Mediesamfunnet (MOK01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter mediesamfunnet 3

  • planleggje, produsere, publisere og drøfte innhald i medieprodukt i ulike sjangrar og for ulike målgrupper
  • vurdere og bruke modellar for analyse av avsendarar, mottakarar og målgrupper
  • analysere eigne og andres medietekstar og produksjonar, og diskutere funksjonen dei har i samfunnet
  • vurdere kjeldebruk, retorikk og argumentasjon i eigne og andres medietekstar, og produsere argumenterande og informerande tekstar i ulike sjangrar
  • drøfte problemstillingar knytte til etiske normer og gjeldande lover og reglar, og nytte dei same prinsippa i eigne produksjonar
  • gi døme på skiljet mellom private og redaksjonelle medieaktørar og drøfte skilnader mellom journalistikk, marknadskommunikasjon, informasjon og underhaldning
  • drøfte hensikta med bruk av stordata og algoritmar i medieproduksjonar, marknadsføring og publisering
  • drøfte mediepåverknad og makta til media, og diskutere korleis medium kan skape, forsterke eller svekkje informasjonskløfter, digitale skilje og mediemangfald
  • drøfte mediepolitikk, eigarskap og mediemangfald i samfunnet ved hjelp av offentlegheitomgrepet
  • vurdere døme på korleis samiske, norske og internasjonale medium framstiller klimaspørsmål, forbrukarsamfunn og berekraftig utvikling

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering