Privatskolelova
§ 3-7 Rett til skyss, reisefølgje og tilsyn
Elevar i private grunnskolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 4-1 og rett til reisefølgje og tilsyn etter reglane i opplæringslova § 4-2. Opplæringslova § 4-3 første, andre og tredje ledd gjeld for elevar i private grunnskolar. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur.
Elevar i private vidaregåande skolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 9-1 om skyss for elevar i vidaregåande skole og § 9-2 om reisefølgje og tilsyn for elevar i vidaregåande skole. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 28-7. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.
Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028), 20 juni 2025 nr. 98 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1091).