i beredskapsplanar og i systemoversikta. Våren 2025 er det planlagt ei øving for leiinga, som mellom anna vil ha forståing for verdiar og avhengnader med omsyn til nasjonal tryggleik i fokus.

Utdanningsdirektoratet jobbar systematisk med ROS-vurderingar for at leiinga så langt som mogleg har kunnskap om kva typar hendingar som kan ramme verksemda. Vi reviderer årleg den heilskaplege ROS-analysen vår for IT, personvern og samfunnstryggleik. Dei områda som er identifiserte med høgast risiko for verksemda vår, er uønskt tilgang til informasjon (personopplysningane til barn og unge), nedetid som følgje av angrep og manglande tilgjenge til tenester og informasjon.

Vi gjennomførte ei krise- og beredskapsøving for utvida leiargruppe i 2024, der fleire scenario blei diskuterte. Dei viktigaste læringspunkta var behov for jamleg gjennomgang av tiltaksskorta, varslingsrutinar og oppdaterte beredskapsplanar. Planlegging av ei større beredskapsøving starta hausten 2024 i samarbeid med KD og dei underliggjande verksemdene. Det er vedteke at øvinga skal gjennomførast i april 2025. 

Udir har gjennom mange år kontinuerleg forbetra styringssystemet sitt for tryggleik. I desember 2023 fekk Udir etablert NBN-nett etter å ha delteke i prosjektet «Sikkerhetsrigg», som var organisert av Kunnskapsdepartementet. I samband med etableringa av NBN-nett oppdaterte vi òg tryggingsdokumentasjonen vår i samanheng med kunnskap om risikobiletet vårt. Vi følgjer retningslinjene for tryggingsstyring frå NSM og ISO-standard 27001 for informasjonstryggleik. Hovudaktivitetar er lagde inn i årshjul og tryggingsarbeidet blir jamleg rapporterte til leiinga i samarbeid med team for verksemdsstyring. Vi planlegg å revidere styringssystemet i 2025.

Helse, miljø og sikkerheit

I Utdanningsdirektoratet blir det jobba systematisk med helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid for å sikre eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette. HMS-handboka legg til rette for at dette arbeidet blir handtert i samsvar med krav til lover og forskrifter, og er tilgjengeleg for alle tilsette.  

Måla våre for HMS-arbeidet i 2024 har vore

  • gode og inkluderande arbeidsfellesskapar
  • trygge og funksjonelle arbeidsplassar
  • god tryggingskultur og beredskap

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har kvartalsvis møte og gjennomfører kontinuerleg risikovurdering av HMS etter behov. 

Som ein del av det systematiske HMS-arbeidet og kartlegging av risikoforhold i direktoratet gjennomførte vi ei overordna risikovurdering for verksemda i samarbeid med vernetenesta, i tillegg til vernerundar ved alle lokasjonane i 2024. Risikovurderinga og evaluering av tiltak blir følgt opp etter kvart. 

Vi utarbeidde ein strategi med handlingsplan for arbeidet med mangfald og inkludering i direktoratet for perioden 2024–2025, som også knyter seg til arbeidet med aktivitets- og forklaringsplikta. Vi gjennomførte ein del tiltak i 2024 og vil halde fram oppfølginga i 2025.

I 2024 reviderte ei partssamansett arbeidsgruppe dei etiske retningslinjene våre og varslingsrutinar. I etterkant av revisjonen blei det utarbeidd eit digitalt kurs om etikk, moral og etiske dilemma. Kursa inneheld oppgåver som kan gjerast i grupper eller individuelt, og er obligatorisk for alle nytilsette i direktoratet. Kursa blei lanserte i samband med dei årlege HMS-vekene våre, der fleire avdelingar/divisjonar gjennomførte dette samla i felles møte.

Dei årlege HMS-vekene blei gjennomførte hausten 2024, med temaet etikk og inkludering. I tillegg til gjennomføring av kursa «Etikk, moral og etiske dilemmaer», som var nemnt ovanfor, blei det gjennomført faglege og sosiale aktivitetar på alle lokasjonane, med høve til å delta på fleire av aktivitetane digitalt. Det blei òg gjennomført førstehjelpskurs som bidreg til å auke førstehjelpskompetansen vår og vår evne til å handtere eventuelle hendingar.

Lærlingar

Direktoratet er knytt til opplæringskontoret OK stat og har som mål å ha åtte lærlingar i ulike lærefag. Dette er godt over målet i tildelingsbrevet, og eit relativt høgt nivå i statleg samanheng. Vi vurderer at dette er den øvre grensa for kva som er formålstenleg med tanke på å kunne yte god og relevant opplæring og oppfølging.

I 2024 har målet blitt nådd, då direktoratet hadde åtte lærlingar. Det blei rekruttert tre nye lærlingar i to ulike lærefag. Alle lærlingane fekk opplæring på lokasjonen vår i Oslo i 2024. Det blir gjort ei årleg vurdering for rekruttering på andre lokasjonar.

Direktoratet har godkjenning i fire ulike lærefag og gir no opplæring i følgjande:

  • service- og administrasjonsfaget 
  • IT-driftsfaget
  • IT-utviklarfaget
  • mediedesignfaget