Mediesamfunnet (MOK01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i mediesamfunnet inneber å gjere greie for mediefaglege tema og problemstillingar i presentasjonar og munnlege sjangrar. Det inneber òg å kunne delta i diskusjonar og samtalar, kommunisere idear og argumentere for eigne meiningar ved hjelp av fagterminologi.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i mediesamfunnet inneber å gjere skriftleg greie for mediefaglege tema og problemstillingar og forklare prosessen bak ein medieproduksjon ved å bruke relevant fagterminologi. Vidare inneber det å kunne uttrykkje seg skriftleg i ulike informerande, argumenterande, underhaldande og journalistiske sjangrar.
Å kunne lese
Å kunne lese i mediesamfunnet inneber å setje seg inn i nyheitsbilete av ulik kompleksitet og forstå meiningsutveksling i den offentlege debatten. Det inneber òg å kunne vurdere samansette tekstar kritisk, og å drøfte kva funksjon og betydning dei har i relasjon til andre tekstar og samfunnet.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i mediesamfunnet inneber å kunne tolke, vurdere og omarbeide talmateriale og vurdere visuelle framstillingar av statistikk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i mediesamfunnet inneber å utvikle digital dømmekraft gjennom gode strategiar for nettsøk og annan nettbruk. Det inneber òg å utforske, produsere og publisere medieprodukt ved hjelp av digitale verktøy.